Hopp til innhold

Vaktsjefen på «Helge Ingstad» orka ikkje høyre lydloggen i avhøyr: – Den verste perioden i mitt liv

Kvifor brukte han ikkje radaren meir då det lysande objektet kom nærare? Det var eitt av mange spørsmål då statsadvokatane stilte den tiltalte vaktsjefen på KNM «Helge Ingstad» til veggs.

Rettsaken mot vaktsjefen om bord på fregatten KNM Helge Ingstad. Aktor Magne Kvamme Sylta

STILTE TIL VEGGS: Statsadvokat Magne Kvamme Sylta er ein av dei to aktorane i saka. Han hadde mange spørsmål til den tiltalte under utspørjinga torsdag og tidvis vart det oppheita stemning.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Dagane og månadane etter kollisjonen er og var den verste perioden i mitt liv, sa 33-åringen i Hordaland tingrett på dag fire av «Helge Ingstad»-rettssaka.

Påtalemakta meiner han skal straffast for aktlaus navigasjon då fregatten kolliderte med tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden.

Aktor og statsadvokat Magne Kvamme Sylta hadde spelt av den etter kvart vidkjente lydloggen frå radiokommunikasjonen før kollisjonen.

I politiavhøyr nokre veker etter ulukka fekk den tiltalte vaktsjefen spørsmål om han ville høyre lydopptaka frå ulukkesnatta og kommentere det som kom fram.

– Det ønska eg ikkje. Det å gå tilbake å sjå på det då, det var eg ikkje i stand til, sa 33-åringen.

Hør utdrag av lydloggen:

Losen: – Helge Ingstad, høyrer du Sola TS?
Vaktsjefen: – Helge Ingstad.
Losen: – Er det du som kjem her?
Vaktsjefen: – Ja, det stemmer.
Losen: – Ta styrbord med ein gong.
Vaktsjefen: – Nei, då går vi for nærme e....blokkene/båkene.
Losen: – Sving styrbord over viss det er du som kjem her.
Vaktsjefen: – Eg...eit par grader styrbord over så fort vi har passert e...., passert e..... plattformen vi har om styrbord.

Tok feil

Saka mot vaktsjefen handlar i stor grad om kva vaktsjefen gjorde og kanskje aller mest ikkje gjorde i dei åtte minuttane han hadde ansvaret på bru før kollisjonen.

Vaktsjefen forklarte igjen i dag at han hadde eit fastlåst bilete av situasjonen:

Dei hadde tre fartøy på veg mot seg på babord side, medan dei sterke lysa på styrbord side meinte han tilhøyrde eit lysande objekt som låg i ro ved land.

Les også Dommar spurte «kvifor tenkte de ikkje at det var ein båt?»

Befaring i fregatt-saken

Derfor, då oppfordringa på radioen kom og han blei bedt om å ta «styrbord med ein gang», trudde vaktsjefen at det var eitt av dei tre fartøya på babord side som snakka til han.

– I mitt hovud var det mest nærliggande å tru at det var ein av dei som ønska større passeringsavstand.

– Ja, eg kunne gjort mykje annleis

Aktoratet gjekk gjennom kommunikasjonen på VHF-sambandet i detalj og spurde spørsmåla mange har lurt på etter kollisjonen:

Kvifor såg han ikkje meir på radaren, i kikkerten eller spurde resten av brua om hjelp då det lysande objektet viste seg å kome nærare?

Ikkje alt klarte han å gi gode svar på. Nokre ting hugsar han ikkje. Fleire gonger retta han igjen fokus på kva Fedje VTS og tankskipet «Sola TS» gjorde.

– Ja, det var mykje eg kunne gjort annleis, vedgjekk 33-åringen.

Befaring i fregatt-saken broa på ein fregatt

DÅRLEG KOMMUNIKASJON: Den tiltalte vaktsjefen seier han fekk lite hjelp av resten av mannskapet på brua då det han trudde var eit lysande objekt kom nærare. Samstundes måtte han vedgå at han ikkje spurte dei om hjelp då ting tilspissa seg.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Med aktiv bruk av radar, ville objektet vist på radaren då?, spurte Sylta.

– Ja, det ville det gjort, svarte tiltalte.

– Du var sjef på brua. Kvifor spurde du ikkje «kan nokon sjå i radar? Assistent, sjå i radar!», nærast ropte statsadvokaten i rettssalen.

– Det kunne eg ha gjort, ja, svarte tiltalte.

– Men kor er dine spørsmål på radioen. Spør du «kvifor, kven er det som spør om styrbord»?, spurte også statsadvokaten.

Nei, det gjer eg ikkje. I situasjonen var det, eeh ja. Det var mykje eg kunne ha gjort. Men det hadde eg verken kapasitet eller erfaring til å gjera, svara vaktsjefen.

Tidvis var det oppheita stemning mellom vaktsjefen og aktoratet. Vaktsjefen var engasjert og retta mellom anna på aktor då det blei sagt eller synt ting som var misvisande eller som han meinte ikkje stemte.

Nye opptak frå dramaet på tankskipet «Warship?» «Fucking hell!»

Grafikk: Kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS»

Meiner dei andre på bru kunne hjelpt meir

I sin frie forklaring onsdag fortalde vaktsjefen at då han tok over på brua klokka 03.53, gav han heile mannskapet ein status på situasjonen dei hadde framfor seg; tre fartøy på babord side som kom i mot og eit lysande, stasjonert objekt på styrbord side.

– Så sa eg: «gi meg beskjed om det blir noko endring på det biletet». Så kunne dei ha komme med tilbakemeldingar om dei meinte noko anna.

– Men eg fekk aldri nokon indikasjonar frå dei andre på brua at objektet hadde gått frå kai, sa tiltalte.

Han forklarte også at han trudde begge utkikkspostane, både på babord og styrbord side, var på plass då han tok over. Som tidlegare kjent var styrbord utkikk til matpause frå klokka 03.41–03.59.

Oversikt over bro på Helge Ingstad

OVERLEVERINGA: Slik såg det ut på brua då det var overlevering eit snautt kvarter før kollisjonen. Raud ring syner at styrbord utkikk mangla og det var ikkje den tiltalte vaktsjefen klar over.

Foto: Havarikommisjonen

Det betyr at utkikkane på styrbord side ikkje var tilbake før to minuttar før kollisjonen. Men tiltalte visste altså ikkje at han mangla styrbord utkikk, men han antok at han hadde det.

Statsadvokaten lurte på kvifor han ikkje tok ein runde og spurde om alle var der, når det er så mørkt på brua at ein ikkje nødvendigvis ser alle.

– Det verkar veldig rart for meg. Har du ikkje behov for å vite kven som er på brua når du kjem opp og skal få kontroll på situasjonen?, spurte Sylta.

– Det er rutinane eg er lært opp til, svara vaktsjefen.

Bakgrunn 21 minutt i Hjeltefjorden: Slik skjedde fregattkollisjonen

Fregatt og tankskip kolliderte.

– Prøver å provosere

Fredag er det rettsfri. Måndag held utspørjinga av vaktsjefen fram, før fleire vitne er kalla inn.

Mellom dei heile mannskapet som var på brua då kollisjonen skjedde, samt den avtroppande vaktsjefen.

Forsvarar Christian Lundin seier det har vore tøffe dagar i retten for den tiltalte, som altså nektar straffskuld og skuldar på systemsvikt hjå fleire partar.

– Det er ein stor belastning for han å sitte der og prøve å huske tilbake. Og tidvis har han ei oppleving av at aktor prøver å provosere han litt ekstra, men han svarar så godt han kan.

– I hans forklaring får vi eit inntrykk av at det er veldig dårleg kommunikasjon på brua?

– Det er på det reine at resten av bruteamet spelar han dårleg denne natta. Han ønskjer ikkje skulda på andre, men alle må gjera jobben sin, seier Lundin.