Hopp til innhold

Ny tiltale etter Nav-drapet: Meiner tiltalt 40-åring ikkje var utilrekneleg

På kort tid har statsadvokaten gått frå å villa dømma 40-åringen tvungen psykisk helsevern til å villa dømma han til straff.

Blomar ved Nav Årstad tirsdag

TILTALT: Mannen som gjekk til angrep på Nav Årstad er tiltalt for drap og drapsforsøk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det er teke ut ny tiltale etter Nav-drapet i Bergen i september 2021. Ein 40 år gammal mann er tiltalt for å ha drepe ein tilsett i Nav og for drapsforsøk på ein annan Nav-tilsett.

I den nye tiltalen er formuleringa om at mannen blir rekna som utilrekneleg fjerna frå tiltaleteksten.

Sist det kom tiltale i saka sa statsadvokaten det ikkje var grunnlag for påstand om ordinær straff.

På kort tid har dette no endra seg.

Dette er nytt frå påtalemakta:

  • Går frå påstand om tvungen psykisk helsevern til påstand om forvaring.
  • Formuleringa om at mannen er utilrekneleg er fjerna.

Fekk ordre om å ut ny tiltale

I den nye tiltalen tar statsadvokaten atterhald om at det kan bli lagt ned påstand om forvaring. Tiltalen er skriven på nytt etter ordre frå Riksadvokaten.

Det var på formiddagen 20. september i fjor at to tilsette vart knivstukken av ein klient på Nav Årstad i Bergen.

Ein 57 år gammal kvinne døde av skadane ho blei påført, medan ein 29 år gammal kollega av henne blei lettare skadd.

– Utgangspunktet no er at me vil gå for ein straff. Det er blitt innhenta ei tilleggserklæring frå dei sakkunnige, og den gjer at spørsmålet om tilreknelegheit står i et anna lys. Som saka står no, meiner me han er tilrekneleg, seier statsadvokat May-Britt Erstad til BT.

Etterlatne informert

May Britt Løvik er bistandsadvokat for sju personar i saka.

Seks av dei er etterlatne, medan den siste er kvinna som vart skadd i åtaket.

– Dei er informert. Utover det har dei ingen kommentar, seier Løvik til NRK.

Forsvararen til mannen, Morten Grimstad, vil ikkje kommentera den nye tiltalen enno. Først må han gå gjennom tiltalen med klienten sin, seier han til NRK.

Les også Kvinne i 50-åra døydde etter knivstikking på Nav-kontor