Hopp til innhold

Ida overlevde Nav-angrepet: – Kan framleis kjenne dunka frå kniven

Ida Aulin (31) såg kollegaen bli knivdrepen på jobb. Drapsmannen meiner han ikkje kan bli dømt.

Ida Aulin

OVERLEVDE: Ida Aulin var 29 år gammal då angrepet skjedde og kollegaen hennar mista livet.

Foto: Privat

29 sekund.

Det var tida det tok for Abdella Ahmed Haji å knivstikka Ida Aulin og kollegaen Marianne Amundsen minst 45 gongar.

Dei to Nav-tilsette møtte Haji på eit møterom på Nav Årstad i Bergen i september 2021.

Aulin overlevde angrepet. Amundsen mista livet, 57 år gammal.

41-åringen vart i 2022 dømd til 21 års forvaring for drapet.

Han anka dommen fordi han sjølv meiner han var utilrekneleg på gjerningstidspunktet, og at han difor bør dømmast til tvungen psykisk helsevern, og ikkje fengsel.

Dei siste ni dagane har ankesaka i Nav-drapet gått føre seg i Gulating lagmannsrett i Bergen.

Knivstakk minst 45 gongar

– Ida Aulin gjekk frå å vera ei dame i starten av vaksenlivet, med eigen leilegheit til å måtte flytte heim til foreldra i frykt for å vera aleine, sa statsadvokat May Britt Erstad under prosedyrane torsdag.

Statsadvokat May Britt Erstad

May-Britt Erstad sa at Ida Aulin framleis kan kjenne dunka frå kniven frå den dagen ho blei angripen.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Aulin var 29 år gammal då ho og kollegaen vart angripen på jobb. Ho var saksbehandlaren til drapsmannen, og Marianne Amundsen var leiaren hennar.

Dei to møtte mannen saman den dagen, fordi han hadde vore kverulerande og lite samarbeidsvillig tidlegare, ifølge Aulin.

Sekund etter at dei tre møttest, knivstakk Haji Amundsen og Aulin med minst 45 knivstikk.

– Kniven kjem veldig raskt fram. Blikket var iskaldt. Det mørkaste eg har sett, har Aulin tidlegare forklart i retten.

Amundsen vart erklært død på staden. Aulin blei påført knivskadar, men overlevde.

Marianne Amundsen, kvinne med hvit frakk smiler mot kamera

57 år gamle Marianne Amundsen mista livet i knivangrepet på Nav Årstad i Bergen.

Foto: Ole Myklebust Amundsen

– Sitt livs verste augneblink

Etter angrepet flytta Aulin inn med foreldra sine, som har vore til stades og forklart seg både i tingretten og lagmannsretten.

To år etter slit 31-åringen framleis med seinverknadar.

– Ho har kome langt, men kan framleis kjenne dunka frå kniven, seier statsadvokat Erstad.

May Britt Løvik er Aulin sin bistandsadvokat. Ho seier det har vore tøft for Aulin å gå gjennom to rettsrundar.

Bistandsadvokat May Britt Løvik

May Britt Løvik seier Ida Aulin har vore sterkt plaga med både psykiske og fysiske traume etter det som skjedde.

Foto: Synne Sørenes

– Ho blir igjen dradd tilbake til detaljane i sitt livs verste augneblink, kor alt endra seg. Når ein kjempar for å kome vidare, er det brutalt å bli dradd tilbake ved å måtte forklare seg på nytt, seier Løvik.

Hugsar ingenting frå angrepet

Sentralt i ankesaka er spørsmålet om den tiltalte kan dømmast til fengsel eller tvungen psykisk helsevern.

Haji har tilstått handlingane, men seier han ikkje hugsar noko frå angrepet.

Mannen har tidlegare fått diagnosane enkel schizofreni og vrangførestillingar.

Dei psykiatriske sakkunnige i saka, Gunnar Johannessen og Kirsten Rasmussen, meiner likevel at dette ikkje kan forklara drapshandlingane.

Aktor Erstad la derfor ned påstand om at Haji bør dømmast til 21 års forvaring, som er retten sin strengaste straff.

Forsvarar Morten Grimstad og drapsdømde Abdella Ahmed Haji

Haji saman med forsvarar Morten Grimstad.

Foto: Synne Sørenes

– Rettspsykiatrane har forklart at tiltalte sin virkelighetsforståelse er og var intakt. Tiltalte er lik og den same personen som dei sakkunnige har følgt heile tida. Dei ser ingen teikn på sjukdom på opptaka frå angrepet på Nav, sa Erstad i sin prosedyre.

Haji sin forsvarar, Morten Grimstad, meiner mannen var utilrekneleg då han gjekk til angrep og difor må dømmast på mildast mogleg måte av retten.

Les også Bror til den Nav-drepte: – Nav-direktørens unnskyldning er verdiløs

Pål Gerhard Olsen