Hopp til innhold

Ny framskriving: NVE trur klimaendringar vil gje meir vasskraft

Smelting og meir nedbør vil i 2040 gje ekstra vasskraft tilsvarande forbruket til 200.000 husstandar. Men gevinsten frå smelta isbrear blir kortvarig.

Odda 20150703.
Stor snøsmelting i fjellene i Sør-Norge gir økt vannføring øst og vest for Langfjella. NVE har sendt ut flomvarsel på nest øverst nivå, og flere steder er vannføringen doblet på bare noen få dager. 
Foto: Jan Kåre Ness / NTB

HØG VASSFØRING: Stor snøsmelting gir høg vassføring i vassdrag, som her i Odda. Isbresmelting gjer at det kan skje oftere i framtida.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Smelting og auka nedbør grunna klimaendringar kan gje 4 TWh meir vasskraftproduksjon innan 2040. Det seier den nye kraftmarknadsanalysen til NVE, som vart lagt fram på Energidagane.

NVE har også kasta blikket enda lengre fram. I ein rapport om «verknader av klimaendringar» skriv dei at «klimaendringane åleine» kan sørgje for 8 TWh meir vasskraft innan utgangen av hundreåret.

Deretter blir det ikkje meir vatn å hente frå isbreane som ein gong var.

– Vi forventar deretter at tilsiget frå isbrear vert kraftig redusert (...) etter kvart som isbreane smelter bort, skriv dei.

I alt trur NVE at den norske kraftproduksjonen kjem til å auke med 28 TWh fram til 2040, medrekna 3 TWh frå turbinopprustingar og 5 TWh frå utvidingar av nye vasskraftverk.

Årsforbruket i Stor-Oslo er til samanlikning på om lag 18 TWh.

Kor mykje Noregs kraftforbruk vil auke framover, kjem an på tempoet i det grøne skiftet.

NVE anslår 159 TWh forbruk i 2030, mens Statnett ventar 172 TWh. Kraftproduksjonen er i dag på rundt 150 TWh i eit normalår.

Vasskraft ikkje nemnt i statsbudsjettet

I Hurdalsplattformen skriv Støre-regjeringa at ho vil «auke norsk vasskraftproduksjon, blant anna ved å oppgradere og fornye eksisterande vasskraftanlegg.»

Vidare varslar regjeringa at ho vil sette ned ein energikommisjon og stimulere til «grøne investeringar i vasskraft».

Men då regjeringa la fram justert statsbudsjett for 2022 denne veka, var vasskraft ikkje nemnt.

Endring i energitilsig i eit tenkt 2071

MEIR TILSIG: Endring i energitilsig frå 1989‐2018 til 2071‐2100. Den tykke røde streken er gjennomsnittet av framskrivingane.

Foto: NVE

Til samanlikning sende Olje- og energidepartementet ut to ulike pressemeldingar om hydrogen og havvind.

– Det er skuffande at dei ikkje legg større vekt på vasskraft, seier Niklas Kalvø Tessem, dagleg leiar i Kraftfylka, som organiserer dei største kraftproduserande regionane i Noreg.

Han får støtte frå Øistein Schmidt Galaaen, direktør i organisasjonen Norwea, som arbeider for å fremme norsk fornybar energiproduksjon.

– Vi forventar at ambisjonane for vasskraft i plattforma vert omsett til handling, seier han.

pj1cwkSgN7k

IKKJE NEMNT: Då Støre-regjeringa la fram sitt eige justerte statsbudsjett for 2022 denne veka, var vasskraft ikkje nemnt.

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Skattlegginga av vasskraftnæringa er «dust»

Vasskraftbransjen har over tid klaga over skatteregimet, og vart delvis høyrt då Solberg-regjeringa innførte ein kontantstraumskatt for ny vasskraft.

Målet med skatteomlegginga var å sikre større kraftproduksjon innan vasskraft.

– Omfanget av dette er ikkje vurdert i den siste langsiktige kraftmarknadsanalysen, men signal frå bransjen kan tyde på at fleire prosjekt vil starte opp som følge av ordninga, seier seksjonssjef i NVE, Ann Myhrer Østenby.

NRK fortalde tidlegare i år om det kommunalt eigde kraftverket ved Eidsfossen i Gloppeelva som køyrde på halv maskin for å «snike seg under» grenseverdien for grunnrenteskatt.

Eit bilete på kor «dust» skattlegginga av vasskraftnæringa framleis er, meiner NTNU-professor Leif Lia.

Han vil ha ein fritaksperiode etter at gamle kraftanlegg vert oppgradert, slik at skattetrykket blir lågare «i den fyrste og kritiske fasen».

Han legg til:

– Men eigentleg er det overraskande mykje konkret om vasskraft i Hurdalsplattforma. Eg er alltid optimist, så no gjeld det å omsette dette i noko som blir noko av.

CO₂ i atmosfæren målt i deler per million partikler (ppm)
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

– Vasskraft inneber store inngrep i naturen

Ifølge nye tal frå NVE er potensialet for utbygging av vasskraft nærare 23 TWh, utan at verna vassdrag vert rørt.

Kor mykje som faktisk vert bygd ut, vil avhenge av kva som er miljømessig akseptabelt og kva som er lønnsamt for investorane.

– Vi må huske at også vasskraft inneber store inngrep i naturen, seier Anders Lie Brenna, redaktør i klimamagasinet Europower.

Han legg til:

– Det vatnet du ser når du står og beundrar eit vakkert vasskraftverk, er vatnet som ikkje brukast til å produsere straum.

Årlig avvik fra normaltemperatur i Norge sammenlignet med snittet i perioden 1991-2020
Gå til NRKs Klimastatus