Hopp til innhold

Lite vind, men meir norsk vindkraft i fjor

Trass i mindre vind enn normalt i fjor, auka den norske vindkraftproduksjonen med nesten 20 prosent.

Storheia, Fosen, vindkraft

VINDRAFT: Vind utgjer ein stadig større del av den norske kraftproduksjonen

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

– Grunnen til auken er at fleire nye vindkraftverk kom i produksjon i fjor, seier seksjonssjef Ann Myhrer Østenby i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Totalt produserte vindkraftanlegg i Noreg i fjor 11,8 terawattimar med straum. Det er meir enn til dømes årsforbruket av straum i Oslo.

Vindkraft utgjer no kring ein tidel av den totale kraftproduksjonen i landet.

– Vindkraft blir viktigare og viktigare etter kvart som meir vert bygt ut, seier Østenby.

Norske vindkraftanlegg produserte 1,9 terawattimar meir i 2021 enn i året før; ein auke på nesten 20 prosent.

Stor investeringsvilje

Eit veksande kraftbehov i Europa har gjort at fleire no er interesserte i vindkraft.

John Brottemsmo, kraftanalytiker Kinect Energy

STORT POTENSIALE: John Brottemsmo er kraftanalytikar i Kinect Energy.

Foto: Kinect Energy

– Investeringslysta har auka kraftig berre no i mars månad. Og det dukar stadig opp nye prosjekt både her på berget og lenger sør i Europa, seier kraftanalytikar John Brottemsmo i Kinect Energy.

Tyskland, Nederland og Frankrike jobbar alle med planar for utbygging av vindkraft, som kan vere med på å erstatte dagens atomkraftverk. Behovet for ny fornybar kraft har ikkje blitt mindre etter at blant anna Tyskland ynskjer å gjere seg mindre avhengige av russisk gass etter det russiske åtaket på Ukraina.

– Potensialet for ny vindkraft i Noreg er relativt stort, og no kan det også verke som den politiske viljen er til stades, seier Brottemsmo.

Framleis utfordringar for vindkraft

I fjor såg seks nye vindkraftanlegg dagens lys her i landet. I tillegg starta ytterlegare fire anlegg, deriblant Raggovidda 2 i Berlevåg og Lutelandet i Fjaler, å levere straum. Totalt var det ved årsskiftet 64 vindkraftverk i produksjon i Noreg.

Dei mange nye anlegga gjorde at vindkraftproduksjonen auka trass i at det altså var mindre vind enn normalt i fjor.

– Det er noko av utfordringa med vindkraft samanlikna med til dømes vasskraft der ein kan samle vatn i magasin, seier Brottemsmo.

I tillegg har vindkraftanlegg også synt seg å vere svært kontroversielle. Fleire stadar er planar om vindkraftparkar møtt med folkeaksjonar og demonstrasjonar.

– Det er nok eit problem som vil vare ved. Dette er noko ein ser også i andre land, at det er stor motstand mot å få vindkraftparkar i nærmiljøet, seier Brottemsmo.

Hans Petter Thue ved sperringa til Haramsfjellet

MØTT MED PROTESTAR: For to år sidan møtte innbyggarane mannsterke fram for å stogge planane om vindkraftutbygging på Haramsfjellet

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ingen nye norske konsesjonar

Seksjonssjef i NVE, Ann Myhrer Østenby, sier at de legger opp til at vi trenger mye mer strøm i fremtiden.

VEKST: Ann Myhrer Østenby er seksjonssjef i NVE.

Foto: NVE

For tida handsamar ikkje NVE konsesjonssaker for vindkraft, etter at regjeringa sette slike saker på pause. I tillegg er det frå før få vindplanar som har fått grønt lys og som er klare til utbygging no.

– Så det kjem ikkje til å bli nokon vesentleg auke i vindkraftutbyggingar dei første åra.

I slutten av månaden skal NVE legge fram eit kunnskapsgrunnlag om vindkraft som skal gi meir informasjon om konsekvensar av vindkraft i Noreg.