Hopp til innhold

Kraft-ordførarar reiste i flokk over fjellet utan å få svar om milliardkutt

Opprørte ordførarar drog denne veka til hovudstaden for å klage sin nød. Men møtet med statsministeren vart det aldri noko av.

Ordførarar reiste i flokk over fjellet utan å få svar

KONDENSSTRIPE: Opprørte ordførarar frå fleire kraftkommunar reiste denne veka til hovudstaden for å treffe statsministeren. Det vart med finansministeren.

Foto: Birna Rørslett / Samfoto

Eit koppel ordførarar frå fleire kraftkommunar i Vestland troppa denne veka opp i hovudstaden for å gå i rette med Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Ordførarane var også invitert til Statsministerens kontor, men «møtekollisjon» gjorde at Jonas Gahr Støre (Ap) likevel ikkje hadde høve til å treffe dei.

Bakgrunnen for ferda austover, som skriv seg inn i ein lang, motkulturell tradisjon, er eit vedtak før jul, som har «slått ned som ei bombe» i fleire av dei såkalla kraftkommunane.

Vedtaket seier at kommunar og fylkeskommunar med ekstrainntekter frå konsesjonskraft får eit eittårig trekk i rammetilskotet på 3 milliardar kroner i 2023.

Les også Desse kommunane taper mest på statens «kraft-grep»

Lærdal

Fleire kraftkommunar har det siste året tent godt på høge straumprisar, men innretninga på den nye skatten – der to av tre kraftkommunar vert skjerma – har skapt harme og rabalder.

Det same gjer spotprisen som regjeringa legg til grunn at kraftkommunane vil profittere på: 2 kroner per kilowattime.

Analytikarar flest trur snittprisen i 2023 vil bli vesentleg lågare, nærare 1 krone per kilowattime.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Eit mindretal må bidra mykje, medan andre slepp unna

Vi fekk ei erkjenning av at det ikkje var eit perfekt system, seier Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb.

Han legg til:

Mitt største ankepunkt er at dette er ei ordning der eit mindretal av kommunane med konsesjonskraftinntekter må bidra mykje, medan andre slepp unna. Det er svært uheldig.

Ordførarar på Oslo-tur

Ordførarane frå Vestland fekk ikkje møte statsminister Jonas Gahr Støre, men fekk audiens hos kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Foto: Privat

Til NRK signaliserer departementet at den antekne snittprisen på 2 kroner kan justerast ned i mai, i samband med revideringa av statsbudsjettet.

Det er vel og bra, men då er vi i praksis utan budsjett fram til mai, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap), som også var med i reisefylgjet.

Ved si side hadde han to «wing men» frå Sogn – ordførarane i Lærdal og Vik.

Vik kommune, som har 2560 innbyggarar, fekk før jul beskjed om at deira rammetilskot vert slanka med 49 millionar.

Mitt eige parti er ikkje til å kjenne att, seier Vik-ordførar Roy Egil Stadheim (Ap).

Han viser til at kommunen «vert straffa» for at dei prioriterer å selje straum for å byggje sjukeheim og barnehage.

Hadde vi i staden gjeve vekk straumen til privat bruk, så hadde vi vorte påskjønte, seier han.

Forklaringa er at nedtrekket ikkje rammar kommunar som sel konsesjonskraft til eigne innbyggjarar. Dei same innbyggjarane får framleis straumstøtte, og kan i enkelte tilfelle tene på å forbruke ekstra mykje straum.

– Staten forsyner seg grovt

Framstegspartiet fremja onsdag eit forslag til Stortinget der dei skriv at det er «kritikkverdig at regjeringa utan forvarsel og utan nærare grunngiving endrar spelereglane under gongen til spelet med store negative verknader for kommunesektoren».

Eg forstår godt at kommunane som fyrst var open for spleiselaget no føler at staten forsyner seg grovt, seier Helge André Njåstad (Frp).

Det blir interessant når denne saka kjem opp i Stortinget, seier Jon Rolf Næss, som er leiar i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK).

Han deltok på møtet i Oslo, men reiste attende med like mange spørsmål.

Eg er glad for at ministeren seier at han skal følgje situasjonen tett, men kommunane treng meir konkrete signal. No er svara for diffuse.

Les også Ordførar-opprør etter milliard-kutt til kraftkommunane

Kraftverk

Kvinesdal er blant kommunane som får størst nedtrekk: 69 millionar kroner.

Ordførar Per Sverre Kvinlaug (KrF) seier til NRK at han budsjettmessig er i ein limbo-situasjon til statsråden stadfestar at rammetilskota faktisk vil bli justerte ned (og ikkje berre antydar det).

Inntil slike justeringar finn stad, har regjeringa velta risikoen for prisutviklinga i spotmarknaden over på vertskommunane, seier han.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

– Regjeringa har ved fleire høve sidan ordninga blei gjort kjent understreka at vi vil følge situasjonen og kome attende til saka om nødvendig, dersom til dømes prisane skulle utvikle seg annleis enn anslege. Korleis dette konkret vil følgast opp vil vi kome nærare tilbake til, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Foto: Tom Balgaard / NRK

Dette var tynne greier

I eit skriftleg spørsmål til kommunal- og distriktsministeren spør stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik, kva departementet vil gjere for å sikre at kommunane får behalde «normal forteneste» ettersom prisen på straum neppe blir så høg som fyrst anteke.

I sitt svar erkjenner statsråden at føresetnadane som trekket byggjer på er «teoretisk» og «vesentleg endra» og at han har «forståing for at mange kommunar no er bekymra for uvisse rundt kor mykje inntekter kommunane kan realisere.»

Til NRK seier Trellevik:

Dette var tynne greier. Statsråden gir ingen garantiar til kraftkommunane, men seier berre at han «skal følgje med». Det blir heilt feil.

HcrADYPIv6c

Stortinget har vedteke at kommunar og fylkeskommunar med høge inntekter frå konsesjonskraft skal få eit eittårig trekk i rammetilskotet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB