Hopp til innhold

Desse ti elvane vil Høgre slutte å verne

I det stille har Høgre jobba med ei liste over verna vassdrag som kan få «skånsam vasskraftutbygging». Her er oversikta.

Solnedgang over Verdalselva ved Bjartnes

VERDALSELVA ER PÅ LISTA: – Vi har sett på dei vassdraga kor utbygging kan gi viktig flaumsikring og samtidig vareta naturverdiar, seier energipolitisk talsperson for Høgre, Bård Ludvig Thorheim.

Foto: Ole Morten Larsen

5. januar tok Nikolai Astrup (H) til orde for «skånsam kraftutbygging» i fleire verna vassdrag, og sette med det fyr på ein debatt som sidan har ført til protestskriv og påstandar om «vernetyranni» og historielaus rasering av norsk natur.

Partiet varsla samtidig at dei vil kome tilbake med konkrete forslag til kva for vassdrag som skal miste statusen som freda. I dag er 390 vassdrag verna mot utbygging.

No er lista klar, og ho ser slik ut:

Dette er Flåmselvi i Aurland i Sogn.
Flåmselvi er ein av ti verna elver der Høgre meiner at «skånsam vasskraftutbygging bør vurderast».
Åtte av dei ti elvene ligg i Vestland.
I tillegg er Verdalsvassdraget i Trøndelag på lista. Og Vefsnavassdraget i Nordland.
Lista inneheld også eit knippe «kandidatar» i Oppland og Hedmark som Høgre førebels ikkje vil gå ut med.
Visualisering: Anders Nøkling
  • Opo i Ullensvang, Vestland
  • Vossavassdraget, Vestland
  • Granvinsvassdraget, Vestland
  • Eikedalsvassdraget, Vestland
  • Flåmsvassdraget. Vestland
  • Strynevassdraget, Vestland
  • Gjengedalsvassdraget, Vestland
  • Løkjelsvassdraget i Etne, Vestland
  • Verdalsvassdraget, Trøndelag
  • Vefsnavassdraget, Nordland

Gjengedalsvassdraget er teknisk sett ikkje verna, men fekk nei til utbygging i 2018. I tillegg inneheld lista eit knippe «kandidatar» i Oppland og Hedmark som Høgre førebels ikkje vil gå ut med.

Budd på at lista vert møtt med motstand

Vi har sett på dei vassdraga kor utbygging kan gi viktig flaumsikring og samtidig vareta naturverdiar og god lakseforvaltning, seier energipolitisk talsperson for Høgre, Bård Ludvig Thorheim.

Han er budd på at lista er kontroversiell og vil bli møtt med motstand.

– Det er sunt med skepsis, men også Nidarosdomen har blitt modernisert utan at utsjånaden og verneverdiane har blitt forringa, seier han.

MDG-politikar Rauand Ismail sa tidlegare i januar at det å byggje ut i verna vassdrag er som å rive Nidarosdomen «fordi politikarane i Trondheim plutseleg finn ut at dei trenger eit nytt kjøpesenter».

Thorheim legg til:

Krafta må kome lokalsamfunnet til gode. Vi ser kor viktig fornybar kraft er for nye grøne industrietableringar lokalt.

Han anslår at skånsam utbygging i verna vassdrag kan gi 5 TWh i året «utan at du minskar dei naturverdiane som er bakgrunnen for vernet».

NVE-direktør Kjetil Lund har sagt til NRK at det «neppe er mykje kraft å hente i verna vassdrag utan å gå inn i indrefileten av norsk natur».

altaaksjonen-2309

EPOKEGJERANDE: Historisk har kampen for fleire vassdrag vore identitetsskapande for generasjonar av naturforkjemparar. 

– Flaumsikring vert nytta som «brekkstong»

11. januar bad elleve miljø- og friluftsorganisasjonar statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om å gripe inn og hindre utbygging av vasskraft i verna vassdrag.

Blant argumenta er at flaumsikring vert nytta som «brekkstong» for å hole ut vassdragsvernet.

Oppropet kom etter at leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Terje Aasland frå Arbeidarpartiet, uttalte at energikommisjonen bør «sjå om det er mogeleg å bygge ut meir av det som har vore verna».

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) har sidan avvist at dette skal vere ein del av mandatet til energikommisjonen. Det er enno ikkje klart kven som skal sitte i kommisjonen og når arbeidet skal starte.

Også Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen har forsøkt å «legge den ballen død».

Ho seier til NRK at ho «ikkje vil foreslå økt utbygging av verna vassdrag», men legg samstundes til at det «kan vere naturleg å sjå på noko utbygging knytt til flaumsikring. Men da må verneverdiane vere varetatt».

Implikasjonen er at flaumsikring og vern ikkje vere gjensidig utelukkande. Ein føresetnad som ikkje alle aksepterer.

– Støre er mindre tydeleg

Statsminister Jonas Gahr Støre gjentok bodskapen i spørjetimen på Stortinget sist veke.

«Vassdragsvernet skal ligge fast», sa han, og presiserte at «tematikken flaum og flaumdemping» berre skal kome på tale der verneverdiane ligg fast.

Det var ei forsikring som SV-leiar Audun Lysbakken ikkje slo seg til ro med:

– Eg oppfattar Støre som langt mindre tydeleg enn Persen, seier han til Bergens Tidende.

IF4U2GE0te8

PÅ VILKÅR: – Flaum og flaumdemping skal berre kome på tale der verneverdiane ligg fast, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Til Klassekampen seier tidlegare Sunnfjord-ordførar og no stortingsrepresentant Olve Grotle (H) at det er naturleg å sjå på Gaularvassdraget med nye auge (elva er ikkje på lista som over nemnt).

Elva er den største som i dag er verna og var gjenstand for årelang dragkamp før ho vart freda.

Ingunn Kjelstad er grunneigar i Gaular og har engasjert seg i vernet av vassdraget.

– Framfor å gå laus på verna vassdrag må vi prioritere å bruke energien meir effektivt, seier ho.