Hopp til innhold

Ny rapport: Noreg må ha 50 prosent meir kraft

Denne veka opna eit av dei største vasskraftverka som er bygd i ny tid. Men Noreg ligg langt bak skjema til det grøne skiftet.

AURLAND: Vatnet i eit pumpekraftverk vert brukt fleire gonger, omtrent som elektrolytten i et batteri.

DET DOBBELTE: I september viste ein ny rapport frå Miljødirektoratet at Noreg treng opp mot 34 terawattimar (TWh) med ekstra kraft for å oppfylle utsleppskrava i Parisavtalen. Ein rapport frå PwC seier at behovet er dobbelt så stort.

Foto: Hafslund Eco

CO₂ i atmosfæren
417.5 ppm
1,5-gradersmålet
+1.02 °C
Les mer  om klima

To nye rapportar slår fast at Noreg må auke kraftproduksjonen med langt meir enn det som tidlegare er lagt til grunn.

  • Rapporten frå revisjons- og rådgivingsselskapet PwC seier at Noreg må ha 75 TWh meir i årleg kraftproduksjon innan 2030. Det er 50 prosent meir enn dagens produksjon (150 TWh).
  • Rapporten frå stiftinga Det Norske Veritas (DNV) peiker på «eit stort underskot på elektrisk kraft» og at Noreg berre kan gløyme det nye klimamålet om 55 prosent kutt innan 2030.

Den norske regjeringa skjerpa det offisielle målet få dagar før klimatoppmøtet i Egypt.

Vi opplever at det er manglande samanheng mellom målsetjingar for det grøne skiftet og viljen til å byggje ny fornybar energi, seier Øystein Fossen Thorud, som er direktør i PwC og medforfattar av rapporten.

Jølstra kraftverk

Kraftverksoperatør Dag Flølo viser statsminister Jonas Gahr Støre det nye kraftverket som kan forsyne 30.000 innbyggjarar med straum.

Foto: Alf Vidar Snæland

Utanlandske gjester måper

Tysdag var statsministrar Jonas Gahr Støre i Sunnfjord for å kaste glans over opninga av Jølstra kraftverk, eit av dei største vasskraftverka som er bygd i nyare tid.

300 meter inn i fjellet karakteriserte han kraftverket som «ein katedral» og «eit testament til norsk ingeniørkunst».

Dette er eit bidrag til verdsarven eigentleg, seier han til NRK.

Han legg til:

Utanlandske gjester måper når dei ser kva vi får til. La oss måpe med.

Rekk du å opne fleire «katedralar» i løpet av regjeringstida di?

Heh, vel, det tek tid, då. Dette anlegget har vore på teiknebrettet sidan 90-talet. Så vi er opptekne av at planlegginga må gå raskare. For vi treng kraft raskare.

Jølstra kraftverk vil kvart år bidra med ein kvart TWh i ny straumproduksjon. Det er nok til å forsyne 12.500 husstandar med straum, men langt unna målet for 2030.

Det vil krevje stort politisk mot

I september viste ein rapport frå Miljødirektoratet at Noreg treng opp mot 34 terawattimar (TWh) med ekstra kraft for å oppfylle utsleppskrava i Parisavtalen (sjå faktaboks).

Den nye rapporten frå revisjons- og rådgivingsselskapet PwC seier altså at behovet er dobbelt så stort.

Direktør i selskapet, Øystein Fossen Thorud, seier at «det vil krevje stort politisk mot for å gjennomføre ei satsing på ny kraftproduksjon».

Alternativt kan vi fortsette å dytte problemet framfor oss.

Tilsvarande signal kjem frå direktør i Norsk Industri Stein Lier-Hansen, som tysdag var med i Dagsnytt Atten (sjå under).

Du klarer ikkje gjennomføre grøn omstilling om du ikkje har rikeleg tilgang på grøne elektronar. Det er liksom heile poenget, seier han.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Mellom 2020–2022 har 2,3 TWh ny vasskraft vorte sett i produksjon i Noreg, fordelt på 85 vasskraftverk.

Støre: – Mogleg å gjere meir innanfor vernet

«Tida for nye, store vasskraftutbyggingar i Noreg er over».

Det sa statsminister Jens Stoltenberg (Ap) i si nyttårstale i 2001.

Jonas Gahr Støre, som var statssekretær for Stoltenberg på same tid, meiner likevel at gamlesjefen har orda i behald.

Eg trur han understreka at vi skal ta vare på norsk natur, og det skal vi. Men no gjer ny teknologi det mogleg å gjere meir innanfor vernet enn det vi visste i 2002, og dei moglegheitene skal vi gripe.

Ein NTNU-studie seier at norske vassdrag kan produsere 15–20 fleire terawattimar berre ved hjelp av opprusting og utvidingar.

NVE er meir nøkterne og reknar potensialet til 7,6 TWh.

Andre politiske svar på den varsla kraft-knipa er meir vindkraft, meir solkraft og nye skattereglar for å stimulere til meir vasskraftutbygging.

I august varsla Lyse at dei vil investere 5 milliardar kroner til opprusting og utviding av kraftverka i Røldal-Suldal (RSK). Planane inkluderer tre nye kraftverk som til saman kan auke kraftproduksjonen med 200–250 GWh.

Lyse valde å leggje denne investeringa på is då den nye skattepakken for vasskrafta vart presentert.

– Det er dessverre stor forskjell på det regjeringa seier og det dei gjer, seier konsernsjef i Lyse, konsernsjef Eimund Nygaard.

Jølstra kraftverk

Ein ny rapport frå revisjons- og rådgivingsselskapet PwC seier at Noreg må auke straumproduksjonen med 75 TWh innan 2030. Det er mykje.

Foto: Alf Vidar Snæland

Flaumvern kan vere ei kjelde til kraft

Meir ekstremvêr har dei siste åra kasta om på forholdet mellom naturvern, flaumvern og kraftproduksjon.

På Voss gjer herjingane i haust at fleire spør seg om meir av vatnet bør bli temma.

Blant dei som tenkjer høgt er ordførar i bygda, Hans-Erik Ringkjøb (Ap), som også er medlem i Energikommisjonen.

Det er ein klok mann, seier Støre.

Flaumvern kan vere ei kjelde til kraft, så det er eg samd i at vi må sjå på. Og her er det mykje kompetanse i det norske kraftmiljøet til å utnytte nye løysingar.