Hopp til innhold

Kommunen med landets mest forureinande industriområde seier ja til kjernekraft

Regjeringa vil ikkje ha det, men ein av landets største industrikommunar er no positiv til planane om eit «reint» kjernekraftverk.

Lyn Equinor Mongstad

KAN FÅ «REIN» NABO: 1,8 millionar tonn CO₂ blir årleg sleppt ut frå industriområdet på Mongstad, som dermed er Noregs største punktutslepp. Lokalpolitikarane er opne for utsleppsfri kjernekraft her.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Aksjeselskapet Norsk Kjernekraft – med mangemilliardæren Trond Mohn som største eigar – har overtydd lokalpolitikarane i Austrheim i Nordhordland.

– Kjernekraftverk er eit positivt tiltak inn mot eit grønt skifte, meiner lokalpolitikar Kristoffer Myklebusthaug (H).

Torsdag kveld vedtok kommunestyret å helsa lokal kjernekraft velkomen. Fleirtalet vil støtta og bidra til at Norsk Kjernekraft AS greier ut planar om å etablera eit lite kjernekraftverk i kommunen.

Sjølv om Stortinget i fjor vår stemde ned to forslag om å greia ut om det bør byggjast kjernekraftverk på norsk jord.

Motstand mot kjernekraft er særleg knytt til strålingsfare og etiske og praktiske utfordringar ved å produsera og lagra radioaktivt avfall «for framtidige generasjonar».

Eitt slikt kraftverk som Norsk Kjernekraft planlegg, er svært mykje mindre enn «gamle atomkraftverk». Det er på storleik med ein fotballstadion og vil kunna gi straum til 160.000 husstandar.

Til samanlikning kan dei omstridde vindturbinane på Fosen forsyna 170.000.

Les også 20 personer tiltalt for Fosen-aksjoner: – Vi var jo nødt til å gjøre det

Aksjon 500 dager mot fosen

«Rein» kjernekraft ved Noregs største CO₂-utslepp?

Heilt ytst i Nordhordland – ein times køyring nord for Bergen – ligg det svære industriområdet på Mongstad på grensa mellom kommunane Austrheim og Alver.

Her har Equinor oljeraffineriet sitt. Og her ligg Energiverk Mongstad – gasskraftverket som ifølge dåverande statsminister Jens Stoltenberg skulle bli Noreg si «månelanding» i klimakampen, men som aldri fekk CO₂-reinsing.

Mongstad er den staden i Noreg som har størst utslepp av CO₂ samla på éin plass.

Derfor har det ein viss symboleffekt viss det blir bygt utsleppsfrie kjernekraftverk vegg i vegg med landets mest forureinande industriområde.

Les også Ein av landets rikaste satsar på kjernekraft i Noreg: – Eg har jo råd til det. Det er kjempegøy

Trond Mohn

– For klimaet

I eitt års tid har Norsk Kjernekraft vore «på friarferd» til ei lang rekke norske kommunar.

Ifølge selskapet har rundt 40 kommunar ytra interesse for kjernekraft. Fire kommunar – Aure, Heim, Narvik og Vardø – har inngått avtale med Norsk Kjernekraft om å starta konsekvensutgreiingsprosessen.

No er turen komen til Austrheim, ein av landets største industrikommunar.

1. februar la selskapet fram planane sine på eit folkemøte på samfunnshuset. Og 15. februar sa kommunestyret sitt.

Steffen O. Sæle

Steffen O. Sæle i Norsk Kjernekraft AS har det siste året presentert selskapets planar for mange kommunar. Arkivfoto.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

På førehand hadde kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug tilrådd eit rungande ja.

– For klimaet på jorda kan kjernekraft vera ei redning på lang sikt, men miljøutfordringar med urangruve-drift og trygg lagring av atomavfall er mange stader ikkje skikkeleg løyst, meiner han.

– Men denne saka har fleire positive enn negative sider. Den skapar òg mange arbeidsplassar lokalt, seier han.

Han peikar på at alternativet er verre: «ei massiv utbygging av vindkraft i urørt og verdifull kyst- og fjellnatur i regionen vår og på Vestlandet.»

– For tidleg

Opposisjonspartia Senterpartiet og Samlingslista meiner det er for tidleg å gjera vedtaket.

Dei meiner ein har for lite informasjon om kva positive eller negative konsekvensar eit kjernekraft vil få.

Men fleirtalspartia Høgre, Arbeidarpartiet og INP vedtok kommunedirektørens forslag:

«Austrheim kommune har interesse av å vera vertskommune for kjernekraft med små modulære reaktorar og vil samarbeida med verksemda Norsk Kjernekraft AS i deira utgreiingsarbeid i kommunen vår.»

Mongstad prosessanlegg

Her på Mongstad ønsker Austrheim-politikarane å få greidd ut planar for kjernekraftverk.

Foto: Sindre Skrede / NRK

«Dette må planleggast og etablerast i eksisterande større regulerte næringsareal i Mongstad-området. Energien må gå til næringslivet og husstandar lokalt i regionen».

– Me har eit stort kraftbehov og må finna ut kva kjernekraft kan gi oss av moglegheiter for framtida, seier Per Lerøy (Ap).

Atomkraft-aksjonistar i Lindås i 1974

Kontrasten er stor til situasjonen for 50 år sidan. Faktisk var det i Nordhordland at den nasjonale diskusjonen om kjernekraft blei «parkert» på 1970-talet, skriv avisa Nordhordland i samband med dagens kommunestyremøte.

Eit folkeopprør i dåverande Lindås kommune stoppa alle planar om eit stort kjernekraftverk der. Det sette eigentleg også stoppar for diskusjonen på nasjonalt politisk nivå.

Folkeleg demonstrasjon i Lindås stoppa planane om atomkraftverk i Lindås i Nordhordland i 1974.

Folkelege demonstrasjonar og aksjonar i Lindås stoppa planane om atomkraftverk i Lindås i Nordhordland i 1974.

Foto: Arvid Hodneland

Uaktuelt for Stortinget

Austrheim-politikarane gjekk torsdag eit stort skritt lenger enn det som er aktuell nasjonal politikk. Å opna opp for kjernekraftverk på norsk jord er ikkje høgt på agendaen i regjeringa eller på Stortinget.

Norsk Kjernekraft AS lar seg derimot ikkje stoppa. Selskapet hevdar at «alle stortingspartia unntatt SV har vedtatt at dei anten ønsker å bygga kjernekraft eller å vurdera det nærare», trass i at Stortinget stemde forslaga ned.

Støttar seg til Mohn-selskapet

Akkurat som Norsk Kjernekraft AS, meiner Austrheim-ordførar Morten Sognnes​​​​​ (H) at det er feil å samanlikna dagens kjernekraftteknologi med den på 1970-talet.

– Eg har fått inntrykk av at det nå er effektivt og trygt og sannsynlegvis litt meir effektivt enn det som var før.

– Kven har du høyrt det frå?

– Eg har det berre frå orienteringa me har fått frå representanten frå Norsk Kjernekraft.

– Dette er den fremste kommersielle kjernekraftaktøren i Noreg. Er det litt snevert å bygga kommunens strategi berre på deira framstilling?

– Ja, det kan godt vera. Men eg vil ikkje trekka deira kunnskap i tvil. Han verkar fagleg veldig sterk. Han visste kva han snakka om, seier Sognnes.

Morten Sognnes (Høgre), ordførar i Austrheim

Austrheim-ordførar Martin Sognnes (H) er positiv til planane om kjernekraftverk.

Foto: Austrheim Høgre

– Atomavfall kan bli drivstoff

Moglege risikoar knytta til det radioaktive atomavfallet frå kjernekraftverk kommenterer Sognnes slik:

– Det er kanskje den negative biten. Men eg har sett at det er mogleg å bruka avfall til noko, til dømes ein annan type drivstoff, eller ei anna type næring. Eg har tru på at ein vil finna ei løysing. Teknologien går jo kjempefort framover.

Kommunen har også blitt førespegla eit par hundre permanente arbeidsplassar knytt til kjernekraftverket, pluss alle i byggeperioden, og synergieffekten for andre verksemder i nærleiken.

STATOIL MONGSTAD

Norsk Kjernekraft ønsker å etablera små kjernekraftverk i Noreg, til dømes her ved oljeraffineriet og gasskraftverket på Mongstad.

Foto: Harald M. Valderhaug

Ifølge ei oversikt frå Norsk Kjernekraft AS har Noreg avgrensa eller svært avgrensa kapasitet til over halvparten av dei nødvendige arbeidskategoriane.

– Det skal eg ikkje uttala meg om, men då får me jo skaffa oss den kompetansen, seier Sognnes.

Han meiner det er viktig å få ungdommen på banen.

– Det er dei unge som må få lov til å bestemma om framtida si.

Illustrasjonsbilde av liten, modulær reaktor fra GE Hitachi

Norsk Kjernekraft AS planlegg slike små kjernekraftverk rundt om i Noreg, sjølv om det førebels ikkje er aktuell politikk nasjonalt.

Foto: GE Hitachi

Her finn du fleire artiklar frå NRK om Kjernekraft !