Hopp til innhold

Klarar ikkje leve av fotballen

Ein av Norges aller beste kvinnelege fotballspelarar ber no ordføraren i heimkommunen om økonomisk hjelp.

Video Luselønn i kvinnefotball

- Eg håpar det ikkje kjem mange rekningar i posten, seier 22-åringen Elise Thorsnes frå Leikanger.

Klarar ikkje å leve av summen

Elise Thorsnes

STORTALENT: Elise Thorsnes vert rekna som ei av dei aller beste fotballspelarane Norge har på kvinnesida. Likevel klarar ho ikkje leve av idretten.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Ho sjekkar postkassa med uro. For pengar til å betale med er det lite av. Å vere kvinneleg idrettsutøver i sporten fotball er ikkje noko ein vert rik av.

Thorsnes er rekna som ein av dei aller største talenta i kvinnefotball. Ho spelar på landslaget og scora tre av dei fem måla Norge fekk mot Finland i førre landskamp.

Trass i suksessen på fotballbana får ikkje Thorsnes og dei andre kvinnene på elitenivå meir enn ei snittløn på vel 150 000 kroner i året. Det betyr at uansett kor gode dei måtte bli så vil dei aldri kunne leve av det.

Vil trene meir

- Eg kunne godt tenke meg å bli så god som mogleg og trene to gonger om dagen. For eg har mange år framfor meg enno, eg er jo berre 22 år, seier Thorsnes.

Men skal ho det er det vanskeleg å kombinere med ein annan jobb.

- Ein vert ikkje rik på å spele damefotball, og det er heller ikkje pengane som driv meg. Men det er likevel greit å ha nok pengar til mat og sånn.

Elendige løner

Røas Guro Knutsen Mienna

FÅR IKKJE NOK:Guro Knutsen Mienna, landslagsspelar og Røa-spelar, klarar heller ikkje å leve av å spele fotball.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Thorsnes er ikkje aleine om å få dårlege lønsutbetalingar. I tillegg til landslagsspel er Thorsnes fast på Røa. Dei spelar i toppserien, men fekk nettopp vite at klubben må kutte 75 prosent av lønningane ut året for å unngå å gå konkurs.

- Det vert tøft. Eg har jobb ved sidan av, men likevel, seier Siri Norberg, Røa og landslagsspelar.

- Det er kjempekjipt. Eg er student og får ikkje studielån i juni og juli, seier Guro Knutsen Mienna, også ho Røa og landslagsspelar.

Ber ordføraren om hjelp

Olav Lunden

BER OM HJELP: Ordførar i Leikanger, Olav Lunden, har no fått brev frå Thorsnes om økonomisk bistand til fotballkarrieren. Han har enno ikkje svart.

Foto: Leikanger kommune

For Thorsnes er situasjonen no slik at ho har valgt å be heimkommunen Leikanger om økonomisk stønad.

- Eg har skrive eit brev til ordføraren om dette. Eg veit at det er andre kommunar som støttar utøvarar i fylket, som Ann Kristin Aafedt Flatland, seier Thorsnes.

I Leikanger sit ordførar Olav Lunden med brevet frå Thorsnes. Han vart overraska då han såg det.

- For lite publikum

- Men det er nok slik det er i den verkelege verda, den brutale verda. Det er ulike vilkår toppidrettsutøvarane lever på.

Men fagfolk meiner dette er resultatet om ein satsar på ein idrett som har lite med publikum.

- Fotball er ein underhaldningsidrett. Dei lever av eit marked der folk er villege til å betale for å sjå fotballspelarane. Og det er fleire som vil betale for å sjå herrefotball, seier Øyvind Anti Nilsen, professor i samfunnsøkonomi ved Norges handelshøgskule.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Håpar på ja

No skal ordføraren i Leikanger sjå nærare på søknaden frå Thorsnes. Men han kan ikkje love noko.

Samstundes set 22-åringen på landslaget sin lit til at ordføraren vil bidra.

- Ordføraren i Leikanger er ein god mann. Eg får alltid tekstmeldingar av han når eg har spela landskampar og slikt. Eg håpar han vil bidra, seier Elise Thorsnes.