Hopp til innhold

Den tiltalte vaktsjefen tok over vakta tidlegare for å vera hyggeleg

Vaktsjefen tok over kommandoen på fregatten sju minutt før han eigentleg hadde vaktstart. Han hadde aldri trent på å endre feil situasjonsforståing før kollisjonen.

Befaring i fregatt-saken

TIDLIG OVERLEVERING: Avtroppande vaktsjef og den no tiltalte vaktsjefen hadde overlevering på brua eit snaut kvarter før kollisjonen skjedde. Biletet er frå synfaringa på KNM «Roald Amundsen».

Foto: Geir Olsen / POOL / NTB

Måndag vart utspørjinga av den tiltalte vaktsjefen (33) på KNM «Helge Ingstad» ferdig. I totalt tre rettsdagar har mannen blitt grilla om dei avgjerande minutta og sekunda før kollisjonen i Hjeltefjorden i 2018.

På slutten av utspørjinga ville tingrettsdommar Kristin Farstad vite kvifor vaktsjefen tok over ansvaret på brua tidlegare enn oppsett.

Vaktsjefen hadde nemleg skiftet som gjekk frå klokka 04.00 til 08.00, men tok over klokka 03.53.

Klokka 04.01.15 kolliderte fregatten med tankskipet «Sola TS».

– Det hadde ikkje vore noko i vegen for å vente, men eg var klar tidlegare. Vi tek over for å vera litt hyggeleg mot den avtroppande vaktsjefen. Slik at han kunne komme seg i seng nokre minutt tidlegare, svarte vaktsjefen.

– Så det var ditt initiativ. Hadde du godt nattesyn då?, spurde tingrettsdommaren.

– Eg følte eg hadde godt nok nattesyn til å ta over.

Befaring i fregatt-saken

PÅ SYNFARING: Skipssjef Lars Larsson (til venstre) og vaktsjef Christoffer Brekke på KNM «Roald Amundsen» forklarer retten korleis fregattbrua er. Tingrettsdommar Kristin Farstad til høgre.

Foto: Geir Olsen / POOL / NTB

– Tar over når ein har fått kontroll

33-åringen er no tiltalt for aktlaus navigasjon og for å vera hovudårsaka til at dei to skipa kolliderte.

Tidlegare måndag forklarte vaktsjefen at det var vanleg å vente med overleveringa på vaktsjefskiftet, viss det hadde oppstått situasjonar som måtte løysast.

– «Jeg har ikke helt oversikt og fortsetter litt til» pleidde ein kanskje å seia som avtroppande vaktsjef då. Så tek ein over når ein har fått kontroll på situasjonen, fortalde vaktsjefen.

Han har forklart at han og den avtroppande vaktsjefen under overleveringa avklarte at «det lysande objektet» ikkje var eit fartøy, men noko som låg i ro ved land.

Klokka 03.59.56, altså fire sekund før det oppsette skiftet hans, tok «Sola TS» kontakt på radioen for å be fregatten «svinga styrbord».

Les også 21 minutt i Hjeltefjorden: Slik skjedde fregattkollisjonen

Fregatt og tankskip kolliderte.

Spurd om «presset»

Forsvararane gjekk rett på sak om opplæringa og klareringsløpet for vaktsjefar i Sjøforsvaret i si utspørjing måndag.

Den tiltalte har fortalt at han opplevde «eit press» då han var under opplæring som vaktsjef året før kollisjonen. Forsvarar Christian Lundin bad vaktsjefen utdjupe.

Det var mi oppfatning at dei aller fleste vart klarert innan eitt år. Og at det var ei forventning om at vi skulle klare det same, sa vaktsjefen.

– Eg opplevde det som viktig for eiga karriere å bli klarert. For at eg kunne utøva yrket mitt fullt og heilt. Men også for at dei som hadde opplæringa med meg, kunne fortsette sine karriereløp, sa vaktsjefen.

Lyddrama på tankskipet spilt av i retten «Warship?» «Fucking hell!»

Grafikk: Kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS»

Øvde aldri på «feil situasjonsforståing»

Forsvararane til vaktsjefen meiner mykje av forliset skuldast systemfeil. Både i Sjøforsvaret, på tankskipet dei kolliderte med og på Fedje sjøtrafikksentral.

Aktoratet meiner derimot at ulukka skjedde på grunn av vaktsjefens eigne avgjerder. Dei har vist til at fleire har omtalt han som dyktig. I politiavhøyr har 33-åringen også sagt at han «i stor grad» hadde kompetanse til å navigere fregatten.

Men hans eigne forsvararar vil setje fokus på at vaktsjefen var uerfaren. Han vart klarert som vaktsjef berre åtte månadar før ulukka.

Derfor klarte han ikkje å rette opp i den feilaktige situasjonsforståinga han hadde om «det lysande objektet».

– Under klareringsløpet for å bli vaktsjef, øvde dykk nokon gong på ein slik situasjon, til dømes i simulatoren?, spurte forsvarar Lundin.

– Nei. Det skjedde i liten, eller ingen, grad at vi blei presentert med feil situasjonsbilde for å kunne vri om på det. Det var ingen spesifikke øvingar som gjekk på at ein hadde mangelfulle opplysningar frå brumannskapet og måtte endre situasjonsforståing. Det var det ikkje noko fokus på, svarte vaktsjefen.

Rettsaken mot vaktsjefen om bord på fregatten KNM Helge Ingstad

FORSVARER VAKTSJEFEN: Christian Lundin (til venstre) og Tom Sørum.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Men har du i ettertid reflektert over kva din relativt korte erfaring hadde å seia?, spurde den andre forsvararen, Tom Sørum.

– Eg følte då eg stod der at eg hadde god nok erfaring for å vere der. Eg følgde prosedyrane og reglane som var. Så ser eg jo at det er gjort endringar og at ein no må ha lenger segltid for å kunne ha nokon under opplæring. Det er vanskeleg å seie om det ville vore utslagsgivande i min situasjon.

– Opplæring var eit forstyrrande element

Som NRK skreiv i helga, ville ikkje situasjonen som var på brua ulukkesnatta vore lov i Sjøforsvaret i dag.

I dag må ein ha 12 månadar segltid før ein blir klarert som vaktsjef, og ytterlegare 12 månadar segltid som sjølvstendig vaktsjef før ein får opplæringsansvar.

Den tiltalte vaktsjefen starta si opplæring i august 2017 og vart klarert i mars året etter. Allereie knappe fire månadar etter fekk vaktsjefen opplæringsansvar for ein ny vaktsjef på utveksling frå den amerikanske marinen.

Det var ho som var under opplæring som vaktsjef då fregatten kolliderte.

– Det er situasjonsavhengig om det er ein byrde eller om det er positivt å ha opplæringsansvar. Det positive er at du får fleire auge til å følge med på ting, sa vaktsjefen.

Så sa han seg samd i at det å ha nokon under opplæring var eit «forstyrrande element».

Les også Vaktsjefen på «Helge Ingstad» orka ikkje høyre lydloggen i avhøyr: – Den verste perioden i mitt liv

Rettsaken mot vaktsjefen om bord på fregatten KNM Helge Ingstad. Aktor Magne Kvamme Sylta

Også i dag retta vaktsjefen ein del merksemd mot at resten av brua ikkje hjelpte han meir i situasjonen som oppstod. Forsvararen hans har tidlegare sagt til NRK at brua «spelte han dårleg».

Vaktsjefen var også kritisk til meldingane på radioane om at dei måtte «ta styrbord». Han meiner losen på «Sola TS» kunne vore tydelegare på kven dei var og at dei var på kollisjonskurs.

– Oppkalla på radioen var intetsigande og lite informative, sa vaktsjefen.

Viktige vitne

Dei neste dagane vil bli via til vitneforklaringar frå mannskap på fregatten.

Tysdag skal fire av dei som kanskje kom nærast på døden under kollisjonen fortelje om det dei opplevde.

Les også Slik husker de dramaet – Pål André (25) trodde han skulle dø da «Helge Ingstad» krasjet

Pål André Gustavson, matros på Helge Ingstad

På onsdag skal den avtroppande vaktsjefen forklare seg for retten. Torsdag skal to av dei som var på brua då dei kolliderte, vitne.

Den eine er rormannen, som langt tidlegare enn dei andre forstod at «det lysande objektet» faktisk var eit fartøy i rørsle.

Han gjer berre rorutslag på ordre frå vaktsjefen og han antok også at vaktsjefen var klar over at «Sola TS» faktisk var eit fartøy som bevega seg mot dei.