Hopp til innhold

Skarpe reaksjonar på gruvedrift-planar under sjøen

Regjeringa vert skulda for å vere på djupt vatn etter at dei opna for mineralutvinning på havbotn.

mineralutvinning på havbunnen

MILLIARD-INDUSTRI: Olje- og energidepartementet tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om opning av norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd våren 2023.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Olje- og energiminister Terje Aasland la i oktober fram ei konsekvensutgreiing for å opne store deler av sokkelen for gruvedrift.

– Avhengig av at utvinning kan skje på ein lønnsam måte og med akseptabel grad av miljøpåverknad, kan dette bli ei spennande ny næring, sa statsråden.

Bakgrunnen for initiativet er det grøne skiftet som krev masse metall.

Blant påviste mineral i norske havområde er bly, mangan, jern, titan, sink, kobbar, kobolt og nikkel.

Ein rapport frå Rystad Energy seier at desse kan gi opp mot 180 milliardar kroner i årlege inntekter og 21.000 arbeidsplassar.

Undervannsrobot

Ein robot jobbar ved ein undersjøisk vulkan cirka 1.000 km vest frå Bergen. Under vulkanane kan det vere mineral for fleire milliardar kroner.

Foto: enter for Dyphavsforskning / UiB

Utgreiinga skal no ut på høyring, men fleire kritiske stemmer har meldt seg allereie.

Regjeringa bør stanse denne prosessen, seier leiar i Framtida i våre hender, Anja Bakken Riise.

Ho legg til:

Det er urovekkjande at vi etter å ha øydelagt så mykje av naturen på land, går vidare til å øydeleggje endå meir av naturen til havs.

Olje- og energiminister Terje Aasland skal orientere Stortinget om kraftsituasjonen.

– For å få til overgangen til lågutsleppssamfunnet, treng verda auka tilgang på viktige mineral, seier Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: Lise Åserud / NTB

Vi risikerer å øydeleggje unik natur

Signal om at regjeringa går for raskt fram har òg komme frå Noregs fiskarlag, Havforskingsinstituttet, Miljøorganisasjonen WWF og Norsk Polarinstitutt.

Noregs fiskarlag krev «globalt moratorium» (mellombels forbod) mot å «opne havbotnen».

Vi veit altfor lite om konsekvensane av gruvedrift på havbotnen, og risikerer å øydeleggje unik natur. Den risikoen kan vi ikkje ta, skriv dei i ein uttale.

I ein kronikk i Bergens Tidende skriv Rasmus Hansson (MDG) at konsekvensutgreiinga «stadfestar at vi er langt unna å ha god nok kunnskap» til å drive med mineralutvinning under sjøen.

Han ber regjeringa om å ta ein «lang pustepause» (på 10 år), men er redd det vert vanskeleg når ballen fyrst har byrja å rulle.

Alle veit at når sånne prosessar først blir starta, så blir det fort umogleg å stoppe dei. Det blir investert for mykje politisk prestisje og pengar.

Det grønne skiftet krever mineraler

DET GRØNE SKIFTET: To mineraltypar er påvist på norsk kontinentalsokkel: sulfid og manganrike skorpar.

Foto: Norges Geologiske Undersøkelse

Regjeringa driv med «risikosport»

Leiar av Senter for berekraftig hav, Lise Øvreås, har tidlegare skrive at regjeringa driv med «risikosport» når dei legg til rette for å opne areal i djuphavet til utvinning av mineral.

I artikkelen spør ho:

«Når industrien sjølv skal handtere alle aspekt av leiting og utvinning av mineral, får vi då den nødvendige objektive kunnskapen? Eller er avgjerdsgrunnlaget påverka av at gruveselskapa som har vore med på å finansiere kartlegginga, er dei som får konsesjon til utvinning?»

Eg er langt på veg samd med MDG om at det kan sjå ut som om det blir «tvinga» fram ein for rask saksgang, seier ho til NRK.

Liknande signal har òg kome frå SV og Raudt.

Mindre enn planlagt

I Høgre har bekymringa motset forteikn. I eit skriftleg spørsmål til statsråden spør energipolitisk talsperson Bård Ludvig Thorheim (H) kvifor det er gjort ei «betydeleg avgrensing» av utgreiingsområdet i høyringsdokumentet frå regjeringa.

Området som blir opna for konsekvensutgreiing er om lag 50 prosent mindre enn det som var planlagt, seier han.

Han meiner Noreg kan gå glipp av store ressursar og viktige mineral til det grøne skiftet.

Me har ikkje fått noko god grunngjeving for kvifor regjeringa avgrensar området. Dei nemner ikkje om det er miljømessige argument eller andre grunnar, seier Thorheim.

I svaret frå regjeringa heiter det at området som blir opna er det mest interessante for leiting i den første fasen:

– Dette er området direktoratet har mest data og kunnskap om, heiter det i svaret til Aasland.

Kart over forslag til åpningsområde.

Olje- og energidepartementet tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om opning av norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd våren 2023.

Foto: Olje- og energidepartementet

Stortingsmelding våren 2023

Noreg er eitt av 14 medlemsland i Havpanelet, som har slutta seg til tilrådinga om å bruke FNs «havforskingstiår» (fram til 2030) som ramme for kunnskapsinnhenting om djuphavet.

Planen til regjeringa er fremje saka for Stortinget i andre kvartal neste år, og deretter – gitt at dei har fleirtalet med seg leggje til rette for tildeling av avgrensa område.

Generalsekretær i Norsk forum for Marine Mineraler, Egil Tjåland, seier landet har «tradisjon for grundige konsekvensutgreiingar» og at dette gjer han «trygg på at det vedtaket som fattast er ein konsekvens av ryddige og demokratiske prosessar».

Noreg har gjennom nyare historie vist at demokratiske prosessar har gagna landa med omsyn til naturressursar, seier han.

Konsekvensutgreiinga blir no send på offentleg høyring med frist 27. januar 2023.