Hopp til innhold

Rapport: Elektrifisering av sokkelen har massiv klimaeffekt

Ny rapport hevdar at elektrifisering av sokkelen ikkje berre slår godt ut på den norske klimarekneskapen, men også gir europeisk klimagevinst.

Trollutslepet i 1996

TROLL I ORD: I 1995 vart «Troll A»-plattforma slept ut i Nordsjøen. Med 369 meter på sokkelesten måtte vekta ned. Løysinga var å skrote gasskraftverket om bord og i staden forsyne plattforma med kraft frå land. Slik tok draumen om landstraum form.

Foto: Equinor

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Offshore Noreg, som er interesseorganisasjonen for selskap på norsk sokkel, presenterte torsdag morgon ein rapport om den globale klimaeffekten av å elektrifisere olje- og gassektoren.

Regjeringa var representert ved statssekretær Amund Vik (Ap) i Olje og Energidepartementet.

Han omtalte debatten om å elektrifisere sokkelen som «opprivande» og la til at han såg fram til å gå grundig inn i spørsmålet «som har ridd norsk offentlegheit gjennom fleire tiår»:

Kva er eigentleg klimagevinsten ved å elektrifisere sokkelen?

Ei vanleg innvending mot ideen om kraft frå land er at elektrifiseringa berre gir «papirgevinst» sidan gassen som blir «spart» blir brend ein annan stad.

Resonnementet byggjer på at den norske sokkelen er omfatta av kvotesystemet i EU, og at norske kutt vert «nulla ut» av utslepp på kontinentet.

Amund Vik (Ap), Olje- og energidepartementet.

Statssekretær Amund Vik (Ap) seier at elektrifiseringa «openbert» slår godt ut i den norske klimarekneskapen, men at effekten innanfor heile den europeiske kvotemarknaden var meir uviss.

Foto: Christine Fagerbakke / NRK.

Elektrifisering heime gir globale utsleppskutt

Det har frå enkelte vore reiste tvil om elektrifisering av olje- og gassektoren har klimaeffekt utover Noregs grenser. Denne rapporten viser tydeleg at elektrifisering heime gir globale utsleppskutt, seier Benedicte Solaas, som direktør for klima og miljø i Offshore Noreg.

I hovudkonklusjonen heiter det at «dynamikken i marknaden» og «sletting av kvotar og ytterlegare tilstramming av kvotetaket» gjer at norske kutt også slår ut på europeisk nivå – med ein effekt på 80 prosent.

(Sjå fleire detaljar frå rapporten, som er utarbeidd av Thema Consulting, under.)

Den norske olje- og gassutvinninga står i dag for meir enn ein firedel (27 prosent) av norske klimagassutslepp. Norsk olje- og gassindustri skal halvere eigne utslepp i 2030 og vidare ned mot null i 2050.

Offshore Noreg tolkar derfor rapporten som ein marsjordre:

Dersom lønnsame elektrifiseringsprosjekt ikkje blir gjennomførte, vil det bli vanskelegare og dyrare å nå klimamåla, seier Solaas.

I E24 karakteriserer Terje Halleland (Frp) den nye rapporten som «eit bestillingsverk».

Han har tidlegare sagt at han er «drita lei» av å diskutere kor stor klimaeffekt det har å sende gassen ned til Europa.

Les også Noreg klarer ikkje halvere CO₂-utsleppa innan 2030

North Sea Giant

Er slike analysar nyttige? Tja

Cicero-forskar Asbjørn Torvanger har tidlegare rekna ut at Johan Sverdrup-feltet i snitt vil sleppe ut klimagassar tilsvarande 40 prosent av Noregs totale utslepp.

Er slike analysar nyttige? Svaret mitt er tja, seier han.

Han var invitert som opponent under presentasjonen, og ytte motstand mot det han karakteriserte som ein «urealistisk» og «inkonsistent» plan.

Rapporten er for optimistisk med tanke på kraftsituasjonen. Det hjelper ikkje å teppebombe Europa med vindkraft om du ikkje har balansekraft.

Fagsjef i miljøstiftinga Zero, Stig Schjølset, la til at «næringa bør ta ansvar for meir kraftproduksjon, slik som Hywind Tampen og Trollvind».

Men dei som seier at klimatiltak innan kvotepliktig sektor ikkje har effekt – dei har ikkje skjønt korleis kvotesystemet fungerer.

Faktisk.no: «Elektrifiseringa kan kutte norske klimautslepp, men den globale effekten er meir omstridd.»

Per i dag får ein handfull felt på norsk sokkel kraft frå det norske kraftnettet, og fleire skal det bli.

I løpet av vinteren skal nye plattformer på Utsira-høgda bli kopla til landsstraum.

Ifølgje Dagens Næringsliv vil elektrifiseringa krevje 5,1 TWh kraft innan utgangen av 2023.

Til samanlikning vart det i 2021 brukt 1,8 TWh straum i Stavanger.

Johan Sverdup-feltet

Framskrivingar frå Oljedirektoratet viser at om lag halvparten av norsk petroleumsproduksjon vil vere drive med kraft frå land midt på 2020-talet.

Foto: Rolv Christian Topdahl

Kraftmangel og pressa overføringskapasitet

Med tilvising til den anstrengde kraftsituasjonen uttalte parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet, Geir Pollestad, i haust at det ville vere «veldig rart» om nasjonen ikkje tek ein fot i bakken og vurderer elektrifiseringstanken på ny.

Bakom snuoperasjonen syng kraftmangel og pressa overføringskapasitet, men også meir grunnleggjande tvil om kor nyttig elektrifiseringa er. Symbolisert ved eit skriv frå 2021 der Olje- og energidepartementet (OED) erkjenner at «effekten på dei globale utsleppa ved auka bruk av kraft frå land er usikker».

Også i SV, MDG og blant eit knippe Høgre-representantar er det krefter som ikkje lenger vil nytte straum frå land til plattformene.

– Eit vanvitig påfunn, seier stortingsrepresentant for MDG, Rasmus Hansson.

Les også Støtten til å elektrifisere sokkelen slår sprekker

Trollutslepet i 1996

I 2014 var MDG med då ein samla opposisjon på Stortinget «pressa» Solberg-regjeringa til å elektrifisere Utsira-høgda.

Olje- og energiminister Terje Aasland har på si side gjenteke at han «står fast på måla» som er formulert i Hurdalsplattforma der det heiter at regjeringa skal sørgje for vidare elektrifisering av sokkelen, men «i størst mogleg grad med havvind».

Det same seier Kari Nessa Nordtun, som er den nye leiaren for Arbeidarpartiets energiutval.

Feirer Utsira-avtale i Stortinget

Terje Lien Aasland (Ap), Heikki Holmås (SV) og Jon Evang frå miljøstiftinga Zero feira vedtaket om å elektrifisere Utsira-høgda med kake i 2014.

Foto: Marte Christensen / NTB scanpix