Bjarne Rene demonstrerer

FORUT FOR SI TID? – Det blir meir hopping og spretting når ein utviklar eit VR-spel, seier Bjarne Rene. Her er han djupt inni den norrøne mytologien.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Skyt norrøn magi inn i VR-framtida

VR er på full fart inn i spelverda. Likevel fekk berre tre norske selskap offentleg støtte til slike spel i 2016. Eit lite firma på Voss satser alt på den virtuelle draumen.

VOSS (NRK): – Veit du kor langt det er mellom pupillane dine? spør Bjarne Rene.

Slike spørsmål må ein snart belage seg på å svare på, i alle fall om spådommane om ei skinande framtid for Virtuell Røynd (VR) skulle slå til.

Rene held eit par VR-briller framføre seg. Han er dagleg leiar i Emberlight AS og står i lokalet firmaet leiger på Voss. Der har dei jobba med det kommande vikingspelet «Eye of Odin» sidan september i fjor. Spelaren tek rolla som Odin, og skal unngå å bli drepen av Fenrisulven, slik Odin ifølgje norrøn mytologi skal ha blitt drepen.

VR er spådd å bli det store i spelindustrien i år framover, men i Norge er det ikkje mange satsar på denne typen spel ennå. «Eye of Odin» er eitt av tre VR-spel som fekk støtte av Norsk filminstitutt (NFI) i fjor.

Meir naturleg oppleving

Gjennom VR-teknologien kan spelarane få opplevinga av å fysisk vere i ei anna verd. Når spelaren flyttar seg eller rører på ein arm, gjer karakteren også det.

– Det gjer grensesnittet mellom spelaren og verda mykje enklare og meir naturleg enn det er i tradisjonelle spel, seier Rene.

Han syner fram to konsollar. Med ein i kvar hand og VR-brillene godt plasserte framføre auga kan «Eye of Odin»-spelarane bevege seg rundt i den norrøne verda. Hel har sendt vikingar og demonar for å sette Fenrisulven fri, og Rene må stoppe dei ved hjelp av magi frå dei norrøne gudane.

Slik ser det ut når dagleg leiar i spelselskapet Emberlight AS testar den foreløpige versjonen av «Eye of Odin», laga i virtuell røynd (VR). Han er guden Odin og skal hindre at vikingane slepp Fenrisulven (som står i bakgrunnen) fri. Video av Emberlight.

TESTSPELING: Slik ser det ut når dagleg leiar i spelselskapet Emberlight AS testar den foreløpige versjonen av «Eye of Odin», laga i virtuell røynd (VR). Han er guden Odin og skal hindre at vikingane slepp Fenrisulven (som står i bakgrunnen) fri. Video av Emberlight.

Tilgjengeleg teknologi

VR har blitt meir tilgjengeleg for vanlege folk i 2016. Både nasjonalt og internasjonalt har dette blitt snakka om som framtida. På slutten av fjoråret skreiv NRK Beta ei sak om VR si framtid i journalistikken. VR sin mindre slektning Augmented Reality (AR) blei godt kjend då Pokémon Go slo an same år, og blei omtala som berre byrjinga på ein stor speltrend .

Men så langt er det altså langt melIom dei norske VR-satsingane. I fjor fekk 24 spel støtte av Norsk filminstitutt (NFI). Berre tre av desse var VR-spel: «Eye of Odin», «Fugl» (som også fekk støtte i 2015) og« Birkebeinerne.»

Kaja Hench Dyrlie

IKKJE DRAMATISK: – Teknologien har blitt tilgjengeleg for vanlege folk, seier Kaja Hench Dyrlie i NFI.

Foto: Norsk Filminstitutt

Kaja Hench Dyrlie, produksjonsrådgjevar for dataspel i NFI har sett ei auke i søknadar om støtte til VR-prosjekt. Men ikkje ei stor auke.

– Det har vore ganske jamt dei siste åra, men for rundt fem år sidan var det ingenting.

Det har ikkje tatt av på utviklarsida, sjølv om teknologien no har blitt tilgjengeleg for folk flest.

– No står det att å sjå kor mange som bruker pengar på det. Folk er litt avventande foreløpig, seier Dyrlie.

Demoner

SKISSER: Slik kan demonane i spelet «Eye of Odin» komme til å sjå ut då første versjon av spelet kjem på marknaden i vår. Bilete av teikning av Stian Dahlsett.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Inspirert av Facebook

Rene har utvikla dataspel sidan midten av 90-talet. Då Facebook satsa stort og kjøpte VR-brillene Oculus for to milliardar dollar i 2014, fekk Rene med seg kameraten Bjørn Slettemark som kreativ leiar og starta Emberlight.

Dei to dreiv datalinja på Voss Folkehøgskule saman i eitt år. Derifrå hanka dei også inn eleven Ravn Ivarson, som blei programmerar i firmaet.

På fyrste spelforsøk fekk dei ikkje støtte frå NFI. Dei blei tvungne til å tenke heilt nytt, med meir omtanke for den nye plattforma.

– VR er eit nytt paradigme. Spelet må vere hundre prosent tilpassa den plattforma det køyrer på, slår Rene fast.

Dei forkasta heile spelideen og starta på nytt. Resultatet blei «Eye of Odin».

VR, ein del av kvardagen

Ekaterina Prasolova-Førland

FRAMTIDSRETTA: Ekaterina Prasolova-Førland trur VR er framtida.

Foto: Kai T. Dragland

Ekaterina Prasolova-Førland, førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk og livslang læring ved NTNU, har doktorgrad i virtuelle læringsarenaar og har jobba med denne teknologien i nærare 15 år. Ho trur denne teknologien er framtida.

– Eg trur VR kjem til å vere ein del av alle sitt daglegliv. Til dømes ved å sjå VR-TV, spele VR-spel, poste 3D/VR-kompatible videoar av ferieturen online og delta på virtuelle møte og klasseturar.

Prasolova-Førland har vore med på mange VR-prosjekt, mellom anna på eit treningsopplegg for Forsvaret i ein virtuell afghansk landsby, VR i oppdrettsbransjen, i idrett, i virtuell turisme, beredskapstrening, utdanning og medisinsk behandling.

– Kan du sjå ulemper med denne teknologien?

– Viss det visuelle biletet ikkje endrar seg fort nok vil hjernen reagere med svimmelheit og kvalme. Til dømes når ein snur hovudet eller spring i den virtuelle verkelegheita, men i verkelegheita sit stille.

Prasolova-Førland meiner VR opnar for uante moglegheiter, til dømes for å trene på farlege situasjonar på ein trygg måte, eller gjere turisme mogleg for dei med avgrensa budsjett og funksjonshemmingar.

– Eg ser på det som ein teknologi som kan løyse mange utfordringar, både individuelle og samfunnsmessige, seier forskaren.

Dataspel får meir støtte

Ei utfordring Rene og Slettemark hadde då dei skulle starte opp var den økonomiske. Støtta NFI deler ut er viktig for mange, og kjem frå Kulturdepartementet.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) får omvisning i det som spås å bli fremtidens TV-format i TV Norges studio i Oslo mandag.

NØGD: Kulturministeren synst det er positivt at bransjen satsar på nye teknologiar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Kulturminister Linda Hofstad Helleland seier ar det skal satsast meir på kreative næringar i 2017.

– Det er spennande at ny teknologi blir utforska, og vi ser at filmbransjen og spelbransjen nærmar seg kvarandre i uttrykk og kan lære av kvarandre. Mellom anna innan VR, seier kulturministeren.

NFI har ansvar for å fordele pengane, og har gjeve dataspel ein litt større del av kaka dei siste åra: Frå rundt tre prosent i 2011 til rundt fem prosent i 2016. Kinofilm er kategorien som får mest, med rundt 70 prosent av totalpotten, litt varierande frå år til år.

Sveinung Golimo

MEIR TIL SPEL: – Tilskotsordninga til dataspel har hatt ei forholdsmessig positiv vekst etter at det blei innført. Dei siste fire åra har tilskotsnivået til dataspel stått stille, sjølv om det enkelte år har vore kutt i den totale ramma til filmfondet, seier Sveinung Golimo, NFI.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Ifølgje Sveinung Golimo, avdelingsdirektør for utvikling og produksjon i NFI, føl fordelinga filmpolitikken fastsett av Kulturdepartementet og dialog med bransjen.

– Dataspel var i mange år unntatt for dei EU-reglar for offentlege tilskot til kultur, som me jobbar under. Etter kvart har dette opna seg noko, men det er ikkje helt likestilt med filmproduksjon, seier Golimo.

NFI har i dag berre høve til å gje tilskot til utvikling og lansering av dataspel og ikkje til produksjon. Rene reknar med at den neste fasen i spelutviklinga kan bli tøffare.

Perfekt for små selskap

Tilbake i Emberlight sine lokale. Ifølgje den norrøne mytologien ofra Odin eitt auge for å drikke av kunnskapsbrønnen. Bjarne Rene ofrar begge sine, dekkjer dei med VR-brillene. Han trer inn i den virtuelle verda, ein konsoll i kvar hand. Rene, eller Odin, veivar med armane og kastar norrøn magi etter vikingar. Frå fjellknausen over Rene har Fenrisulven fullt overblikk.

Då NRK fekk prøve spelet kjende vi raskt at dette var noko anna enn eit vanleg dataspel. Pulsen auka og Fenrisulven kjendest overraskande truande der han stod. Ei kjensle av uro kom snikande, ei kjensle som ikkje hadde vore like sterk i eit tradisjonelt dataspel.

Bjarne Rene, prototype

ARBEID: I Prenteverket på Voss arbeidar fire tilsette i spelselskapet Emberlight. Her er planen å vidareutvikle spelet ut året.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

– Er du redd for at du er for tidleg ute med VR?

Han ristar på hovudet.

– Nei. Eg trur me har tima det akkurat rett, seier han sikkert.

Han vil bruke den avgrensa marknaden til sin fordel, no når dei store selskapa framleis sit på gjerdet og dei små har moglegheit til å stikke seg fram.

– I meir modne marknadar er det dei som har mykje pengar som dominerer. Dei store selskapa har så store budsjett at dei ikkje greier å tene det inn att før fleire folk har kjøpt VR-utstyr, seier Rene.

– Når tida kjem er me knallgode

Han vil bruke dei neste åra på å etablere seg ordentleg.

– Heile bransjen har berre begynt å skrape i overflata. Marknaden er ny og alle lærer kollektivt om kva som verkar og ikkje verkar for VR. Me er overtydde om at me er i framkant av utviklinga

– Me er veldig billige i drift.

Emberlight betalar fire interne folk og nokre frilansarar, med eit totalbudsjett på rundt 2,3 millionar. Rene har tru på at denne teknologien ganske raskt kjem til å komme til vanlege mobiltelefonar. Då vil VR nå ut til massane.

– Teknologi gjer som teknologi gjer og blir tilgjengeleg. Når den tida kjem er me knallgode på dette.

Den første versjonen av «Eye of Odin» skal etter planen kome ut i april eller mai, på såkalla «early access», ein smakebit for dei første som får sjå spelet. Men Emberlight skal fortsette å utvikle spelet vidare ut året.

Med 67,5 millimeter avstand mellom pupillane, reddar Rene Odin frå Fenrisulven og verda frå ragnarok. Han tek av seg VR-brillene og er med eitt tilbake i Prenteverket, på Voss, i den analoge verkelegheita. Det er her den eigentlege kampen begynner.

Utkast til karakterer

STERK MOTSTAND: «Eye of Odin» tek utgangspunkt i norrøn mytologi. Her er forslag til vikingar, teikna av Stian Dahlsett.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK