Hopp til innhold

Staten seier nei til å forske på kjernekraft

Den norske energistrategien seier at kjernekraft er eit satsingsområde. Men staten vil ikkje prioritere å forske på det.

Olkiluoto 3

FINLAND: Det finske kjernekraftverket Olkiluoto 3 ligg 25 km nord for byen Raumo.

Foto: Hannu Huovila / TVO

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I utlysinga for Forskingsmidlar til miljøvennleg energi (FME) kom det i vinter inn ei formulering om at «det vil ikkje kunne søkjast om FME innanfor kjernekraft».

Men kven står bak formuleringa?

I eit ope brev i Universitetsavisa skriv 16 forskarar at det «truleg» er energiminister Terje Aasland (Ap) som er ansvarleg for avgrensinga.

Til NRK seier forskarane at dei grunngir mistanken med at dei i dialog med Forskingsrådet opplevde at rådet «sa frå seg ansvaret» for kjernekraft-formuleringa, og vidare at det «uformelt vart antyda» at ho var politisk motivert.

Jan Emblemsvåg, éin av forskarane som signerte brevet, meiner avgrensinga ikkje er i tråd med den nasjonale strategien for utvikling av ny energiteknologi.

Det er heilt i orden om statsråden ikkje er glad i kjernekraft. Det einaste vi krev er at staten er agnostisk til moglegheita, og ikkje lukkar ho.

Forskingsrådet seier til NRK at dei ikkje har fått «eksplisitte føringar» frå Olje- og energidepartementet, men at formuleringa følgjer av Porteføljeplan for Energi, transport og lågutslepp.

På spørsmål om han har hatt ein finger med i «kjernekraft-klausulen» svarer statsråd Terje Aasland (Ap) at kjernekraft per i dag ikkje er aktuelt i den norske energimiksen, «og derfor ikkje noko som bør prioriterast innanfor den norske satsinga på energiforsking».

Det er viktig at vi bruker ressursane på dei områda som har størst potensial for Noreg, og der Noreg kan spele ei viktig rolle her og no, seier han vidare (les heile svaret under).

Olje- og energiminister Terje Aasland pressekonferanse om rammevilkår for utbygging av havvind på Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord

I utlysinga for forskingsmidlar til miljøvennleg energi kom det i vinter inn ei formulering om at «det vil ikkje kunne søkjast om FME innanfor kjernekraft».

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ola Borten Moe: − Vi må få meir kunnskap om kjernekraft

Olje- og energidepartementet er blant «hovudsponsorane» til Forskingsrådet, og det er privilegiet til statsråden å leggje føringar for korleis midlane blir forvalta.

Spørsmålet er derfor ikkje om statsråden har gått utover fullmaktene sine, men om kjernekraft-formuleringa harmonerer med den nasjonale strategien for ny energiteknologi.

I den siste reviderte utgåva blir «kjernekrafta i framtida» (side 117) identifisert som eit satsingsområde for å «vidareutvikle Europas beste energisystem».

Vidare spør fleire seg om avgrensinga rimar med Aaslands eigen uttale om «kjernekraft kan bli aktuelt i Noreg framtida». Uttalen kom under ein seanse der han ifylgje NTB vart «grilla» av statsminister Jonas Gahr Støre.

Dette føyer seg inn i rekkja av døme der regjeringa ikkje er samd med seg sjølv i energipolitikken, seier energipolitisk talsperson i Høgre, Bård Ludvig Thorheim.

I eit representantforslag til Stortinget ber han regjeringa sørgje for at Noreg «tek ei aktiv rolle i den internasjonale forskinga og utviklinga av ny kjernekraftteknologi».

Andre på Stortinget gjer eit poeng av at både Hadia Tajik (Ap) og regjeringskollega Ola Borten Moe (Sp) i løpet av vinteren har uttalt at «vi må få meir kunnskap om kjernekraft».

Fagfolk er uenige om atomkraft er en del av løsningen på klimaproblemet.

Uttalen til Tajik kom i NRK Debatten i januar.

Kan verke som regjeringa ikkje er samd med seg sjølv

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier «det kan verke som regjeringa ikkje er samd med seg sjølv» og at «debatten for kjernekraft er på ein heilt annan stad no enn for berre kort tid sidan».

Då er det både unaturleg og uheldig å avgrense mot ein energiform som står for 30 prosent av energiproduksjonen til Sverige, seier han.

Sjå fleire politiske reaksjonar på avgrensinga under.

Sjef i Norsk Kjernekraft AS, Jonny Hesthammer, seier det er «tankevekkjande og urovekkjande» at kjernekraft er kvittert vekk i utlysinga for miljøvennleg energi.

Når Sverige og andre land satsar hardt på kjernekraft fordi dei har innsett at dei ikkje klarer å nå nullutsleppsmålet utan, verkar det merkeleg, seier han.

Borten Moe-Sp-landsmøte-dag2

På landsmøtet til Senterpartiet i mars vart det vedteke å satse planmessig på ytterlegare forsking og kompetansebygging innanfor kjernekraft.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Det er utruleg skuffande

På Institutt for fysikk og teknologi ved Noregs arktiske universitet i Tromsø har professor Odd Erik Garcia bygd opp eit forskingsmiljø innan fusjonsenergi (med u), som har fått merksemd langt utanfor Noregs grenser.

Før jul fekk UiT observatørstatus (ikkje fullverdig medlemskap) i den europeiske samarbeidsorganisasjonen EUROfusion.

I sommar vart for første gong fusjonskraft teke med i strategidokumentet til Energi21.

Med det som utgangspunkt gjekk Odd Erik Garcia i gang med å søkje om forskingsmidlar.

Det var før han oppdaga av «kjernekraft-klausulen» i utlysinga også omfattar forsking på fusjon.

Etter nærare dialog med Forskingsrådet fekk Garcia beskjed: Det var ikkje noko poeng å sende inn søknad.

Det er utruleg skuffande. Og frustrerande, seier han til NRK.

Han viser til at Equinor har trappa opp investeringane i fusjonsenergi, og at «berøringsangsten» for denne energiforma «ikkje gir meining».

Eit strategisk forskingsprogram for fusjonskraft vil skape meir føreseielegheit og langtidsperspektiv. I staden blir vi skove ut i kulda.

Les også Ny klimaplan peikar på kjernekraft

Kjernekraft på havet

NRK forklarer

Hva er kjernekraft?

Hva er kjernekraft?

Kjedereaksjon

Et kjernekraftverk baserer seg på en kjedereaksjon av fisjon. Fisjon betyr å dele. I dette tilfellet er det atomkjerner som skal deles. Hvorfor skal de deles? 

Hva er kjernekraft?

Deling gir energi

Når en atomkjerne deles (spaltes) frigjøres det energi. Denne energien brukes til å varme vann. Hvorfor varme vann? 

Hva er kjernekraft?

Dampturbin

Når vannet varmes vil det til slutt koke. Dette frigjører vanndamp. En turbin er koblet på. Den vil begynne å snurre. Turbinen er igjen koblet på en generator som produserer strøm. 

Hva er kjernekraft?

Avfall?

Et kjernekraftverk spyler hele tiden ut masse hvit røyk. Dette er vanndamp. Men det produseres også radioaktivt avfall som må lagres. Noen mener dette er et problem, andre ikke.