Hopp til innhold

I dag hadde ikkje det som skjedde på brua vore lov

Etter fregattulukka har Sjøforsvaret lagt ned forbod mot at uerfarne vaktsjefar får driva opplæring. I dag ville ikkje den tiltalte vaktsjefen fått det ansvaret på brua.

Fregatten Helge Ingstad om natten
Foto: Jakob Østheim / Forsvaret

Etter den skjebnesvangre kollisjonen i Hjeltefjorden, der Forsvaret mista ein av sine fem fregattar, er det skjerpa kraftig inn på reglane for navigatørar i Sjøforsvaret:

  • Ein må ha 12 månadar segltid før ein kan bli klarert som vaktsjef
  • Ein må ha 12 månadar segltid som klarert vaktsjef før ein får opplæringsansvar

Vaktsjefen som navigerte KNM «Helge Ingstad» ulukkesnatta hadde berre vore klarert vaktsjef i åtte månader då det smalt.

På brua var det to personar under opplæring.

Opplæringsansvaret fekk han allereie etter knappe fire månadar som klarert vaktsjef.

I dag ville ein slik seglas – der ein så uerfaren vaktsjef hadde opplæringsansvar – altså vore ulovleg i Sjøforsvaret.

– Det hadde vore eit brot på vårt interne reglement. Det er ikkje tillate i Sjøforsvaret i dag, stadfestar sjef for Sjøforsvaret, Rune Andersen.

Sjøforsvaret holder pressekonferanse om rapport om Ingstad-kollisjonen
Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Ville ikkje oppfylt nye krav

Innstramminga i Sjøforsvaret sitt interne reglement er ein direkte konsekvens av kollisjonen i Hjeltefjorden.

Før ulukka var det ikkje fastsett eit tidskrav for når ein vaktsjef med klarering kunne læra opp andre vaktsjefar.

Det var heller ikkje nedfelt at ein vaktsjef måtte ha segla i 12 månader for å bli klarert.

Dermed ville ikkje den no tiltalte vaktsjefen fått lov til å ha det overordna ansvaret – sidan han mangla 12 månaders fartstid og to i vaktlaget var under opplæring.

– Den situasjonen som vedkomande blei sett i hadde ikkje oppstått dersom desse krava hadde vore sett i verk i forkant, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo i Norges offisers- og spesialistforbund.

Les også Vaktsjefen på «Helge Ingstad» orka ikkje høyre lydloggen i avhøyr: – Den verste perioden i mitt liv

Rettsaken mot vaktsjefen om bord på fregatten KNM Helge Ingstad. Aktor Magne Kvamme Sylta

Torbjørn Bongo

OFFISERSFORBUNDET: Forbundsleiar Torbjørn Bongo i Norges offisers- og spesialistforbund.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Påpeika svakheiter

Både Havarikommisjonen sine tilrådingar og Sjøforsvaret sin eigen gjennomgang etter fregatthavariet peikte på svakheiter i opplæringa og klareringsgangen av vaktsjefar.

Før ulukka var det skipssjefen på den enkelte fregatt sitt ansvar å gje vaktsjefar autorisasjonen til å driva opplæring basert på ei heilskapsvurdering av om personen var eigna.

– Det som eksisterte var ei klarerings- og sjekkliste over moment og tema som dei ulike kandidatane skulle gjennom, og som dei skulle demonstrera ferdigheiter innafor, forklarer sjøforsvarssjef Andersen.

Han skal sjølv vitna i rettssaka mot den tiltalte vaktsjefen, og ønsker difor ikkje kommentera forhold som skal belysast i retten.

Bongo i NOF forventar at alle forhold som viser omfanget av systemendringar blir tungt belyst i retten.

– Eg opplever at desse endringane er ein lærdom Sjøforsvaret har tatt etter rapportane etter ulukka. Det eg forventar blir hovuddiskusjonen i rettssaka, er kor ansvaret skal plasserast. Er det først og fremst navigatøren som bør ansvarleggjerast, eller er det dei bakanforliggande årsakene som medverka til at det gjekk gale?

Nye opptak frå dramaet på tankskipet «Warship?» «Fucking hell!»

Grafikk: Kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS»

Opplevde press

I retten denne veka har den tiltalte vaktsjefen forklart seg om det som skjedde på brua.

Samtidig som han skulle navigera krigsskipet gjennom Hjeltefjorden, skulle han sjå til at ein vaktsjef under opplæring og ein vaktsjefassistent under opplæring, fekk den oppfølginga dei skulle ha.

33-åringen hadde berre hatt ansvar for skipet i åtte minutt då det dundra inn i tankskipet «Sola TS».

Då hadde han vore klarert vaktsjef i 205 dagar. 33-åringen har forklart at han hadde eit fastlåst bilete av situasjonen.

Han og har sagt at han mangla kapasitet og erfaring til å takla situasjonen som oppstod.

– Han opplevde at det var eit press å få klarert vaktsjefar gjennom systemet. Dette vil også bli belyst i hovudforhandlingane, sa forsvarar Christian Lundin til NRK denne veka.

Forsvarer Christian Lundin blir intervjuet av NRK i Helge Ingstad-rettssak, ser reporter i øynene under intervjusituasjon

FORSVARAR: Advokat Christian Lundin i intervju med NRK under rettssaka i Hordaland tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Systemsvikt eller aktløyse?

Forsvararane har i retten argumentert for at ulukka var eit resultat av ei lang rekke systemfeil og svakheiter.

Vaktsjefen sine handlingar – eller mangel på handlingar – var berre den siste i rekka av ei lang rekke feil, meiner dei.

Statsadvokat Benedikte Høgseth innleia den førte rettsveka med å avvisa påstanden plent. Aktoratet sa derimot at fleire omtala vaktsjefen som dyktig.

– Hans unnlating var ikkje eit resultat av systemsvikt, men individuelle avgjerder. Han var aktlaus, sa Høgseth.