Hopp til innhold

Skyhøge gassprisar gav rekordår for norsk eksport

Noreg hadde rekordhøge eksportinntekter i 2022. Mest på grunn av Ukraina-krigen.

Offisiell åpning av Johan Sverdup.

EKSPORT: Nye tal viser at salet av tenester til utlandet auka med 25 prosent i 2022. Vestland og Møre og Romsdal toppar eksportlistene.

Foto: Carina Johansen / NTB

Noreg eksporterte varer og tenester for 3100 milliardar kroner i 2022. Det er nesten ei dobling frå året i førevegen.

Det kjem fram av Eksportmeldingen, som Menon publiserte i dag.

Auken skuldast den store etterspurnaden etter gass, og vekst i globale prisar på fisk, aluminium og gjødsel.

Eksporten av andre varer voks lite.

– Vi treng å få fram fleire lønnsame eksportbedrifter innanfor endå fleire sektorar. Eksportmeldinga viser at vi ligg bak nabolanda våre, seier NHO-direktør Ole Erik Almlid.

Administrerende direktør Ole Erik Almlid i NHO

– Kvar dag deltek norske eksportbedrifter i ein global konkurranse for å bli betre og meir effektive. Det gjer dei gode til å tenkje nytt, jobbe smartare og vri produksjonen dit moglegheitene er, seier Ole Erik Almlid.

Foto: Javad Parsa / NTB

Noreg er i ferd med å bli Europas dritsekk

I eit normalår står inntektene frå olje og gass fór om lag 500 milliardar kroner i den norske statskassa.

I mars vart dei same inntektene berekna til rekordhøge 1457 milliardar kroner etter at Russland strupte gasstilføringa til Europa.

I artikkelen «Noreg er i ferd med å bli Europas dritsekk» skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva at «Noreg bør gi Europa rabatt på gass, før folk byrjar å spytte etter nordmenn på gata i Berlin og Paris».

Også andre har gjort eit poeng av at «krigsinntektene» stiller Noreg i forlegenheit, og at vi skuldar å sende meir av «superprofitten» til Ukraina og den europeiske felleskassa.

Les også Ny EU-avgift aukar presset mot Noregs straumprofitt

Osebergfeltet i Nordsjøen

Den nye meldinga viser at den norske eksporten utgjer 56 prosent av bruttonasjonalproduktet, ikkje ulikt det europeiske gjennomsnittet.

Om vi tek vekk olje og gass, fell Noreg mot botnen av tabellen i Europa.

– Vi må opp på eit vekstnivå som Danmark og Sverige, viss vi skal nå målet om 50 prosent auke i eksport utanom olje og gass innan 2030, seier administrerande direktør i Innovasjon Noreg, Håkon Haugli.

Håkon Haugli

– Vi ser heldigvis stort potensial i fleire delar av norsk næringsliv, og at Noreg kan bidra til det grøne skiftet i Europa innanfor mellom anna energi og grøn maritim næring, seier Håkon Haugli.

Foto: Heidi Widerøe

Vestland eksporterte mest

Blant fylka var det Vestland og Møre og Romsdal som eksporterte mest.

Vestland har 43 kommunar, alle med kystlinje, og er det største eksportfylket i landet med rundt 20 prosent av den totale fastlandseksporten.

Typiske eksport-kommunar er Årdal, Sunndal og Eidfjord, med sine aluminium- og metall- og vasskraftverk.

Det tredje mest eksportintensive fylket var Nordland.

Brote ned på eksport per sysselsett, ligg dei 15 mest eksportintensive kommunane i distrikta.

Rapporten viser at arbeidet med å auke norsk fastlandseksport er heilt sentralt for å sikre verdiskaping og sysselsetjing i Noreg i framtida, seier Kjetil Staalesen i LO.

Han kallar eksporten for «målestokken på om næringslivet vårt er konkurransedyktig».

Kjetil Staalesen er spesialrådgiver i LO.

– For LO er det viktig at næringslivet tilby gode, trygge arbeidsplassar i heile landet. Derfor måler vi produktiviteten og støttar opp om målet til regjeringa om å auke eksporten, seier Kjetil Staalesen.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Eksportbedrifter vil at kronekursen skal snu

Det siste halvåret har norske bedrifter fått 12 prosent meir for varer dei eksporterer til kundar som handlar med euro.

Forklaringa er den svake krona, som gjer at bedriftene får fleire kroner for kvar euro dei vekslar inn.

Og meir lukrativt kan det bli. I Dagens Næringsliv blir det spekulert i at eurokursen kan komme opp i 14 og 15 kroner.

Men ingen tre veks inn i himmelen, og i mai rapporterte fleire eksportbedrifter at kronekursen har nådd eit nivå der dei helst ser at han snur.

Forklaringane på at «det kan bli for mykje av det gode» er fleire:

  • Om bedriftene får 12 prosent meir for varene dei eksporterer, må dei også ut med 12 prosent meir for varene dei importerer frå same valutaområde.
  • Den såkalla frontfagsmodellen gjer at låg kronekurs skaper lønnsvekst som i sin tur aukar inflasjonen. Låg kronekurs gjer det vanskelegare å rekruttere utanlandsk arbeidskraft (som får lønt si i norske kroner).
  • Store svingingar i valutamarknaden gjer det vanskelegare for bedriftene å planleggje langsiktig.

I mai lanserte fiskeriministeren og næringsministeren andre del av reforma Hele Noreg eksporterer.

– Vi må posisjonere oss i den globale marknaden. Lykkast vi dette tiåret, lykkast vi dei neste femti, sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Den nye satsinga består av ti tiltak skal bidra til å auke norsk eksport med 50 prosent innan 2030 (olje og gass unnateke).

Les også Svak krone skaper trøbbel for eksportbedrifter

Elin Tveit Sveen