– Det er ei stor avgjerd å ta, seier Stian Hårklau.
Han er styreleiar i Holsen Kraft, eit småkraftanlegg som utnyttar eit fall på 451 meter i Norddøla, like ved Holsavatnet i Sunnfjord kommune.
I det siste har det vore mange telefonar, fortel han. Frå utanlandske investorar som seier dei er interesserte i å kjøpe kraftverket.
– Tidspunktet for å selje har kanskje aldri vore betre, men vi sit førebels i ro, seier Hårklau.
PÅ GJERDET: Styreleiar for Holsen Kraft, Stian Hårklau, seier dei ikkje vil selje no, men vil vurdere det.
Dilemmaet hans kan minne om det som møter nye huseigarar i banken: Binde renta, eller håpe at tida framover blir endå meir lukrativ?
– Kaffipraten har vorte meir intens. Låge straumprisar kombinert med at prisen på småkraftverka har stige, har fått mange grunneigarar til å tenkje seg om, seier Knut Olav Tveit.
Han er dagleg leiar i Småkraftforeninga, ein interesseorganisasjon som samlar medlemmer frå meir enn 400 kraftverk.
ARVESØLV: Dagleg leiar i Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit, seier fallrettane er arvesølvet til grunneigarane.
Foto: SmåkraftforeningaVil ha «grøn» kraft
Norske småkraftverk er attraktive for utanlandske pensjonsfond fordi eigarane spør etter grøne investeringar, forklarer Petter Sætre, bransjeansvarleg for småkraft og energi i Sparebanken Møre.
– Fleire av dei har mandat frå eigarane sine om at eit minimum av investeringa skal vere grøn.
I fjor var 18,3 prosent av i alt 737 norske småkraftverk på utanlandske hender, viser tal frå NVE.
Sidan har det vore meld om ei rekke sal.
I juli kjøpte Småkraft AS, som er eigd av det nederlandske pensjonsfondet APG, halvparten av aksjane i Ytre Kandal Kraft i Gloppen kommune i Nordfjord.
Det nederlandske pensjonsfondet er i dag den største utanlandske eigaren på norsk jord (sjå faktaboks).
– Meir utanlandsk eigarskap
– Vi har i løpet av året 340 GWh i produksjon, og det åleine utgjer rundt 5 prosent av den private småkrafta som er bygd etter år 2000. Det gir ein økt andel utanlandsk eigarskap, seier Rein Husebø.
Han er administrerande direktør i Forte vasskraft, som bygger, eig og driv småkraftverk i Noreg. Selskapet er eigd av det sveitsiske kapitalforvaltningsselskapet Fontavis.
Den praktiske betydninga av å få inn utanlandske eigarar er betre tilgang på kapital, seier han.
– Det vert difor bygt ut fleire nye småkraftverk enn det ville blitt gjort utan nye eigarar.
Heimfall til grunneigar
Vassdragslovgivinga slår fast at store vasskraftprosjekt skal ha offentleg eigarskap, og 90 prosent av norsk vasskraftproduksjon er offentleg eigd.
For småkraftverk gjeld ikkje kravet til offentleg eigarskap.
Ein anna forskjell er at private fallretter ikkje vert selde, men vert leigde ut. Som hovudregel i 40 til 60 år.
Etter leigeperioden er det privat avtalt heimfall til grunneigar, og ikkje bortfall til staten.
Slik vert det lokale eigarskapet teke vare på, forklarer Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga.
– Det er vassfallet som er arvesølvet, ikkje turbinen, seier han.
NYE EIGARAR: I desember 2019 blei Helgåa kraftverk i Vanylven kommune seld til Småkraft AS.
Foto: Leon StrandenNVE har i dag ikkje ein systematisert oversikt over eigarskapet i dei ulike småkraftverka i tida før 2019.
Det vil krevje eit omfattande kartleggingsarbeid, forklarer Ann Myhrer Østenby, seksjonssjef for ressurs og kraftproduksjon i NVE.
– På noverande tidspunkt har vi ikkje planar om å sjå på eigarstruktur tilbake i tid, seier ho.
– Dei utanlandske er villige til å betale meir.
I desember 2019 blei dei to kraftverka Røfsdalselva og Helgåa i Vanylven kommune seld til Småkraft AS.
Bak salet sto 30 grunneigarar i Myklebust sameige. Ein av desse er Leon Stranden.
Han fortel at dei fyrst lufta interessa blant norske investorar, men at dei norske investorane forventa høgare og raskare avkasting enn dei utanlandske.
Då vart valet enkelt.
– Dei utanlandske er villige til å betale meir.