Hopp til innhold

Unge legar åtvarar mot «macho»-haldning: Meiner fleire menn kunne unngått tidleg død

– Ingen ønskjer eit samfunn der menn skal føla skam og skuld for å be om hjelp.

Menns psykiske helse

BEKYMRA: Lege Audun Brendbekken (til venstre) og medisinstudent Magnus Hofbauer meiner foreldre og lærarar må snakka meir med gutar om helsestasjon for ungdom.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Det seier medisinstudent Magnus Hofbauer og lege Audun Brendbekken, som begge har vore legevikarar ved helsestasjonen for ungdom i Bergen.

Dei har sett kor få gutar som brukar dette tilbodet.

Problemet gjeld også vaksne menn. Tal frå Bufdir viser at kvinner går til fastlegen i snitt tre gongar i året, medan menn gjer det to gongar i året.

– Ingen ønskjer eit samfunn der menn skal føla skam og skuld for å be om hjelp, skreiv dei nyleg i eit debattinnlegg i Bergens Tidende.

Slår alarm om lege-vegring

Dei viser til at menn ofte blir skildra som sterke og sjølvstendige, og skal klara seg utan hjelp frå andre.

– Vi trur at slike rådande mannsideal har klare og alvorlege effektar for helsa til menn.

Sundag snakka dei om problemet i programmet Helgemorgen på NRK, saman med leiaren i Mannsutvalget som la fram sine 35 forslag i førre veke.

Utvalet er uroa over at menn generelt brukar helsetenestene mindre enn kvinner.

– Eitt av forslaga våre er at vi må gjera noko med helsetilboda, så dei treff menn betre, til dømes helsestasjon for gutar, seier utvalsleiar Claus Moxnes Jervell.

Mannsutvalget skriv i rapporten at i perioden 2017-2019 var det 16 prosent norske menn mellom 20 og 50 år som ikkje hadde vore hjå legen, mot berre 6 prosent av kvinnene.

Les også Dette er Mannsutvalgets 35 anbefalte tiltak for å hjelpe gutter og menn

Marius Vigsnes med datteren Mille på babysang.

Utenfor ved Helsestasjon for ungdom i Sarpsborg

Jenter kjem ofte til helsestasjonane på grunn av prevensjon. Gutar har ikkje same inngangsport til helsetenesta.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

– Må ufarleggjera det

Problemet har vore kjent ei stund, og fleire kommunar har forsøkt å finna løysingar. I Oslo og Sandnes er det eigne helsestasjon for gutar, mens Bergen har prøvd med eigen gutekø. Likevel er jentene i stort fleirtal.

Lege Audun Brendbekken seier jentene ofte kjem til helsestasjonane på grunn av prevensjon.

– Gutar manglar kanskje ein inngangsport til helsetenesta. Vi møter ein del jenter som treng hjelp med prevensjonsrettleiing. Gutar har ikkje har det same naturlege kontaktpunktet, seier Brendbekken.

Brendbekken og Hofbauer meiner samfunnet må jobba både langvarig og heilskapleg for å få gutar til å be om hjelp på helsestasjonane.

Blant anna utfordrar dei foreldre og lærarar til å snakka med ungdommane om helsestasjonane for å ufarleggjera tilbodet.

Dei to etterlyser også meir forsking på kjønnsforskjellar i bruken av helsetenestene.

Leder for Mannsutvalget, Claus Jervell, presenterer rapporten til Kultur- og likestillingsdepartementet torsdag.

Leiar i Mannsutvalget Claus Moxnes Jervell trur ein veg å gå kan vera å få fleire menn inn i helseyrke.

Foto: NTB

Kan unngå tidleg død

Kronikkforfattarane er opptekne av at menn generelt døyr tidlegare enn kvinner her i landet.

Dei meiner at viss menn hadde gått oftare til lege, kunne ein oppdaga sjukdomsteikn og unngått for tidleg død.

Her kan tilbodet til unge gutar vera viktig, meiner dei.

Det å starta tidleg gjer at ein bygger ein trygg relasjon med helsetenesta. Skulle du då få symptom på noko seinare, så er terskelen lågare for å gå til lege, seier Magnus Hofbauer.

Menns psykiske helse

Lege Audun Brendbekken (til venstre) og medisinstudent Magnus Hofbauer meiner tidleg legehjelp for menn kan hindre tidleg død.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Vil ha fleire menn i helseyrke

Leiaren i Mannsutvalget meiner det er viktig at menn blir komfortable med å oppsøka helsetenesta allereie i ung alder.

– Eg trur det er veldig viktig, og eg trur vi kan gjera noko med det, seier Claus Moxnes Jervell.

– Eg trur det å få fleire menn inn i helseyrke, og det har vi forslag til tiltak på, er ganske viktig. Dermed kan tenesta spegla brukarane i større grad. Det trur eg er viktig, seier leiaren i Mannsutvalget.

Han meiner også at helsetilbodet til gutar kan tilpassast på andre måtar, til dømes ved å arrangera eigne gutekveldar på helsestasjonane eller andre møtestader for gutar.

Helsedirektoratet er kjent med problemet med at få gutar brukar helsestasjon for unge.

Dei skriv i sin rettleiar at det er viktig at gutane opplever god tilgang til skulehelsetenesta og helsestasjonane. Dei ber også om at kommunane tilpassar tilbodet etter gutane sine behov.

Les også Menn i dameland

Adam Njå i en park.