Energiminister Terje Aasland erkjenner at målet om 34 TWh meir kraft innan 2030 ikkje er innan rekkevidd.
– Eg trur ikkje vi klarar å auke kraftproduksjonen så mykje. Vi må vere realitetsorienterte, seier han.
Sjå seansen frå Stortinget under.
34 TWH er kraftmengda som Miljødirektoratet meiner er nødvendig for at Noreg kan innfri målet om 55 prosent utsleppskutt innan 2030.
Energikommisjonen tok hardare i og føreskreiv at Noreg treng «minst 40 TWh» kraft til all elektrifiseringa.
Eit mindretal i utvalet tok dissens og innvende at målet var «altfor ambisiøst».
På same vis har fleire etterlyst ein «ærlegare» debatt om kva som er realistisk å få til innan 2030, som berre er seks år unna.
I eit forsøk på å føre debatten ned på bakken har parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad , opna for å skyve på klimamålet.
– Dette er elefanten i rommet, sa ho i 2022.
Fleire tilløp til å snakke om snabeldyret har vore slått ned av statsminister Jonas Gahr Støre.
I staden har han stått fast på målsettinga og avvist at det er «stussleg» eller på anna vis naivt å leve i håpet.
– Handa mi er ikkje stussleg, sa statsminister Jonas Gahr Støre, da han som einaste partileiar vitna om si tru på at Noreg er i rute til 2030.
– Trur ikkje Støre ville rekt opp handa i dag
Stortingsrepresentant for Frp, Terje Halleland, tolkar «innrømminga» til energiministeren som eit teikn på at sanninga har begynt å søkke inn – også i regjeringskollegiet.
– Eg trur ikkje Støre ville rekt opp handa i dag, seier han.
I 2023 blei det sett i drift mindre enn 1 TWh ny fornybar kraftproduksjon.
Halleland legg til at ein ny og ærlegare debatt om klimamåla ikkje handlar om å kapitulere eller resignere – men om å kjøpe fleire europeiske utsleppskvotar.
– I staden for å sole seg i glansen av ambisiøse klimamålsetjingar, bør regjeringa handle klimakvotar. Systemet er til for å bli brukt, seier han.
Andre har gjort eit poeng av at eit mål først og fremst er til for å ha noko å strekke seg etter.
Idet eit mål blir tatt igjen, er det ikkje lenger eit punkt å navigere etter.
– Eg trur ikkje Støre ville rekt opp handa i dag, seier Terje Halleland (Frp).
Foto: NTB– Justeringa av Enova-mandatet var heilt feil
I mai konkluderte ein rapport frå Thema med at Noreg styrer mot eit kraftunderskot på 6 TWh i 2030.
Reknestykket la til grunn at det blir bygd 9 TWh ny kraftproduksjon i fram mot 2030, mens forbruket aukar med 33 TWh.
Equinor ber om at regjeringa bruker minst 45 milliardar kroner på nye havvindprosjekt fram mot 2040, og at klimamålet står på spel: «Det er viktig å presisere at vi ikkje ber om meir pengar til olje- og gassnæringa, men at inntektene til staten frå CO2-avgifta kan utnyttast betre for å bygge ut svært velkommen kraft for alle», skriv Equinor-toppane Anders Opedal og Kjetil Hove i eit lesarinnlegg i DN.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBSom eit svar på utfordringa lanserte fornybar-bransjen 17 strakstiltak for å sikre raskare kraftproduksjon og meir effektiv energibruk i Noreg.
Tre av punkta gjaldt energifondet Enova, som har blitt kritisert for å prioritere gigantomane prestisjeprosjekt på kostnad av støtteordningar til folk flest.
– Justeringa av Enova-mandatet var heilt feil, uttalte energiminister Terje Aasland (Ap) til Teknisk Ukeblad førre veke.
Han varsla ei kursendring der oppdraget til Enova blei skrudd meir i retning av å gi pengestøtte til «meir folkeleg teknologi» som solceller og varmepumper.
På same tid varsla han tiltak for å greie ut kjernekraft i all si breidde.
En felles skala for å sammenligne ulike klimagasser. Utslipp av gasser som metan og nitrogenoksid regnes om til den mengden CO₂ som ville gitt samme klimaeffekt.
Seier nja til kjernekraft
På bestilling frå energidepartementet skal eit ekspertpanel greie ut energibehov, sikkerheitsspørsmål, avfallsproblematikk, kostnader og teknologi.
Nyheita blei mottatt som ei symboltung kursendring etter at regjeringa så langt har halde alle kjernekraft-forslag på ei armlengdes avstand.
Sist veke var 70 kjernekraftekspertar frå heile verda samla til tryggleikskonferanse i Loen i Nordfjord.
Utgangspunktet er det som truleg er Noregs lengstlevande internasjonale forskingsprosjekt, det såkalla Haldenprosjektet (sjå under) som starta i 1958.



– To ting vi verkeleg kan få på bordet er sikkerheit og kompetanse, seier sjefforskar ved institutt for energiteknikk (IFE), Andreas Bye, som leier Haldenprosjektet.
Direktør ved Institutt for energiteknikk, Nils Morten Huseby meiner den norske atomdebatten er ramma inn av to grøfter – begge to oppskrifta på ei snarleg kraftkrise:
- Dei som seier at kjernekraft er løysinga, og at vi derfor ikkje treng å gjere noko anna.
- Dei som seier kjernekraft ikkje er løysinga, og at vi derfor ikkje treng å bruke meir energi på det alternativet.
– Nøkkelen er å finne balansen mellom desse to grøftene. Elles hamnar vi i ei kraftkrise, før eller sidan.



Direktør ved instituttet, Nils Morten Huseby ønsker den norske atomdebatten velkommen, men saknar meir fokus på fakta og tryggleik.
- Naturviterne
Morten Wedege, forbundsleiar i Naturviterne
– At nødvendig grøn omstilling vil krevje meir fornybar kraftproduksjon er openbert. Men det er ikkje like openbert at alle eksisterande og nye næringar skal ha lik tilgang til energi. Vi må ikkje nødvendigvis akseptere dei høgaste vekstframskrivingane. Eg trur det er på overtid at vi nå begynner diskusjonen om elektrifisering av gassproduksjon er rett prioritering.
- NTB
Terje Halleland, Framstegspartiet
– Det må komme planar på bordet som viser at det er ein samanheng mellom ny kraftproduksjon og -bruk. I utgangspunktet ønsker eg at alle som ønsker det skal få tilgang til kraft, men i dagens situasjon med nesten ingen ny kraftproduksjon, stor sensibilitet i kraftprisane og eit kraftunderskot i nær framtid, må tilgangen regulerast tøffare.
- NTB
Truls Gulowsen, Naturvernforbundet
– Sidan Energikommisjonen presenterte rapporten sin har vi vore klare på at både anslaget for nytt forbruk og ny produksjon innan 2030 er urealistisk. Vi har også vore imot å bruke knappe fornybare kraftressursar til elektrifisering av oljesektoren, inkludert Melkøya. Det er derfor bra at Statnett, Klimautvalget 2050 og stadig fleire andre nå begynner å be om meir realisme i kraftdebatten.
- NTB
Nikolai Astrup, Høgre
– Mangel på kraft er i ferd med å kortslutte klimaomstillinga i Noreg. Viss vi skal få ned straumprisane, kutte utslepp og legge til rette for nye arbeidsplassar, så er vi heilt avhengig av at det blir bygd ut meir kraft, meir nett og at det blir lagt betre til rette for energieffektivisering.
- NTB
Sofie Marhaug, Raudt
– Det er ikkje grønt alt som glimrar. Vi må ha ein reell debatt om korleis vi kuttar utslepp best mogleg, og kva slags jobbar vi eigentleg skal ha. Det er forskjell på utsleppskutt og såkalla ny, grøn industri. Sanninga er at mange av desse prosjekta konkurrerer med arbeidsplassar som treng krafta, og som vi skal leve av i framtida òg.
- Caroline Dokken Wendelborg
Stig Schjølset, Zero
– Politikarane må bli mykje betre på å prioritere kva krafta skal brukast til. Da meiner eg utsleppskutt må komme først. Noreg har signert ein avtale i Dubai der landa forpliktar seg til ei tredobling av fornybarproduksjonen innan 2030. Vi har også forplikta oss til å halvere eigne utslepp, og det klarer vi ikkje utan å både frigjere og produsere meir kraft.
- NTB
Kjell Ingolf Ropstad, KrF
– Regjeringa bør gjere det dei kan for å auke kraftproduksjonen vesentleg både innan 2030, 2040 og 2050. Nå er det likevel høgst uklart kor den auka kraftproduksjonen skal komme frå. Vi må vere opne for alle kraftformer, og det er blant anna derfor KrF ønsker å opne for kjernekraft.
- NTB
Arild Hermstad, MDG
– Det er fullt mogleg å auke produksjonen med 30 TWh fram til 2030, og vi kan også frigjere 10 TWh med å seie nei til elektrifisering av sokkelen. Men dette krev at regjeringa tenker heilt nytt og samtidig betyr det at vi må satse meir på småskala løysingar enn det Energikommisjon tar til orde for.
- NTB
Ola Elvestuen, Venstre
– Vi meiner det er mogleg å få til både 8 TWh solenergi og 10 TWh i energiøkonomisering innan 2030. Samtidig kan det ferdigstillast noko vindkraft, fleire vasskraftverk kan oppgraderast, vi kan få i gang meir produksjon av biogass og klimagassutsleppa på Melkøya må kuttast med gasskraftverk med karbonfangst og -lagring – og ikkje med kraft frå land.
- NTB
Lars Haltbrekken, SV
– Vi må slutte å elektrifisere sokkelen med kraft frå land, og heller gjere det raskt med havvind. Det vil krevje at vi stiller nokre tøffe krav til oljeindustrien, men det er vi klare for. Vidare må vi innføre konsesjon for datasenter, slik at vi kan seie nei til kryptomining.
- Norsk Klimastiftelse
Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar Norsk Klimastiftelse
– Noreg treng mykje meir fornybar energi for å kutte klimagassutsleppa heime, men med dagens utbyggingstempo er 40 TWh innan 2030 urealistisk. Vi bruker litt mindre kull, men like mykje olje og mykje meir fossil gass i dag enn i 1990. Når vi ennå ikkje er i gang med å erstatte kol, olje og gass med fornybar energi, blir det vanskelegare og vanskelegare å nå klimamåla.
- NTB
Jon Askeland, Senterpartiet
– Førebuinga til gradvis nedtrapping av olje- og gassindustrien har ein fellesnemnar: Alt krev store mengder fornybar elektrisitet. Det betyr at det vert kamp om krafta, og fare for å driva straumprisen opp. Dette er kritisk for industrien: Dei store industrilokomotiva våre er avhengige av billeg straum for å investera i høgkostlandet Noreg. Svaret er å auke fornybar-produksjonen, raskt.