Hopp til innhold

Gigantselskap erkjenner laksedød-problem: – Norsk oppdrettsnæring har gått feil veg

Verdas nest største lakseprodusent vil bruke 500 millionar på eit nytt innovasjonssenter for laksehelse. I fjor fekk dei gebyr på 1,7 millionar etter funn av død fisk.

Gustav Witzøe

ETTERLYSER MEIR KUNNSKAP: SalMar-gründeren erkjenner onsdag at dei har eit problem med laksedød i merdane, og erkjenner at dei har mangla fagleg forståing.

Foto: Vegard Woll

– Over tid har vi sett at retninga i norsk oppdrettsnæring diverre har gått feil veg.

Det seier grunnleggar av SalMar, Gustav Witzøe, til NRK.

– Det gjeld generell fiskehelse, fiskevelferd. Vi ser auka dødstal. Vi ser auka fôrfaktor sett over tid.

Det er difor dei no kjem med det nye initiativet. Witzøe meiner det er prekært å innføre no for å «snu utviklinga» i næringa.

– Vi har vel blitt fanga av industrien som såleis, av moglegheitene ikkje minst, og så har vi gløymt litt av kunnskapen om laksen på vegen, seier han.

SalMars anlegg i Mefjord

I dag ser mange av oppdrettsanlegga til Salmar slik ut. Dette anlegget ligg i Mefjord.

Foto: SalMar

I fjor fekk SalMar eit gebyr på 1,7 millionar kroner etter ei rekke umelde tilsynsbesøk på lakseoppdrettsanlegg langs Trøndelagskysten.

Årsaka var store mengder død og alvorleg sjuk fisk i merdane.

– Den operative leiinga i SalMar gjorde sitt beste på det tidspunktet. Men i ettertid kunne det sikkert vore løyst på ein annan måte.

– På kva for ein måte då?

– Vi kunne ha teke ut fisken tidlegare.

Les også Forsker om lekkede bilder av massedød: – Oi, dette var mye fisk

Ulværholmen, Lerøy

Lakselevelabben

Innovasjonssenteret dei no vil bygge skal heite Salmon Living Lab, og samle akademia, investorar og selskap for å oppnå ei meir berekraftig oppdrettsnæring.

Cargill er det første store selskapet som er med i samarbeidet.

– Dette er for å sikre at vi kan levere meir næringsrik og sunn laks til verda, sa konsernsjef Frode Arntsen då han opna seminaret onsdag morgon.

Frode Arntsen

Det var konsernsjef Frode Arntsen som kom med nyheita på konferansen onsdag morgon.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Vi ser akkurat no etter nokon som kan leie initiativet, og startfondet er på 500 million kroner.

Laksenæringa har framleis eit stort potensial, meiner Arntsen. Likevel må veksten skje på laksen og naturen sine premissar.

– Som alle veit står vi overfor utfordringar når det gjeld laksen si velferd.

– Vi treng meir kunnskap, og vi må lukke kunnskapshola som vi står føre i dag.

Gustav Witzøe i forsamlinga

Witzøe (h) var til stades i forsamlinga då initiativet blei annonsert.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Les også Rekordgebyr til SalMar for dårlig dyrevelferd

Denne laksen har store sår på kroppen, og ble funnet da Mattilsynet hadde uanmeldt kontroll av oppdrettsanlegg på Trøndelagskysten for noen uker siden.

Nest størst på verdsbasis

Nyheita om innovasjonssenteret kom på eit berekraft-seminar under North Atlantic Seafood Forum i Bergen 6. mars.

SalMar er i dag verdas nest største lakseprodusent, ifølge selskapet sjølv.

Investeringa i Salmon Living Lab er på omtrent 6 prosent av Salmar sitt driftsresultat før renter i 2023.

Det driv oppdrett langs kysten av Noreg, frå Møre og Romsdal i sør til Troms og Finnmark i nord. Laksen blir eksportert til 50 land.

Salmar laks

SalMar-laks på lakseslakteriet Vikenco.

Foto: NTB

Dei reknar at 277.500 tonn laks vil bli henta opp av sjøen i løpet av 2024, blei det annonsert på konferansen.

– Det er eit vesentleg potensial for å vekse i norsk oppdrettsnæring.

– Men trur de at de får lov til å vekse, dersom de ikkje gjer noko med problemet?

– Nei, det ser jo slik ut. Noko av løysinga på det er å ha meir kunnskap om kva for lokalitetar som er rette, kva for laks som skal vere kvar, kva storleik det er der du set ut fisken, og så vidare.

Grunnleggar Witzøe blei vald inn som styreleiar for selskapet i juni 2022, og grunnla SalMar ASA i 1991.

Han er Noregs sjette rikaste mann, melder Kapital. Året før var det sonen hans, Gustav Magnar Witsøe (30), som var rikast i Noreg.