Hopp til innhold

Vil ha svarfrista for nye kraftverk ned i ti veker

Kraftutbyggarar kan vente i årevis på godkjenning frå staten. Sp-topp seier straumkrisa viser at NVE må jobbe raskare. Mykje raskare.

Turbindeler ved Monstad kai i Åfjord

TURBINDELER: Straumnettutvalet skal foreslå tiltak som kan redusere tida som går med på å gje konsesjonar.

Foto: ingrid lindgaard stranden / NRK

CO₂ i atmosfæren
420.2 ppm
1,5-gradersmålet
+1.02°C
Les mer  om klima

NVE bør maks få ti veker på seg til å handsame kraftkonsesjonar. Det skriv Jon Askeland (Sp), ordførar i Vestland.

NVE er forkorting for Noregs vassdrags- og energidirektorat, og det er dei som gir løyve eller konsesjon til å bygge vindkraft- og vasskraftverk i Noreg.

I ein mykje delt kronikk appellerer Askeland til partikollegaer i regjeringa og ber dei instruere eller «pålegge» NVE om å få opp farta.

Bak appellen ligg ei uro for straumbruken og «den utfordrande kraftnettsituasjonen».

Det bør vurderast same tidsfrist også for departementet, legg Askeland til.

Tidsbruken til NVE har det vore klaga på fleire gonger.

NVE er ein propp i systemet, seier Rein Husebø, som er direktør i Forte Vasskraft.

Må ha tolmod som ein elefant

I desember fortalde NRK om Olav Fuglestrand som har venta i tre år på å få svar på sin søknad. Ein annan utbyggar seier til NRK at den som går i dialog med NVE «må ha tolmod som ein elefant».

Straumnettutvalet eller det såkalla tempoutvalet vart sett ned av dåverande olje -og energiminister Tina Bru (H). Blant oppgåvene deira er å foreslå tiltak som kan redusere tida som går med på å gje konsesjonar.

Rapporten skal vere klar innan 15. juni.

Torbjørn Vereide representerer Arbeidarpartiet på Stortinget. Han «deler ambisjonen til Askeland», men «vil ikkje talfeste kor mykje raskare NVE bør jobbe».

Det same seier Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant frå Venstre:

– Det er heilt nødvendig å få opp tempoet og kapasiteten i NVE, men å setje ein absolutt frist blir litt for mykje Texas. Vi må ta på alvor at det i slike saker kan vere krevjande konfliktar mellom natur- og landskapsverdiar og ønske om å få utbygd og framført meir kraft.

Jon Askeland

TALET ER TI: NVE bør maks få ti veker på seg til å handsame kraftkonsesjonar, seier Jon Askeland (Sp), ordførar i Vestland.

Foto: Leif Rune Løland

Åtvarar mot for stort press på NVE

Sofie Marhaug frå Raudt er 2. nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Ho seier Askeland «har fleire gode poeng», men vil på same tid «åtvare mot for stort press på NVE».

Då kan resultatet bli at omsynet til naturen ikkje blir tatt vare på. Det veit vi så altfor godt i samband med den katastrofale vindkraftutbygginga.

Robert Kippe er prosjektleiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i vindkraftforeininga Norwea.

Det er nødvendig å styrke heile energisektoren for at vi skal greie å gjennomføre det grøne skiftet. Samtidig er vi opptatt av lokal aksept. Difor må vi få til raskare saksbehandling, samtidig som vi involverer lokaldemokratiet på ein god måte, seier han.

I perioden 2013 og 2017 – gjerne omtala som «småkraftboomen» vart 859 søknadar om småkraftverk handsama av NVE.

Sidan har kurva flata ut.

Ufatteleg lang saksbehandlingstid

I tillegg til å handsame konsesjonar er NVE sett til å godkjenne detaljplanar og tekniske planar, planendringar og nettkonsesjonar.

Det går likevel for sakte, seier Knut Olav Tveit i Småkraftforeininga.

Det er ufatteleg lang saksbehandlingstid om dagen. Her om dagen høyrde eg om ein som har venta i to år på ei avgjerd om ei enkel vassregulering. Altså ein liten sak kor det ikkje var negative kommentarar i høyringsrunden.

AURLAND: Vatnet i eit pumpekraftverk vert brukt fleire gonger, omtrent som elektrolytten i et batteri.

TEMPOUTVALET: Straumnettutvalet skal foreslå tiltak som kan redusere tida det tar å konsesjonshandsame nye nettanlegg.

Foto: Hafslund Eco

Amund Vik (Ap) er statssekretær i Olje- og energidepartementet.

Straumnettutvalet skal levere sin rapport før sommaren, og det er for tidleg å ta stilling til ein maksimal tidsfrist på for eksempel ti veker. Men det er viktig å seie at regjeringa er opptatt av å få på plass infrastruktur for kraftforsyning der ho trengst, når ho trengst.

Hei!

Har du tanker om saken du har lest, eller innspill til noe jeg bør vite om? Send meg en e-post!