Læring under søvn bevist for første gong

Sovande personar lærte informasjon som dei kunne gjenta då dei vakna. – Dette er første gong vi får bevist at vi kan lære nye ting mens vi søv, seier norsk søvnekspert.

Sove.

Sjølv i sovande tilstand er hjernen vår i stand til å lære ny kunnskap, viser ny forsking.

Foto: Patrice LAPOIRIE / PHOTOPQR/NICE MATIN

Kven har vel ikkje drøymt om å kunne laste inn ny kunnskap i hjernen mens ein søv.

Nettopp dette ser det ut som om israelske søvnforskarar har fått til i ein studie som er publisert i tidsskriftet Nature Neuroscience.

Forskaren Anat Arzi og kollegaene hennar ved Weizmann Institute of Science i Israel lærte forsøkspersonar å assosiere ulike lukter med lydar mens dei var i djup søvn. Testar viste at personane kunne gjenta lærdommen også etter at dei var vakna.

– Denne forskinga viser at sjølv om vi er tilsynelande medvitslause når vi søv, kan hjernen ikkje berre registrere og reagere på enkelte hendingar, men også lære eit bestemt reaksjonsmønster. Det er ikkje vist før, seier Michaela D. Gjerstad som er seniorforskar ved Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsykdommer, SOVno til NRK.no.

Avslørt på sniffinga

I eksperimentet nytta dei israelske forskarane klassisk betinging, som er kjent gjennom Pavlovs berømte forsøk med hundar som lærte å assosiere lyden av ei klokke med mat.

Forskarane utsette 55 sovande personar for både velduftande aromaer og meir stinkande lukter, alt frå sjampoar og deodorantar til rotnande fisk og kjøt.

Saman med kvar lukt spelte forskarane ein bestemt lyd.

Dei frivillige var intetanande om kva dei hadde opplevd i løpet av natta, men då forskarane testa dei etter at dei var vakna, viste det seg at dei hadde lært at nokre lydar stinka, mens andre dufta godt.

Dette vart avslørt ved at forskarane spelte lydane frå nattas forsøk for personane, utan at dei samtidig fekk kjenne luktene.

Forsøkspersonane sniffa kraftig når dei høyrde lydar som var assosiert med velduft, mens dei snusa svakt når søvnforskarane spelte lydar som var kopla til stank.

Læringseffekten var der for alle personane uansett kva for søvnfase dei var i då dei lærte den nye informasjonen.

Forskarane såg likevel ein litt større snifferespons hos dei som hadde vore i den aktive draumefasen kjenneteikna av hurtige augerørsler (REM) då dei lærte å kople lyder med lukter.

– Det er kjent frå før at søvn kan konsolidere eller feste det vi har lært tidlegare på dagen i vaken tilstand, og ei god natts søvn fremjar også meir effektiv læring same dag. Men det er nytt at vi kan lære noko nytt mens vi søv, altså i ein tilstand utan at vi er medvitne, seier Gjerstad.

Baby sover

Søvn er ein svært stor del av livet vårt, men enno er det eit mysterium kvifor vi må sove så mykje.

Foto: ScanStockPhoto

Kan leie til søvnterapi

Søvnforskarane ser fleire nytteområde for funna i studien, til dømes å avlære fobiar hos personar mens dei søv.

– Vi prøvar no å hjelpe pasientar til å endre atferdsmønster gjennom søvnlæring, seier Arzi til Nature.

Arzi trur også at vi kan lære meir enn å assosiere lydar med lukter mens vi søv:

– Dette betyr ikkje at du kan putte leksene under hovudputa og kunne stoffet om morgonen. Det vil vere ei klar grense for kva du kan lære i sovande tilstand, men eg trur grensene ligg ut over det vi har demonstrert her, seier Anat Arzi.

Michaela Gjerstad har heller ikkje tru på at pensum kan lærast i søvne.

– Det tvilar eg på. Når vi søv er vi ikkje medvitne, og for å lære komplekse setningar eller handlingar treng vi merksemd som vi berre kan få i vaken tilstand. Men ein kan kanskje lære inn enkelte ønska reaksjonsmønster, trur Gjerstad.

– Gir oss betre forståing for søvn

Gjerstad fortel at det enno er svært mange spørsmål som gjenstår å svare på både når det gjeld søvn, og korleis hjernen lærer.

For eksempel veit vi framleis lite om kvifor vi søv og kvifor vi søv så mykje i løpet av livet vårt.

– Liknande forsking som i dette prosjektet medverkar til ei betre forståing av både søvn og hjernens funksjon med omsyn på læring, seier Gjerstad.