Hopp til innhold

Forsikra at økonomi er uvesentleg

Fiskeriministeren blir i ettermiddag krysseksaminert om motiva for å utsetje hevinga av Fedje-ubåten.

u-864
Foto: Geoconsult/Kystverket

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen opna høyringa med å vise til historikken i saka:

– Eg meiner det med bakgrunn i kvalitetsikringa ville vore uansvarleg å gjennomføre hevinga, sa ho. Og understreka ytterlegare behov for utgreiingar.

Vil minske risikoen

– Regjeringa meiner det er avgjerande å få handtert kvikksølvureininga på ein sånn måte at det utgjer minst mogleg risiko.

– Regjeringa har vald at ein no må vurdera både tildekking og heving av ubåten.

– Regjeringa sitt fokus er omsynet til tryggeleik. Regjeringa meiner derfor det ikkje er grunn til å gå vidare med hevingsalternativet, sa ho.

LES OGSÅ: – Visste om kvikksølvlasten | - Dette er et politisk spill | Overrasket over utsettelse av ubåtheving | – Fryktelig skuffende melding

Representant Arne Sortevik (Frp) har vore sterkt kritisk til at hevinga er utsett.

– Frårår Dovre-rapporten metoden som var valdt? spør han. Og fortset:

– Kor mange slike prosjekt av denne typen har Dovre gjennomført tidlegare?

– Kva garantiar kan statsråde gje for at kvikksølvet vert fjerna, og kva tidsrammer snakkar ein om?

LES OGSÅ: - Vårt mål er uendra | Frykter at økonomi stanser heving | - Regjeringa held vestlandskysten for narr

Berg-Hansen svara at dette aldri er gjort før.

– Den garantien eg kan gje er at dette vil gjerast på den tryggaste og mest miljøvenleg måte. Dette skal gjerast på ein måte som er god for befolkninga på Fedje.

– Økonomiske årsakar?

Magne Rommetveit (Ap), stilte spørsmål om motiva for hevingsutsetjinga:

– Er det økonomiske grunnar som ligg bak tilrådinga om at ein no vil gå ein ny runde?

– Kva tid vil Stortinget få sak til handsaming?

Her var Berg-Hansen kategorisk:

– Det er ikkje økonomiske grunnar! Det er eine og åleine tryggleiksmessige vurderingar som ligg bak vurderinga.

– Stortinget vil tidlegarst få saka i 2011.

Kompetansen i Kystverket

Øyvind Halleraker (H) stilte spørsmål ved kompetansen i Kystverket.

– Dette er eit komplekst arbeid som aldri er gjort i verda tidlegare. Der Kystverket har mangla kompetanse har dei henta inn kompetanse frå andre. Der Kystverket har eiga kompetanse vil dei verta brukt, svara ministeren.

Knut Arild Hareide som leiar høyringa, stilte spørsmål ved sjølve rapporten.

– Finst det godt nok underlagsmateriell som ein saknar i rapporten som regjeringa bygger konklusjonane sine på?

Dette svara Kystdirektør Kirsti Lovise Slotsvik slik på:

– Me forutset at dei har sett seg inn i alt føreliggande materiale. Den har vore lett tilgjengeleg.

NRK.no kjem med meir frå høyringa.

Saken om den senkede tyske ubåten U-864 har vært oppe flere ganger.

Det er vedtatt av ubåten og kvikksølvlasten skal heves.
Og det er vedtatt å utsette hevingen .

LES OGSÅ: U-864 kan havne på Hanøytangen | Raser mot hevingsrapport | Utsetter heving av Fedje-ubåten | U-864 kan havne på Hanøytangen | Raser mot hevingsrapport