I ein stille fjord på Vestlandet vil ein mangemilliardær bygge ein svær ammoniakkfabrikk.
Andrew «Twiggy» Forrest er blitt ein av verdas rikaste på gruvedrift. Formuen nærmar seg 250 milliardar kroner.
Milliardæren seier han kjenner eit djupt ansvar for store klimautslepp. No har han funne løysinga i Noreg.

Australske «Twiggy» vil ha straumen vår

Men nokon meiner vi bør seie nei.

Teikningane viser at han har svære planar.

Selskapet hans, Fortescue, vil bygge ein ammoniakkfabrikk i bygda Svelgen i Bremanger kommune.

I tillegg vil dei bygge ein slik fabrikk i Hemnes i Nordland.

Fabrikkane kjem til å bruke enormt med straum.

Nøyaktig kor mykje skal vi kome tilbake til, men for å gi eit bilete:

Omtrent like mykje straum som alle bustadar i Oslo.

Fabrikken i Bremanger kan åleine trenge meir straum enn elektrifiseringa av nokon av dei største olje- og gassfelta våre, som Troll, Oseberg og Njord. Til saman.

Draumen er å lage ammoniakk som drivstoff til skip.

Verdas skipsfart står for omtrent to prosent av dei globale utsleppa av klimagassar, ifylge IEA.

Mange trur at ammoniakk laga på fornybar elektrisitet er framtida. Forrest er villig til å satse milliardar på dette.

Ammoniakken kan også brukast til kunstgjødsel til landbruk og anna industri.

No ventar han på at kommunen skal gi byggeløyve.

Dei lovar minst 35 jobbar. Kanskje det doble.

Men mange er skeptiske.

Planane blir snakka om overalt. Ingen hadde venta noko slikt.

Folk er redde Noreg sløser med energien.

Dei meiner annan industri blir truga fordi straumen kan bli for dyr om vi seier ja til alt.

– Dei kan stikke av med straumen vår.

Oddvin Vårdal (til høgre)

For inne i fjorden ligg smelteverket Elkem Bremanger.

Verket har 228 tilsette, og brukar ein tredjedel så mykje straum som det Fortescue planlegg å bruke.

Elkem har alt åtvara om kva som kan skje med straumprisen.

Smelteverket lagar silisium, som er ettertrakta i mikrobrikker til datamaskiner.

Alt i dag må dei bremse produksjonen når prisane er høge.

– Vi fryktar at ammoniakkfabrikken vil presse straumprisen opp.

Fagforeiningsleiar Øyvind Grindheim.

Men varaordføraren er positiv.

Mykje tyder på at det går mot stort ja-fleirtal i kommunestyret.

«Skal det først kome slike fabrikkar, er det betre at det kjem her hos oss, enn at krafta blir eksportert ut av regionen eller til utlandet.»

Svein Olav Senneset, varaordførar (V)
Varaordførar og italienske ingiørarar

Medan han står på kaia dukkar tre italienarar opp for å ta bilete av neset.

Dei vil ikkje snakke med NRK, men slår av ein prat med politikaren.

Dei er ingeniørarar som er leigd inn for å designe fabrikken.

Dei kan fortelle at det er over 100 personar i gang med prosjektet i Italia.

Ammoniakkfabrikken i Svelgen blir ein av landets verkeleg store straumkundar.

Og over heile Noreg er det planlagt store og små fabrikkar for hydrogen og ammoniakk.

Dei fem største har endå større energibehov enn fabrikken i Bremanger.

Vi har begrensa med fornybar elektrisitet på jorda.

Sintef Ocean meiner det vil gå med enorme mengder straum om dei store skipa på havet skal gå på ammoniakk.

Reknestykket deira viser mellom 5000 - 6000 TWh med straum.

Det er nesten like mykje som alt av fornybar elektrisitet som vart produsert på heile planeten i 2022.

Store mengder energi går nemleg tapt undervegs frå eit kraftverk til propellen på eit stort skip.

Nesten 75 prosent av energien.

– Hadde vi brukt så mykje straum på å fjerne kolkraft, ville CO2-utsleppa globalt blitt kutta med 20 prosent.

Anders Valland, forskingsleiar Sintef Ocean

Men milliardæren vil ikkje gi opp.

Fortescue seier dei satsar tungt på å forbetre teknologien.

Dei seier det grøne skiftet skjer no, og at det er bruk for grøn ammoniakk. At Noreg kan ta leiarskap.

Statnett har gitt grønt lys for å koble ammoniakkfabrikken i Svelgen til straumnettet.

EU har tildelt over to milliardar kroner i støtte.

På Stortinget er politikarar både frå Venstre, Høgre og SV positive til satsingane på nye fabrikkar.

Kampen om nok rimeleg straum har alt starta.

Hydro vil no bygge endå meir vindkraft i distriktet.

Dei seier dei treng meir tilgang for å sikre framtida til dei store smelteverka deira langs Sognefjorden.

Ingen veit nøyaktig kor mykje norsk straum Fortescue vil bruke.

Sintef Ocean seier fabrikkane i Bremanger og Hemnes kan ha bruk for til saman 4,6 TWh med straum årleg.

Noreg produserer omlag 150 TWh i året.

Fortescue svarar at deira eigne tal ikkje er klare endå.

Går alt etter planen blir det byggestart i 2025, med drift frå 2027.

Journalistar

Bård Siem og Asgeir Heimdal Reksnes

Dronefoto

Steinar Lote

Visuell utviklar

Anders Nøkling

Redaktør

Dyveke Buanes

Datasett

Datasett til kartvisualiseringene er levert av Norsk Hydrogenforum
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal