Hopp til innhold

Ny rapport: Småkraft kan gje meir straum enn all vindkraft gjer i dag

Ny rapport seier at potensialet i småkraft er stort nok til å dekke det dobbelte av straumbruken i Oslo.

Helgåa Kraftverk i Møre og Romsdal.

HELGÅA KRAFTVERK: I fjor vart det sett i drift 53 nye småkraftverk, som i alt produserte 0,7 TWh.

Foto: Leon Stranden

Det er mogeleg å bygge ut 16,7 terawattimar (TWh) med ny småkraft i åra fram mot 2030.

Det er konklusjonen i ein ny rapport (sjå faktaboks). Eit småkraftverk er eit lite kraftverk som har ein produksjonskapasitet på under 10 MW.

Eg heldt på å dette av stolen da eg så tala, seier Knut Olav Tveit, som er leiar i Småkraftforeninga.

Småkraftforeninga representerer norske småkraftinteresser og er dei som har tinga rapporten. (Saka vart oppdatert med denne opplysninga 14.04).

Norsk lov slår fast at store vasskraftprosjekt skal vere i offentleg eige. For småkraftverk gjeld ikkje dette kravet, og blant investorane er bønder og andre grunneigarar.

Tveit seier talet er «oppsiktsvekkande» av fleire grunnar. Bakom syng det grøne skiftet som vil auke den norske straumbruken og framskrivingar som seier at Noreg for første gong styrer mot eit kraftunderskot.

I tillegg kjem ein skjerpa europeisk energimarknad etter at russisk gass fall i unåde.

16,7 TWh er til samanlikning det dobbelte av kraftforbruket i Oslo i løpet av eitt år, og meir enn det dobbelte av opprusting- og utvidingsspotensialet som NVE legg til grunn (7,6 TWh).

Norsk vindkraft produserte 11,8 TWh i 2021.

Peiker mot eit stort og uutnytta potensial

Vasskraft er den energiforma som kan realiserast på kortast tid, og denne rapporten peikar mot eit stort og uutnytta potensial, seier Nikolai Astrup, som er energipolitisk talsperson i Høgre.

Tidlegare i april la partiet fram ei oppdatert energimelding der dei viser til den nye rapporten.

Ei veke seinare presenterte olje- og energiminister Terje Lien Aasland (Ap) Støre-regjeringa si «tilleggsmelding» til energimeldinga frå 2021.

Rapporten er signert Øystein Grundt, som har vore seksjonsleiar for småkraftseksjonen i NVE; og Rein Husebø, som er administrerande direktør i Forte Vannkraft.

Osdalen kraftverk

OSDALEN: Ny rapport seier det er mogeleg å bygge ut 17 terawattimar (TWh) med ny småkraft i åra fram mot 2030.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Den usikre energisituasjonen i Europa

Tidlegare utrekningar for potensialet i småkraft har lagt til grunn at utbyggingsprisen, altså grensa for kva som er «god butikk», ikkje må overskride 5 kr/kWh.

Forfattarane av rapporten meiner denne er for låg, og føreslår ei investeringsgrense på nærmare 7 kr/kWh.

Dei legg til:

Med den usikre energisituasjonen i Europa kan dette auke dei nærmaste åra.

Det same seier vasskraft-ekspert Leif Lia, som er professor ved NTNU.

Med den framtidige kraftsituasjonen og det at Noreg skal venne seg til kostnadsnivået til havvind, trur eg ikkje at 7 kr/kWh er for høgt heller, seier han.

Rapporten tek i tillegg høgde for auka avrenning og mildvêrsperiodar gjennom vintersesongen.

Det siste i tråd med kraftmarknadsanalysen til NVE som seier at smelting og auka nedbør grunna klimaendringar kan gi 4 TWh meir vasskraftproduksjon innan 2040.

I fjor vart det sett i drift 53 nye småkraftverk, som i alt produserte 0,7 TWh. Det svarar til forbruket til om lag 35.000 bustader.

Kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup

STORT POTENSIAL: – Denne rapporten peiker mot eit stort og uutnytta potensial, seier Nikolai Astrup, som er energipolitisk talsperson i Høgre.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ønsker småkraftprosjekt velkommen

Støre-regjeringa varslar i Hurdalsplattformen at dei vil legge betre til rette for småkraft, men også «gjere ein gjennomgang av lovverket knytt til småkraft med sikte på å sikre nasjonalt eigarskap i sektoren».

NRK har tidlegare skrive om utanlandske pensjonsfond med grøn profil som kjøper seg opp i norske småkraftverk.

Regjeringa vil auke norsk vasskraftproduksjon og ønsker gode prosjekt, også småkraftprosjekt, velkommen, seier Elisabeth Sæther (Ap), som er statssekretær i Olje- og energidepartementet.

Per 31. desember 2021 var det 290 småkraftprosjekt med konsesjon som framleis ikkje var bygd ut.

Sæther legg til:

Vi registrerer at Småkraftforeninga meiner det er eit betydeleg potensial for lønnsam småkraft. Vi håper fleire av prosjekta som alt har fått konsesjon snart ser dagens lys og vonar det kjem søknader om fleire.

Osdalen kraftverk

VELKOMEN: – Regjeringa ønsker småkraftprosjekt velkommen, seier Elisabeth Sæther (Ap) Olje- og energidepartementet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kan ikkje bygge oss unna

Aud Hove er styreleiar i Kraftfylka, som organiserer dei største kraftproduserande regionane i Noreg.

Til rapporten seier ho at «det gjeld ha fleire tankar i hovudet samtidig».

På den eine sida treng landet meir fornybar energi. På den andre sida krev det grøne skiftet omstillingar og prioriteringar «som vi ikkje kan bygge oss unna».

Samstundes ser vi eit villare, våtare og varmare klima som krev flaumtiltak, og då kan det å førebygge flaum kombinerast i større grad med å utnytte vatnet. Då kan småkraftverk ha, og få, ei viktig rolle.