Hopp til innhold

Auka press på at laksen må reise sjøvegen

«Det er ingenting som har det så travelt som ein død laks», men no vil fleire flytta meir av laksetransporten over på kjøl.

bpe8-gu_UmY

TIL LAKS ÅT ALLE: Fleire aktørar i havbruksnæringa ønskjer å flytte meir av laksetransporten frå veg til sjø. I 2022 vart det eksportert om lag 2,6 millionar tonn sjømat frå Noreg.

Foto: NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Presset aukar på å flytte meir av laksetransporten over på sjø.

To faktorar driv utviklinga:

  • Klimaomsyn
  • «Trafikkinfarkt» på vegane

I eit høyringssvar til Havbruksutvalet skriv Rederiforbundet at belastninga på vegnettet er i ferd med å bli «uforsvarleg». I staden for å «asfaltera seg ut av problema» føreskriv dei meir gods langs sjøvegen.

– Kapasiteten på vegnettet som tek trailerar med sjømat til Europa er sprengd. Kva er vel meir naturleg enn at sjømat går på sjøtransport, seier administrerande direktør i Rederiforbundet, Harald Solberg til NRK.

Han legg til:

– Om fleire bedrifter vel sjøtransport, gir det betre klimaavtrykk, færre ulykker, mindre vegslitasje og kortare køar.

Midt-Norsk Havbruk

Ein ny rapport frå DNV seier at klimagassutsleppa kan reduserast med opp mot 80 prosent om fleire trailerar blir erstatta med skip.

QDoDVnwjTWw

Båt gjer at eksportørane må «låsa» mengd og stad mykje tidlegare enn ved bruk av bil. I sum har fleire konkludert med at nedsidene er for store ved å flytta frakt over på båt.

_sLJlUjZyLQ

Ein tommelfingerregel seier at eit ordinært frakteskip langs kysten kan ta like mykje last som 200 lastebilar.

1AzqPIeBXHI

Vegtransport og innanlands luft- og skipsfart står for omtrent ein tredel av klimautsleppa i Noreg. Transportsektoren står for godt over halvparten av utsleppa frå ikkje-kvotepliktig sektor.

Forsøksordning havarerte

Det har lenge vore eit politisk ønske å få meir transport over på kjøl, men forset og fagre ord har som hovudregel kollidert med røyndommen.

Symbolisert ved Kysthavnalliansen sitt forsøk med å frakta fersk sjømat direkte med hurtiggåande båt frå Trondheim til Rotterdam i Nederland.

Forsøket vart innleidd i 2020, men stansa etter eitt år.

Forsøket vart torpedert av covid og høge drivstoffprisar, seier Dag Bakka hos Kystrederiene.

Han seier det enno er eit gap mellom «den fragmenterte, rimelege og fleksible biltransporten» og det reiarlaga kan tilby.

Henning Beltestad, konsernsjef Lerøy

– Vi ønskjer endå meir av transporten vår over på sjø. Vi jobbar målretta for dette og ønskjer alle gode initiativ som bidreg til meir transport over på sjø velkommen, seier konsernsjef i Lerøy Seafood, Henning Beltestad.

Foto: NTB

– Det er framleis nokre utfordringar knytt til frakt av fersk fisk på sjø, men større miljømedvit og ny og betre teknologi, trekkjer i rett retning. Det er derfor viktig at styresmaktene legg til rette, seier leiar for Godsalliansen, Jahn Cato Bakken.

Direktør i NHO Logistikk og Transport, Are Kjensli, seier til NRK at han i utgangspunktet er positiv til at meir laks går sjøvegen – «til dømes til Baltikum og Mellom-Europa» – men at den største marknaden (Asia) er utanfor rekkjevidd på grunn av haldbarheit.

– Dette er spørsmål som krev ein realistisk og heilskapleg tilnærming. Det vi ikkje treng er politisk diktat om at meir laks skal gå sjøvegen. Initiativet til å byggja gode system må komma nedanfrå, seier han.

w5GfObddZGc

Prognosar frå Statens vegvesen viser at 70 prosent av transportveksten i Noreg vil skje på lastebil fram mot 2050. Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland vil derfor ha meir godstrafikk på kjøl. Her saman med Knut Arild Hareide, direktør for Sjøfartsdirektoratet.

Foto: NTB

Vegane kneler under vekta av tungtransporten

Det offisielle målet er å få 30 prosent av langdistansegodset bort frå vegen innan 2030, men ifølgje evalueringar frå Riksrevisjonen og Kystverket er målet «verken realistisk eller formålstenleg».

Det er heller ingen realisme i å tru at snarlege teknologiske endringar vil endra på dette, skriv Kystverket.

Statistikk frå SSB viser at det blir mindre godstransport mellom norske hamner, og at talet på seglingskonsept er på retur.

Statens vegvesen har derfor åtvara om at vegane kan knele under vekta av tungtransporten.

– Lastebilen går gjerne frå dør til dør, medan sjøtransport treng fleire aktørar for same operasjon. Det kan få sjøtransport til å verka meir krevjande, seier direktør i Norske Havner, Kjell-Olav Gammelsæter.

Jon Runar Heggelund

I 2016 vedtok Stortinget eit mål om at 30 prosent av vegtransporten som går over 30 mil skal overførast til sjø og bane innan 2030.

Atlantisk laks

Transportøkonomisk institutt (TØI) har estimert marknadsandelane for godstransportarbeidet for ulike transportplattformer i etterkrigstida. Hovudtendensen er at veg har styrkt sin marknadsdel på kostnad av sjø og bane.

Oppdrettlaksen lider fortsatt

Kysthavnalliansen ville frakta fersk sjømat direkte med skip til Rotterdam. Forsøket vart stansa etter eitt år fordi utgiftene til drivstoff auka med meir enn 40 prosent. Større omlastingskostnader og andre komplikasjonar kom i tillegg.

Laks inne på SalMar sitt foredlingsanlegg på Frøya i Midt-Norge (Sør-Trøndelag).

I 2018 la fram Riksrevisjonen ei undersøking av overføring av godstransport frå veg til sjø og bane. Konklusjonen var at «målet om overføring av godstransport frå veg til sjø og bane er ikkje nådd.»

Tinder for sjøtransport

I Bergen har eit oppstartsfirma teke mål av seg å gjera det enklare og billigare å frakte gods på sjøen.

– Tradisjonar og etablerte rutiner har hindra at kjøparane og tilbydarane har funne kvarandre, seier Keelspot-gründer og dagleg leiar Svein Arild Vatsø.

Modellen er i grove trekk kjend frå datingtenesta Tinder, overnattingskatalogen Airbnb og drosjetenesta Uber:

Via algoritmar og kunstig intelligens kan kundane finne aktuelle reiarar, og omvendt. Prisar og vilkår blir avtalt direkte mellom partene.

Ein av pilotkundane er Selstad, som leverer utstyr og service til havbaserte næringar.

Eit kystland bør senda mykje meir gods sjøvegen. Eg håpar at nye tekniske løysingar skal gjera det litt lettare å gjennomføra denne visjonen, seier Selstad-medarbeidar Janne Seljeseth Dybvik.

Jon Runar Heggelund

Eit oppstartsfirma i Bergen har teke mål av seg å gjera det «lettare, enklare og billigare» å frakta gods på sjøen. Modellen er i grove trekk kjend frå drosjetenesta Uber.

Havbruksanlegg for laks på Helgelandskysten

Det skapte reaksjonar at tilskotsordninga for å overføra gods frå veg til sjø fall ut av revidert nasjonalbudsjett i mai.

En trailer på vei gjennom Romsdalen.

Undersøkingar frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at om lag 90 prosent av slitasjen på norske vegar kjem frå lastebilen.

Laks inne på SalMar sitt foredlingsanlegg på Frøya i Midt-Norge (Sør-Trøndelag).

Norskregistrerte lastebilar frakta 261,1 millionar tonn gods innanlands i 2021, 9,3 prosent meir enn i 2020.

Millionar til nye hamneprosjekt langs kysten

Rett før jul gav regjeringa 19 millionar kroner i tilskot til tre nye hamneprosjekt langs kysten.

Dette bidreg til at vi får realisert gode prosjekt i hamnene og legg til rette for meir effektiv sjøtransport og betre logistikk, sa fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) i ein offisiell uttale.

I fjor gav staten totalt 102 millionar kroner til 11 hamneprosjekt.

På europeisk nivå skal Sintef-prosjektet AEGIS leggje til rette for sjølvstyrte skip mellom fleire hamner.

Prosjektet vann ein pris under EU-kommisjonens konferanse om sjøtransport i september.

– Vi er veldig stolte og opplever prisen som ei anerkjenning av at prosjektet har bidrege til konkrete og meiningsfulle resultat, seier Odd Erik Mørkrid, som er prosjektleiar i Sintef Ocean.

Les også Israel sendte stinkende laks tilbake til Norge – EU-land har også klaget på kvaliteten

Norsk laks i Israel