I fjor vedtok Vestland fylkeskommune å bruke 100 millionar kroner på å byggje eit nytt undervisningsfartøy til den vidaregåande skulen i fiskeribyen Måløy.
Fleire norske verft kasta seg inn i konkurransen om å byggje «Skulebas».
Men det hjelpte ikkje.
Etter å ha vurdert dei ulike tilboda, bestemte fylkeskommunen seg i førre veke for å gje oppdraget til eit dansk skipsverft.
– Fortvilande, seier Agnar Lyng.
Han er dagleg leiar i Stadyard, eitt lokalt verft som tilbydde seg å byggje fartøyet.
– Vår politikk er å velje lokal kompetanse og lokale leverandørar. Det er synd at fylkeskommunen ikkje gjer det same, seier han.
Heller ikkje Vaagland Båtbyggeri nådde opp i konkurransen.
– Det vart lagt ned mykje arbeid for å tilfredsstille dei skisserte krava, seier Håvard Røsvik, salsdirektør i selskapet.
Eit gamalt ordtak langs kysten seier at kvar jobb på verftet skaper fem andre jobbar i omlandet.
Geir Saltkjel er fagleg leiar Ulvesund elektro, som har 40 tilsette og er underleverandør til fleire norske verft.
– Det er synd at Fylkeskommunen ikkje kan vere med å styrke og sikre aktiviteten. Det kunne vore gjort utan at det kosta skjorta for skattebetalarane, seier han.
Oppdraget gjekk til Nederland
Saka om «Skulebas» går inn i ein større politisk debatt om norsk verftsindustri.
Stortinget vedtok i fjor ein oljepakke for å hjelpe norsk industri gjennom koronakrisen. Eit av tiltaka var at Havforskningsinstituttet skulle bygge eit nytt skip til 110 millionar kroner
Tiltaket sto under overskrifta «Tiltak for økt aktivitet og sysselsetting – få folk tilbake i jobb».
Ikkje desto mindre hamna oppdraget på nederlandske hender.
Havforskingsdirektør Sissel Rogne sa dei gjorde kva dei kunne for at kontrakten skulle hamne i Noreg, men at regelverket i EØS utelukka krav om (norsk) nasjonalitet.
– Eg skal love deg at vi undersøkt handlingsrommet. Vi har gjort det som sto i vår makt, sa ho til E24.
Samstundes styrer Tyskland, Nederland og Danmark statlege innkjøp til høvevis tyske verft, hollandske og danske verft.
«Nye Vestkysten», tilhøyrande den danske Fiskeristyrelsen, vert bygd i Danmark.
Og tre offshore-båtar til Bundesanstalt für Wasserbau er kontrahert hos Abeking & Rasmussen i Lemwerder.
I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet ber Fellesforbundet om at regjeringa «greier ut handlingsrommet i og utanfor EØS».
– Styresmaktene sviktar norske verft
I juni la Menon Economics fram ein rapport om norsk verftsindustri på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet.
«Rapporten dokumenterer at norske styresmakter sviktar norske verft», var responsen til Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum.
«Rapporten synleggjer den lave innsatsen norske styresmakter gjer for skipsverfta», skriv bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft.
Direktør i organisasjonen, Asle Strønen, seier lønnskostnadene i Noreg «gjer det umogleg» å konkurrere på like fot med spanske, tyrkiske og polske verft.
– Allminneleggjeringa er ein særnorsk ekstrakostnad som forrykkar konkurransesituasjonen negativt for norsk verftsindustri. Med ho i ryggsekken vil vi tape i dei fleste anbod, seier han.
Jørn Th. Prangerød i Fellesforbundet meiner løysinga heller må vere å sjå på vektinga av utlysingskriteria. I tilfellet «Skulebas» vog prisen 50 prosent.
– Bryt vi prinsippet om norske lønns- og arbeidsvilkår for arbeid i Noreg, er vi på ville vegar. Det ville rasere arbeidslivet slik vi kjenner det, og fortrenge norske faste tilsette med dumping innleie frå utlandet.
LES OGSÅ: Norsk reiarlag førehandsbetalte 400 millionar – skipa dei bestilte blir aldri ferdige
– Paradoks at vi blir oppmoda til samfunnsansvar
Ved Stadyard reknar dei at 60 øre per investerte krone blir att i nærområdet.
I likskap med Fellesforbundet føreslår Geir Saltkjel i Ulvesund elektro å «tone ned priskriteriet» og i staden sjå pengestraumane i eit større samfunnsperspektiv.
– Det er eit paradoks at vi blir oppmoda om å ta samfunnsansvar og til å ta inn flest mogleg lærlingar, samstundes som det offentlege ikkje bidreg med oppdrag, seier han.
Ei kartlegging Fellesforbundet har gjort saman med Norsk Industri, viser at 4 av 10 ferjer vert bygd i Noreg.
Det har også vekt reaksjonar at Asko og Bergensrederiet Kåre Misje & Co bygger bulkskip i høvevis India og Sri Lanka. Samstundes som dei får Enova-støtte.
Boreal har inngått kontrakt med det tyrkiske verftet Sefine Shipyard, om bygging av fem nye elektriske ferjer til øyene i Indre Oslofjord.
– Det er mogleg det vil sjå bra ut i det norske klimarekneskapen å byggje skip i utlandet, men noko særleg bidrag til aktivitet og utvikling i Noreg er det ikkje, seier Prangerød.
– Feil at regjeringa sviktar norske verft
Statssekretær i Næringsdepartementet, Lars Andreas Lunde (H) er med på at konkurransesituasjonen «har vore krevjande dei siste åra», men avviser skuldingane.
– Regjeringa har ført ein aktiv og offensiv maritim politikk, og har lagt fram ein rekke tiltak for å legge til rette for aktivitet ved norske verft. Det er altså feil at regjeringa sviktar norske verft, seier han (les heile svaret under).
Jostein Fjærestad er eigedomssjef i Vestland fylkeskommune, og den som svarer for kontraheringen av undervisningsfartøyet «Skulebas».
– Eg forstår frustrasjonen, seier han.
Han legg til at fylkeskommunen ynskjer å støtte lokalt næringsliv, men at dei har «avgrense moglegheiter» under regelverket for offentlege anskaffingar.
– Vi skulle gjerne sett at oppdraget gjekk til eit lokalt verft. Men er også veldig komfortable med at vinnaren er dansk.
– Er det noko styresmaktene kan bidra med for å gjere det enklare å velje lokalt?
– Det er det nok heilt sikkert.
LES OGSÅ: 43 prosent nedgang i nye kontraktar på norske skipsverft, og det er dei store aktørane som slit.