Hopp til innhold

- Regjeringa held vestlandskysten for narr

Gulen-ordførar Trude Brosvik (Krf) er rysta over at regjeringa vil utsetje hevinga av ubåtvraket ved Fedje i Hordaland på ubestmet tid.

U-864 ved Fedje
Foto: Geoconsult/Kystverket

- Eg er rysta, og opplever det som svik. Heile vestlandskysten vert haldt for narr og sett på vent.

- Mistenkjer økonomi er motivasjonen

Trude Brosvik

Gulen-ordførar Trude Brosvik (Krf) er rysta over regjeringa

Foto: Vegar Erstad / NRK

BT Nett skriv i dag at regjeringa i morgon kjem til å vedta utsetjing.

Ubåten U-864 vart funnen utanfor Fedje i mars 2003, og det har vore massive aksjonar for å heva den. Grunnen til at den heller ikkje no vert heva, skal vera uvisse kring tryggleiken ettersom vraket inneheld store mengder kvikksølv.

Fedje-ubåten kvikksølvtank

Tankar med til saman truleg 67 tonn kvikksølv i ubåten på 150 meters djup gjer at regjeringa kvir seg for heving.

Foto: Kystverket

Brosvik tek likevel ikkje forklaringa for god fisk.

- Eg mistenkjer dei for at dette er øknomisk motivert. Det eg no forlangar er at dei kjemperaskt kjem opp med nye måtar å heva den på om det ikkje går an på den gamle. Men det er ulike meiningar om det.