Hopp til innhold

Vestlandsopprør mot den «mest fiendtlege regjeringa i manns minne»

Skattetrykk, Oslo-rivalisering og utflytting av arbeidsplassar er motoren i Vestlandsopprøret som spreier seg langs kysten.

Statsminister Jonas Gahr Støre i Stavanger

ROSENBERG VERFT: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vitja Rosenberg Verft i fjor sommar.

Foto: Janne Møller-Hansen / Janne Moller-Hansen (VG)

20. mars blir det såkalla Vestlandsopprøret markert med offisiell «kickoff» i Atlanterhavsparken i Ålesund.

Målet med opprøret er å løfte fram verdiskapinga på Vestlandet og å «opplyse om urettferdige utslag av den særnorske formuesskatten».

Onsdag melde Dagens Næringsliv at i alt 15 arvingar frå dei rikaste familiane i landet har meldt flytting til Sveits dei siste månadene.

Industrileiar og initiativtakar Roger Hofseth seier at Sveits ikkje er aktuelt for han, og at motivasjonen er å styrkje den vestlandske modellen der arbeid og kapital går saman i felles lokalpatriotisme.

På kysten er det nærare kontakt mellom næringsliv og folk. Ein milliardær på sunnmørskysten er ikkje det same som ein milliardær i Oslo, seier han til NRK.

Aksjonen starta på Nordvestlandet, men har alt skapt bølgjer sørover langs kysten, og på Stortinget.

  • Alfred Bjørlo (V), stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane: – Vi helsar denne kampanjen velkommen.
  • Helge Andre Njåstad (Frp), stortingsrepresentant frå Hordaland: Dette helsar eg velkommen. I meir enn 200 år har Vestlandet sendt skattepenger med trailere til Oslo, og fått tilbake med brevduer.
  • Ove Trellevik (H), stortingsrepresentant frå Hordaland: Eg stiller meg heilhjarta bak dette. Det verkar som regjeringa trur at kysten er ein slags «utømmeleg krybbe», utan å tenkje over at verdiar må skapast før dei kan delast.
  • Stein Lier-Hansen, leiar i Norsk Industri: Vi har full forståing for Vestlandsopprøret.
  • Tom-Christer Nilsen, næringspolitisk sjef i Bergen Næringsråd: Eg skulle ønske at dette opprøret var unødvendig, men vi støttar det fullt ut.
Roger Hofseth.

Initiativtakar Roger Hofseth seier at det å flytte til Sveits ikkje er aktuelt for han sitt vedkommande.

Foto: Hofseth Aqua

Den mest vestlandsfiendtlege regjeringa i manns minne

Det nye Vestlandsopprøret kjem i forlenginga av «kystbrøl», «bunads-geriljaer» og fakkeltog, og nærer seg på ein serie skuldingar mot regjeringa (sjå under):

I sum er det ei enorm overføring av ressursar frå kysten til Oslo, seier Tom-Christer Nilsen, næringspolitisk sjef i Bergen Næringsråd til NRK.

Støre-regjeringa er den mest vestlandsfiendtlege regjeringa i manns minne, seier Alfred Bjørlo (V).

Regjeringa viser at dei gjev blaffen i Vestlandet, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Går vi endå lengre tilbake, har Vestlandsopprøret røter i «ei sjølvbergingsbasert forretningsånd og ein sterk skepsis til sentralmakt og embetsverk» som har definert den politiske kulturen i landsdelen i fleire hundre år.

Les også Kraft-ordførarar reiste i flokk over fjellet utan å få svar om milliardkutt

Ordførarar reiste i flokk over fjellet utan å få svar

Austevoll-fiskar Inge Halstensen gir uttrykk for dette vestnorske sinnelaget i ein mykje delt DN-kronikk der han ironiserer over «Vestlandskolonien på den breie ryggen til hovudstaden».

Med tilvising til handelsflåten, verdiskapinga frå oljeverksemda, fiskeri- og oppdrettsnæringa og energiproduksjonen frå vatn og vind, skriv han at det snarare er Oslo som kviler på Vestlandets rygg.

Muntlig spørretime på Stortinget

– Støre-regjeringa er den mest vestlandsfiendtlege regjeringa i manns minne, seier Alfred Bjørlo (V).

Foto: Annika Byrde / NTB

Vestlandsopprøret kan vekkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet

Eg besøkte Inge Halstensen for ei tid tilbake, og det bør vennene våre i hovudstaden også gjere, seier Olve Grotle (H), som er fiskarson og stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane.

Han forklarer:

Då vil dei med sjølvsyn sjå kor avgjerande det er at næringslivet har gode og føreseielege rammevilkår. Alt arbeid er viktig, men det å skape realverdiar som olje og gass, fisk, mat, kraft er ryggrada i finansieringa av velferdsstaten.

Han legg til at skattepresset på næringslivet langs kysten er «direkte skadeleg for verdiskapinga».

Kan hende er Vestlandsopprøret det som må til for å vekkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet? Det vil heile landet tene på, også hovudstaden, seier han.

Les også «Oslo-sentrisk» lønnsutval skaper bråk i resten av landet: – Pinleg

Johan Sverdup-feltet

– Statsbudsjettet var for dårleg for Vestland

I oktober var krefter på Vestlandet skuffa over at regjeringa skrinla planane om fleire nye signalbygg i Bergen.

Andre var reglerett sinte over at det ikkje var sett av pengar til «Noregs verste veg» mellom Bergen og Voss.

Etter budsjettforhandlingane med SV kom det likevel pengar til alt som over nemnt.

– Statsbudsjettet var for dårleg for Vestland, sa Audun Lysbakken (SV) til Bergens Tidende.

Les også Styresmaktene vil hjelpe norske verft – men bygger skip i utlandet

Kleven verft

NRK har vore i kontakt med Kommunaldepartementet, som viser til Finansdepartementet, som i sin tur viser til stortingsgruppa til Senterpartiet.

Sp-representant Erling Sande minner om at utforminga til lakseskatten ikkje er avklart.

Han legg til Venstre og Høgre tapte makta etter «åtte år med sentraliserande politikk» og at dei har «inga truverd når dei yppar til distriktsopprør».

Regjeringa har måtta gjere tøffe grep for å prioritere styrking av beredskapen vår, støtte til Ukraina og dekking av auka pensjonsutgifter mellom anna. Så skatteauke for enkelte næringar har vore eit nødvendig onde som alle partia i Stortinget har stilt seg bak med litt ulike justeringar. Senterpartiet er opptatt av å forme skattesystemet på ein god måte, og difor er det viktig å lytte til innspel frå næringsutøvarar langs kysten (utvida svar under).

Lysbakken gir seg som SV-leder

– Statsbudsjettet var for dårleg for Vestland, sa Audun Lysbakken (SV) i oktober.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Vi vil gjerne gjere formuesskatten meir omfordelande

Bergensar og Raudt-politikar Sofie Marhaug seier til NRK at nøkkelen til betre næringsvilkår på Vestlandet er «å få ned straumprisane og regulere krafteksporten».

Så er det ingen løyndom at Raudt er for å skatte kapital. Vi vil gjerne gjere formuesskatten meir omfordelande, og diskuterer gjerne korleis vi kan bruke andre, betre eigna skattar til omfordeling. Men den viktigaste oppgåva vi som politikarar har no er å gjere noko med priskrisa og dei aukande forskjellane.

Olve Grotle

– Kan hende er Vestlandsopprøret det som må til for å vekkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet? Det vil heile landet tene på, også hovudstaden, seier Olve Grotle (H).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB