Hopp til innhold

Ein av landets rikaste satsar på kjernekraft i Noreg: – Eg har jo råd til det. Det er kjempegøy

Mangemilliardæren ønsker å ha norske atomanlegg i drift innan ti år. – Skal me bevara klimaet, er kjernekraft den einaste farbare vegen, meiner Trond Mohn.

Trond Mohn

«TRYGT, GØY OG VIKTIG»: Trond Mohn satsar på å få i gang kjernekraftproduksjon på norsk jord innan ti år.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Han er ein av dei aller rikaste i landet, med ei formue på over 8 milliardar kroner.

Den bergenske mangemilliardæren har i fleire tiår vore profilert som ein som gir store pengegåver til forsking, breiddeidrett og avansert medisinsk utstyr.

For første gong gir Trond Mohn no eit intervju om satsinga si på kjernekraft i Noreg. Han er hovudaksjonær i Norsk Kjernekraft AS, som vart etablert i fjor sommar.

– Eg har jo råd til det. Eg tykkjer det er kjempegøy og positivt. Me er overtydde om at dette kjem til å gagna unnskyld uttrykket menneskeheita.

Kjernekraftdebatten har auka etter at du investerte i dette. Kva tenker du om det?

Det er gledeleg. Då har me oppnådd det me ville at dette blir eit tema.

Mohn meiner dei katastrofale kjernekraftulukkene i Tsjernobyl i 1986 og Fukushima i 2011 ikkje er gode argument mot dagens kjernekraftteknologi.

Kunnskapsnivået må opp. Kjernekraft er ikkje farleg.

Trond Mohn

Men det er svært delte meiningar om korvidt Noreg bør satsa på kjernekraft som energikjelde (sjå faktaboks nedst).

Les også Vil bygge ut kjernekraft i Norge: – Kler politikere dårlig å si nei

Illustrasjonsbilde av liten, modulær reaktor fra GE Hitachi

– Uetisk og for seint

I Stortinget har nyleg Framstegspartiet føreslått tilrettelegging for kjernekraft-søknadar og Høgre har føreslått ei offentleg utgreiing av kjernekraft i Noreg.

Naturvernforbundet er blant dei som avviser idéen om kjernekraftproduksjon i Noreg av fleire grunnar.

– Kjernekraft kan ikkje komma tidsnok her i landet til å bidra til at Noreg blir fossilfritt innan 2040, seier nestleiar Pernille Bonnevie Hansen.

Og det hjelper ikkje at kjernekraftteknologien har gått framover og vil bli stadig sikrare, ifølge henne.

Det er viktig å ikkje gjera oss avhengige av energikjelder som skapar andre problem for seinare generasjonar.

Pernille Bonnevie Hansen, Naturvernforbundet

– Me har ikkje kome oss forbi det største, viktigaste og mest etisk problematiske spørsmålet: at naturen skal gå i arv til nye generasjonar. Uansett kjernekraftteknologi får me eit radioaktivt avfall som må handterast langt forbi vår eiga levetid, seier Hansen.

Pernille Bonnevie Hansen, nestleiar i Naturvernforbundet

Nestleiar Pernille Bonnevie Hansen i Naturvernforbundet meiner norsk kjernekraft er etisk problematisk overfor nye generasjonar og ikkje løyser klimaforpliktingane i tide.

Foto: Naturvernforbundet

Hevdar Noreg har kjernekraft om ti år

Norsk Kjernekraft AS vart stifta i juli 2022. NRK har tidlegare fortald at selskapet ønskjer å byggja ut kjernekraft i Noreg utan å be staten om pengar og «utan å bli motarbeidd».

Mohn håpar at selskapet kan gå foran som «ein inspirasjon».

Nokon må byrja. Me har lyst til å få det inn på universitet og høgskular at det er fornuftig å setta seg inn i kjernekraft.

Særleg blant unge er kjernekraft blitt meir populært.

Det er jo dei me bør høyra på. Framtida er deira.

Mohn er sikker på at Noreg om ti år har tatt i bruk kjernekraft.

– Då undervurderer han prosessane for å opna for ei heilt ny energiform i Noreg. Viss Mohn vil ha bygd kjernekraftanlegg innan ti år, får han heller satsa på utlandet, meiner Hansen.

Trond Mohn (i midten) saman med Helge André Njåstad (Frp), Marius Aron Nilsen (Frp), Sverre Sørnes og Gustav Bahus (Frp).

Den rike Arbeiderparti-mannen Trond Mohn (i midten) inviterte fredag Framstegspartifolk heim til seg for å diskutera og snakka fram kjernekraft.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Ap-Mohn i allianse med Frp

Den filantropiske pengedryssaren har i alle år også vore kjend som den styrtrike medlemen i Arbeidarpartiet.

Men då han fredag møtte NRK i stova si heime i Bergen, var han saman med eit heilt kobbel frå Framstegspartiet.

Bakgrunnen for den noko uvanlege alliansen er at også Frp heiar på kjernekraft og skulle drøfta temaet på fylkesårsmøtet i Vestland Frp denne helga.

Dette er me heilt einige om, men ikkje partiet mitt. Ikkje endå, seier Mohn.

Skal me bevara klimaet, er kjernekraft den einaste farbare vegen.

Trond Mohn

– Me vil lytta til kva tankar Mohn har. Det er viktig å ha ein tett og god dialog med dei som har våga å tenka nye tankar.

Det seier stortingsrepresentant Helge André Njåstad.

Me treng kjernekraft og vil bruka straumen på Vestlandet til arbeidsplassar og industri.

Trond Mohn (bak til høgre) saman med Helge André Njåstad (Frp), Marius Arion Nilsen (Frp), Sverre Sørnes og (med ryggen til) Gustav Bahus (Frp).

– Det er viktig å ha ein tett og god dialog med dei som har våga å tenka nye tankar, meiner Helge André Njåstad (i midten) i stova til Trond Mohn.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Me må bruka energien betre, og planlegga slik at me ikkje treng meir enn me har.

Pernille Bonnevie Hansen, Naturvernforbundet

«Kjernekraft for dei fattige»

Mohn viser til elektrifisering av bilparken og av olje- og gassinstallasjonane i Nordsjøen.

Det kjem eit kraftbehov som me ikkje kan sjå vekk frå.

Han argumenterer også sosialt i høve til at høge straumprisar rammar dei fattige i landet hardast.

Kjernekraft vil vera atskilleg billegare enn det den grøne krafta kan gi oss. Viss ein skulle ta den sosiale hatten på, burde alle jubla for å få kjernekraft i Noreg.

At Arbeidarpartiet og energiministeren ikkje er positive til kjernekraft, kommenterer Mohn slik:

Energiministeren må vera lojal mot det som er fastlagt i partiet sitt, men det kan godt tenkast at han er einig med oss personleg.

Han meiner «alle ansvarlege parti» bør veira einige om at me bør få meir kunnskap om kjernekraft.

– Då trur eg svaret blir enkelt: det blir ja til kjernekraft, i følge Mohn.

Energiministeren: «Ikkje riktig no»

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) svarer skriftleg til NRK, utan å kommentera påstandane frå Mohn direkte:

«Det er fleire årsaker til at eg meiner kjernekraft ikkje er riktig for Noreg no. For det første vil det ta lang tid – kjernekraft vil ikkje løysa kraftsituasjonen vår dei neste 10- 20 åra. Det er dyrt å byggja ut kjernekraft og det er avfallsproblematikk.»

For det andre viser han til at Noreg har lite kompetanse om drift av kjernekraftanlegg.

«Eg vil heller at me brukar den verdfulle kompetansen vår der me har eit betre utgangspunkt til å satsa. Det gjeld blant anna utvikling av olje- og gassnæringa, flytande havvind, eksisterande kraftanlegg, vind på land og hydrogen,» skriv Aasland.

Les også Kjernekraft vert stadig meir populært blant unge, men eksperten trur ikkje vi får reaktorar i Noreg

Marius Bringsvor Rusten, Jakob Finstad og Ari Tufteland sit ved eit bord ved nokre store vindauge. Dei har mobiltelefonar og energidrikk på bordet mellom seg. Dei pratar saman om kjernekraft og kvifor det er unge menn som er mest positive til det.

Fagfolk er uenige om atomkraft er en del av løsningen på klimaproblemet.

Fagfolk er ueinige om atomkraft er ein del av løysinga på klimaproblemet.