Hopp til innhold

Vurderer Nav-søksmål etter drap: – Rettssaka er av fundamental stor betydning for oss

Marianne Amundsen vart drepen på jobb for Nav. Dei etterlatne håpar rettssaka vil gi bevis for at tryggleiken ikkje var god nok ved kontoret i Bergen.

Nav-ansatt knivdrept i Bergen

VIL HA FLEIRE SVAR: Broren til Marianne Amundsen, som vart drepen på Nav Årstad i fjor haust, håpar rettssaka vil avdekka ytterlegare svikt i tryggleiken til Nav-tilsette. Her jobbar krimteknikarar på åstaden (arkiv).

Foto: Torstein Bøe / NTB

Måndag 20. september i fjor gjekk ein mann inn dørene på Nav Årstad i Bergen. Kort tid etter hadde han gått til knivåtak på to Nav-tilsette inne på eit møterom.

Marianne Amundsen (57) døydde i knivangrepet. Kollega Ida Aulin kom seg ut av rommet, men vart også skadd etter å ha blitt knivstukke.

Måndag må mannen (40) møte i Hordaland tingrett. Han er tiltalt for drap og drapsforsøk.

Familien til Marianne Amundsen er kritiske til at tryggleiken for dei tilsette på Nav-kontoret ved Danmarks plass ikkje var god nok.

– Dødsfelle

Den tiltalte var Nav-brukar på det aktuelle kontoret. Han var inne til eit avtalt møte då han gjekk til åtak på kvinnene.

Broren til Amundsen, Pål Gerhard Olsen, sa til VG i sommar at «søstera vart fanga i ei dødsfelle». Dette fordi møterommet ikkje oppfylte Nav sin minimumsstandard for krav til utforming og sikring av samtalerom.

Nav-ansatt knivdrept i Bergen

DØYDDE: Marianne Amundsen (57) døydde i knivangrepet. Kollega Ida Aulin vart også knivstukken, men kom seg ut av møterommet.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Arbeidstilsynet gjennomførte tilsyn ved Nav-kontoret etter hendinga. Det enda i tolv pålegg. Konklusjon vart at Nav ikkje har gjort nok for å førebyggje vald og trugslar mot tilsette.

Difor har dei pårørande varsla at dei vurderer søksmål mot Nav. Til NRK seier broren til den drepne at rettssaka blir svært viktig for dei.

– Vi håpar rettssaka, gjennom framlegginga av politiet sine åstadundersøkingar og vitneforklaringar, ytterlegare vil dokumentere den sviktande tryggleikstenkinga på Nav Årstad. Med potensielt sett fatale ringverknader for heile Nav-systemet, skriv Olsen i ein e-post.

– Vi ønskjer ikkje å kommentere dette før saka er behandla i rettssystemet. Vi vil forholda oss til eit søksmål dersom eller når dette ligg føre, seier kommunaldirektør Tommy Johansen i Bergen kommune.

Les også Nav-kontoret bygget om etter knivdrap – nå møter de brukere bak glassvegger

Bjarte Hysing-Olsen, ass. Fylkesdir NAV Vestland

Tommy Johansen er kommunaldirektør i Bergen kommune

Kommunaldirektør Tommy Johansen i Bergen kommune.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Håpar på støtte frå fagforeining

Men for å kunne gå til søksmål mot Nav, treng familien økonomisk støtte frå fleire.

– Slik det norske rettssystemet fungerer, vil eit søksmål vera heilt avhengig av at Marianne sin fagforeining, Fellesorganisasjonen, stiller seg økonomisk bak søksmålet, seier Olsen.

– Også av den grunn er rettssaka av så fundamental stor betydning for oss. Sjølv om det jo ikkje er Nav som i første rekke sit på tiltalebenken, held Olsen fram.

Daniel Charles Hextall er pressesjef i fagforeininga til Amundsen.

– Som fagforeining for dei Nav-tilsette jobbar vi for at medlemmane våre skal vera trygge på jobb. Vi følgjer både rettssaka og domfellinga tett. Vi må vurdera om det er aktuelt å støtta eit sivilt søksmål. Hovudpoenget vårt er uansett at arbeidsgivar må sørga for at lokala er trygge for dei tilsette.

Væpnet aksjon på Nav-kontor

STOR AKSJON: Naudetatane rykka ut med enorme ressursar då meldinga om knivmannen på Nav-kontoret i Bergen kom.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Tilrekneleg eller utilrekneleg?

Det er sett av ti dagar til rettssaka i Hordaland tingrett.

Aktor er statsadvokat May-Brit Erstad. Morten Grimstad er forsvarar for den tiltalte. May Britt Løvik er bistandsadvokat for Aulin og dei pårørande til Amundsen.

Hovudspørsmålet i rettssaka er om den drapstiltalte 40-åringen var strafferettsleg tilrekneleg under knivangrepet.

I tiltalen som kom i juli meinte Statsadvokaten at 40-åringen var utilrekneleg. Ho varsla difor påstand om tvungent psykisk helsevern som straff.

Men for få veker sidan snudde statsadvokaten etter ein ny vurdering frå psykiatrisk sakkunnige. Påtalemakta legg no til grunn at tiltalte var tilrekneleg og det er varsla påstand om forvaringsstraff.