Hopp til innhold

- Vårt mål er uendra

– Vårt mål er uendret. Det er å få kvikksølvet fjernet, sier Fedje-ordfører Kristin Handeland. – Det er ikkje endra.

Kristin Handeland

Ordførar Kristin Handeland gir ikkje opp kampen om å få heva ubåten. Her fotografert på Fedje kai i forbindelse med kongebesøket i fjor sommer.

Foto: Jan Inge Ebbesvik / NRK

Fiskeridepartementet la fredag fram si innstilling om hevinga av U-864.

Hevinga av den tyske ubåten utenfor Fedje blir utsatt, men fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) håper arbeidet ved vraket kan starte i 2012.

– Fjerne Kvikksølvet

– For oss på Fedje, og for heile kystbefolkniunga sin del, for dette er eit nasjonalt problem, så har målet heile tida vore det same. Det er å få fjerna kvikksølvet, seier Fedje-ordførar Kristin Handeland til NRK Hordaland etter at utsetjinga vart stadfesta fredag.

LES OGSÅ: Frykter at økonomi stanser heving

Torsdag kom dei første meldingane om at hevinga kunne verta utsett .

Hevingsvedtaket står

– Regjeringa har ikkje endra vedtaket om heving av ubåten, understrekar fiskeriministeren.

– Men prosjektet skal no gjennomgåast på ny. Det betyr utsetjing, men fiskeriministeren vonar arbeidet kjem i gong om to år.

Hevingsprosjektet skal utreidas tpå ny, samstundes som alternativet med å dekke til vraket som inneheld store mengder kvikksølv vert halde ope.

– Den kvalitetssikringsrapporten vi fikk før jul viser at dette er ei komplisert sak. Vi blei rådd ifrå å gå vidare med det prosjektet som no føreligg. Difor gjennomfører vi ei grundigare utreiring for å sikre at dette blir gjort på ein trygg måte både med tanke på for miljø og tryggingstiltak, sier Berg-Hansen til NTB.

– Heving er det beste alternativet, og vi har ikkje endra vedtaket.

– Men vi må gjere det på ein sikker måte. Vi har ikke råd til å utsetje miljøet for ein mislykka hevingsoperasjon, seier Berg-Hansen.