Elise Thorsnes triksar ball på hovudet

LEIKANDE LETT: Elise Thorsnes leikar med ballen på grasbana på Avaldsnes. Ho har tru på ein god sesong med seriefavoritten.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Ingen over – ingen ved sida

AVALDSNES (NRK): Elise Thorsnes (28) har takka nei til ein bråte med tilbod frå internasjonale toppklubbar. No er ho tidenes målscorar i Toppserien.

– Det er spelt mange år med damefotball i Norge, så det er artig å vere den som har rekorden, seier Elise Thorsnes.

Ho har fått ein pangstart på sin tolvte sesong i Toppserien, og sette inn to mål for Avaldsnes i kampen mot Kolbotn. Med det vart ho historisk i norsk damefotball: Ho har no 151 mål i Toppserien – ingen har like mange eller fleire.

– Det var vel først då eg såg alle gratulasjonane at eg skjønte kor stort det er. For det er jo faktisk ganske stort, smiler Thorsnes medan ho viser veg inn i det vesle huset ho leiger nede ved sjøkanten.

Takka nei til Liverpool og Frankfurt

I det ominnreia naustet ved bryggekanten har ho budd i to år, og her utanfor Haugesund har ho tenkt å bli i minst eitt år til. Saman med Avaldsnes jaktar ho sitt fjerde seriegull, og det hadde heller ikkje vore feil å bli toppscorar i Toppserien med den fjerde klubben i karrieren.

For så langt har ingen utanlandske klubbar klart å lokke ho ut av Norge. Utan at det har skorta på tilboda. Toppklubbane har stått i kø.

– Eg hadde tilbod frå Liverpool før sesongen i år. Tidlegare har eg vore aktuell for klubbar som Frankfurt og Boston – pluss mange fleire. Men det har aldri passa heilt. Timinga har vore feil for meg, seier sogningen som har vore blant dei mest frykta spissane i Norge sidan ho slo gjennom med eit brak som 17-åring:

Elise Thorsnes i aksjon for Arna-Bjørnar som 18-åring i debutsesongen

DEBUTSESONGEN: Elise Thorsnes i aksjon for Arna-Bjørnar mot gamleklubben Kaupanger i cupen i 2006.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / Firda

I 2006 noterte Thorsnes seg med 19 mål i debutsesongen for Arna-Bjørnar i Toppserien. Det la lista høgt for åra som skulle komme.

– Ho hadde ein enormt sterk start og tok nivået veldig fort. Sidan har det gått litt opp og ned. Ho er ein av dei mest framståande spelarane vi har hatt i denne epoken, men ho har faktisk endå meir inne, seier fotballekspert Lise Klaveness.

Ser ikkje bort frå eventyr i Kina

Thorsnes har vore eit ettertrakta objekt på marknaden særleg sidan kanonsesongen i 2011, då ho scora 27 mål og vart toppscorar for seriemeister Røa. Ho kunne ha hamna i Kina, USA, Tyskland, Sverige eller Danmark. Ho reiste til Göteborg og kikka på forholda i toppklubben Kopparberg.

NRK sin fotballekspert Karl Petter Løken meinte at spissen var for god for Toppserien, og at ho måtte komme seg til ein klubb i utlandet for å utvikle seg vidare. Men Thorsnes treivst så godt i Røa og med studiet på Noregs idrettshøgskole, at ho valde å takke nei til klubbskifte.

– I ettertid ser eg at det kanskje ikkje eit veldig bra val. Det er noko eg angrar på. Eg hadde kanskje vore ein annan stad no, om eg hadde tort å satse, seier Thorsnes.

Ho legg til:

– Frankfurt var ein toppklubb, og dei var villige til å betale meg bra. Det same med Boston. Men magekjensla sa at eg ikkje hadde lyst.

Elise Thorsnes og Maren Mjelde, Avaldsnes

JUBEL: Maren Mjelde og Elise Thorsnes (t.v.) jublar etter siger for Avaldsnes i semifinalen mot Stabæk i NM 2015. Dei håpar på fleire slike scener denne sesongen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Etter eit opphald i Stabæk landa Thorsnes på eit godt tilbod frå Avaldsnes. Der får ho kombinere satsinga som spelar med å praktisere utdanninga som fysisk trenar. Ho kan leve av fotballen. Det var så forlokkande, at ho ikkje hoppa på lukrative tilbod frå to 2. divisjonsklubbar i Kina.

– Dei ville betale 40.000 kroner i månaden. Eg kan berre tenkje meg kva spelarane får i toppdivisjonen. Så eg vil ikkje sjå bort frå Kina i framtida. Det ville jo ha vore eit eventyr, seier Thorsnes.

Kan halde fram med å score mykje

Tankane går tilbake til tida då ho slo igjennom som 15-åring for Kaupanger i 2. divisjon. Allereie då var ho ei målmaskin utanom det vanlege. Den purunge Thorsnes banka inn 42 mål og skaut sogningane til opprykk. 12 år seinare har ho spelt for Arna-Bjørnar, Røa og Stabæk – og stort sett klart minst eit tosifra tal scoringar. Nyleg passerte ho ein milepæl med 100 landskampar for Norge, og ho er tidenes norske målscorar for damer.

Faktisk har berre fire menn scora meir. Opp til legendariske Odd Iversen er det «berre» sju mål. Og Thorsnes er framleis i sin beste alder ...

– Eg har fem gode år igjen om kroppen held seg slik som no. Det skal vere mogleg å score nokre mål på dei åra, seier 28-åringen som har lyst til å setje ein så uslåeleg scoringsrekord som mogleg.

Elise Thorsnes på bryggjekanten nedanfor huset

IDYLLISK: Elise Thorsnes trivast svært godt i Avaldsnes, der ho har eit godt sportsleg tilbod – og ikkje minst ein idyll ved fjorden like utanfor stovedøra.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Skal gjere god sesong – håpar på gode tilbod

Men – og det er eit stort men; Det er slett ikkje sikkert at Thorsnes blir å finne i norsk fotball så veldig mykje lenger. For først har ho tenkt å vinne serie og cup med Avaldsnes. Så vil sogningen gjerne ut av landet.

– Skal eg skifte klubb, så blir det ikkje i Norge. Planen er å gjere ein så god sesong at eg får tilbod frå klubbar i utlandet, seier ho medan ho set seg inn i ein sponsa Toyota.

Fotball. Toppserien 2017.

NY SESONG: Profilerte spelarar samla på kickoff for Toppserien. Elise Thorsnes (framme til høgre) og Avaldsnes er blant dei største favorittane til seriegullet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Turen går til Avaldsnes Idrettssenter, der rogalendingane spelar heimekampane sine framfor 300–400 tilskodarar. Her skal mange motstandarar skal få det tøft i møte med Elise Thorsnes og lagkameratane denne sesongen.

For sjølv om LSK Kvinner har vunne The Double tre år på rad, blir Avaldsnes av mange rekna som favoritt til seriegullet. Lise Klaveness håpar det blir året då Thorsnes slår til for fullt og får ut heile potensialet sitt.

– Mange meiner ho ikkje har fått ut det ho er god for – og det meiner eg er ein kompliment. Det seier noko om toppnivået hennar. Eg håpar verkeleg at ho kan halde seg skadefri og skumme fløyten dei siste åra av karrieren. Då kan ho bli ein verdsleiande spelar, seier fotballeksperten.

Vil angre bittert om ho ikkje reiser ut

På Avaldsnes Idrettssenter finn Thorsnes ein ball nokon har lagt att i eit mål og vippar han opp med foten. Triksar med føtene. Headar ballen i lufta på oppmoding frå fotografen. Ho er ute etter å markere seg i år. Og mykje tyder på at vi kan få høyre mykje frå Thorsnes i EM-sesongen.

– Eg fått ein god start i Toppserien, og mykje har skjedd allereie. Eg har fått mykje merksemd, og det gir god sjølvtillit. Dette blir eit bra år, gliser Thorsnes.

Ho vann serien og cupen både i Røa og Stabæk. No er ho ute etter å gjere det same i Avaldsnes. Og ho skal tilbake på nivået ho viste i 2011. Thorsnes er betre trent enn nokon gong. Ho er rutinert og veit kva som skal til.

– Det er ei stund sidan eg var på det nivået eg veit eg har inne. Eg vil tilbake dit. Og eg har meir eg har lyst til å oppnå med fotballen, mellom anna å spele i utlandet. Om eg ikkje gjer det, kjem eg til å angre resten av livet, seier Thorsnes.