«Tida for nye, store vasskraftutbyggingar i Noreg er over», sa Jens Stoltenberg i si nyttårstale i 2001.
Kraftkrisa gjer at fleire spør seg om dette er riktig.
I Vestland Fylkesting denne veka tok Noralv Distad (H) til orde for å kartlegge kraftpotensialet i vassdraga på ny – også dei som i dag er verna.
I alt er kraftpotensialet til dei 300 vassdraga i Noreg som er verna rekna til 42 Twh. Det er litt under ein tredjedel av dagens kraftforbruk.
Distad grunnar forslaget med kraftforsyning og verdiskaping. Dessutan: med kraftinntektene kan flaumsikring betale seg sjølv, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp), som støttar forslaget.
– Ein vinn vinn-situasjon, seier ho.
I ein offentleg utgreiing skriv kraftutvalet at flaumdemping er «ein positiv bieffekt» frå kraftutbygging.
– Flaumsikring er enormt dyrt. Vi må sjå på alternativ, seier Distad.
VINN VINN: Noralv Distad (H) meiner flaumsikringa vil finansiere seg sjølv om nye vasskraftverk blir bygde ut i verna vassdrag.
Foto: Kaia Johnsen Viki / NRKSparer landet for meir enn 100 millionar kroner
For mange kommunar er regulering av vassdraga ikkje berre ei avveging mellom kraftinntekter og naturvern. Magasin i elvene gjer at dei kan «porsjonere» smeltevatnet under vårløysinga.
Ifølge ein rapport utarbeida for Energi Noreg sparer dette landet for meir enn 100 millionar kroner i flaumskadar kvart år.
– Det er ingen tvil om at kraftutbygging kan vere eit gode i samband med flaumsikring, seier dagleg leiar i Distriktsenergi, Knut Lockert.
NVE har anslått at framtidig flaum- og skredsikring på landsbasis vil koste om lag 85 milliardar kroner.
IKKJE NEMNT: Då Støre-regjeringa la fram sitt eige justerte statsbudsjett for 2022, var vasskraft ikkje nemnt.
Foto: Torstein Bøe / NTBStortinget sa nei
Forsøket på å balansere vern, tryggleik og verdiskaping har prega den politiske samtalen om kraftutbygging heilt sidan den industrielle revolusjonen på 1800-talet.
Utover 1900-talet har verneinteressene vorte sterkare vektlagt, men vektinga mellom ulike omsyn har vore debattert heile vegen.
I mai foreslo Framstegspartiet og Senterpartiet å revidere dei verna vassdraga i samband med ny kraftutbygging. Resten av Stortinget sa nei til forslaget.
Frp varslar omkamp på nyåret:
– Vi treng meir kraft. Det beste er å bygge ut meir vasskraft, og då må vi også sjå på dei verna vassdraga, seier Frank Sve (Frp) i energi- og miljøkomiteen.
Leif Lia er professor ved NTNU, med spesialisering innanfor vasskraft.
– Verneplanane står sterkt i Noreg, men formelt sett står dei svakt sidan dei kan gjerast om med simpelt fleirtal i Stortinget, seier han.
– Vernevedtak har stort sett hatt brei politisk tilslutning, og eg vil tru det skal mykje til å gjere om på desse, seier Torfinn Opheim i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK).
– Vi bør snu alle steinar
Kor mykje Noregs kraftforbruk vil auke framover, kjem an på tempoet i det grøne skiftet.
NVE anslår 159 TWh forbruk i 2030, mens Statnett ventar 172 TWh. Kraftproduksjonen er i dag på rundt 150 TWh i eit normalår.
I Hurdalsplattformen skriv Støre-regjeringa at ho vil «auke norsk vasskraftproduksjon, blant anna ved å oppgradere og fornye eksisterande vasskraftanlegg.»
Vidare varslar regjeringa at ho vil sette ned ein energikommisjon og stimulere til «grøne investeringar i vasskraft».
Rune Skjevdal er dagleg leiar Norsk Grønnkraft.
– Vi bør snu alle steinar. I dag finst det veldig mange gode teknologiar for framføring av vann med presist bora tunnelar som gjør at man burde kunne vurdere kraftutbygging også i verna vassdrag, seier han.
– Som å tisse i buksene
Naturvernforbundet ser med uro på at fleire vil skrote vedtekne verneplanar.
– Dette blir som å tisse i buksene for å halde varmen. Vi kan ikkje sikre oss mot klimaendringane ved å øydelegge meir urørt natur, seier nestleiar i Naturvernforbundet, Synnøve Kvamme.
Fylkespolitikar Natalia Golis (MDG) er redd flaumsikring blir eit vikarierande motiv for ein kraftbransje på leiting etter nytt beite.
– Nok ein gong er det naturen som vil tape på ei slik enkel løysing, seier ho.