Hopp til innhold

Marianne drepen på jobb – 41-åring dømt på nytt i lagmannsretten

Abdella Ahmed Haji anka dommen på 21 års forvaring for drapet på Marianne Amundsen. No har Gulating lagmannsrett stadfesta dommen frå tingretten.

Overvåkingsbilde på Nav Årstad

Her kjem tiltalte inn i Nav Årstad sine lokale. Minutt seinare var ein person drepen og ein skadd.

Foto: Nav Årstad

Gulating lagmannsrett held oppe dommen frå Hordaland tingrett, og har i dag kome fram til at dommen på 21 års forvaring blir ståande.

Forsvarar Morten Grimstad seier dei kjem til å anke til Høgsterett.

– Mindretalet i dei to fagdommarane meinte at han skulle ha ein fengselstraff, og ikkje ein forvaringsstraff. Vilkåra var ikkje oppfylt i denne saka, seier Grimstad.

Han meiner at vurderinga til desse to fagdommarane er grundig, og kjem til å basera denne vurderinga inn mot ankespørsmålet til Høgsterett.

Statsadvokat May Britt Erstad bad om 21 års forvaring for Abdella Ahmed Haji.

– Eg er veldig tilfreds med at lagmannsretten har følgt argumentasjonen vår, og at dei ser likt på saka som påtalemakta, seier Erstad.

May Britt Løvik er bistandsadvokat for dei pårørande. Ho seier at dommen er som forventa:

– Det er ein lette at dommen på alle måtar speglar det brutale drapet og drapsforsøket. Dei sivile krava er også gitt fullt ut medhald, og det opplevast rett, sjølv om det aldri kan bøte på korleis det opplevast for dei pårørande, seier Løvik.

Ho fortel at det har vore ei vanskeleg tid for klientane hennar.

– Dei to rettsprosessane har vore ekstremt krevjande for alle mine klientar. Ein håper sjølvsagt at eit punktum er sett i denne straffesaka.

– Det mørkaste eg har sett

Det var 20. september 2021 at Abdella Ahmed Haji gjekk til angrep på Marianne Amundsen i ein brukarsamtale ved Nav sine kontor på Årstad i Bergen.

Han kom til lokalet med ein sekk på ryggen.

I sekken hadde han ein kniv, som han drog fram rett etter at møtet starta.

I løpet av 29 sekund hadde han knivstukke dei to med til saman 45 knivstikk.

Amundsen vart drepen i angrepet, medan Aulin vart påført knivskadar og overlevde.

Marianne Amundsen, kvinne med hvit frakk smiler mot kamera

Marianne Amundsen vart drepen på jobb ved Nav Årstad sine lokale i Bergen hausten 2021.

Foto: Ole Myklebust Amundsen

– Kniven kjem veldig raskt fram. Blikket var iskaldt. Det mørkaste eg har sett, har Aulin tidlegare forklart i retten.

Før jul vart tiltalte dømd til 21 års forvaring for drapet.

Meiner han er psykisk sjuk

Hordaland tingrett meinte mellom anna at angrepet har teke tryggleiken frå dei Nav-tilsette.

Tiltalte sjølv har heile tida meint at han var psykisk sjuk då drapet skjedde, og at han ikkje skal ha fengselsstraff.

I staden ville han ha tvungen psykisk helsevern.

Dette meinte også påtalemakta inntil rett før rettssaka i tingretten.

Då endra dei tiltalen etter ordre frå Riksadvokaten.

Tiltalte har heile tida hevda at han ikkje hugsa noko av handlinga.

Statsadvokat May Britt Erstad

Statsadvokat May Britt Erstad har lagt ned påstand om 21 års forvaring etter drapet på Marianne Amundsen på Årstad i 2021.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Forsvarar bad om mildast mogleg behandling

Då han vart dømt til forvaring i tingretten, anka han dommen vidare til lagmannsretten.

– Me meiner han er psykisk sjuk, sa mannen sin forsvarar, advokat Morten Grimstad då saka vart anka.

Dette vart gjenteke då ankesaka starta i Gulating lagmannsrett i midten av august.

I sin prosedyre bad Grimstad om at klienten skulle behandlast på mildast mogleg måte.

Påtalemakta la ned same påstand som i tingretten, nemleg 21 års forvaring.

Lagmannsretten har no konkludert.

Mann tiltalt for Nav-drapet i retten, med ryggen til. etter avtale med forsvarer Morten Grimstad (også i bildet)

Den tiltalte etter Nav-drapet meiner han var psykisk sjuk og at han ikkje skal straffast me forvaring.

Foto: Jon Bolstad / NRK