Eli og familien elskar å vere ute.

Rett utanfor døra har dei flotte turmoglegheiter.

Men under bakken i heimbygda skjuler det seg skattar heile verda er på desperat jakt etter.

Korleis blir turpardiset når skatten skal gravast opp?

Den nye olja

Den nye olja

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bålet er tent, pølsene er varme og snøen er borte. Eli Landsdal, ektemannen Vegard og barna kosar seg ekstra når våren er i anmarsj.

Nærleiken til naturen er noko av det beste med å bu på Fen. Bygda i Telemark husar nokre flotte turområde.

Men Fen husar også noko anna. Noko som kan snu opp ned på maktforholdet i verda.

– Me er spente, og me veit jo ikkje heilt kva som ventar oss, seier Eli Landsdal.

Familien veit at dei bur på spesiell grunn.

Under bakken ligg det fleire sjeldne jordartsmetall.

To av dei er særskildt interessante.

Ein treng desse metalla blant anna til å produsere vindmøller, elbilar og mobiltelefonar.

Feltet med det rare i

Lokalbefolkninga har lenge visst at Fen er ein spesiell stad. Men plutseleg byrja ting å skje i den vesle bygda.

Ute på jorda dukka det opp boreriggar.

Det siste året har aktiviteten vore stor. To private gruveselskap har bora tusenvis av meter med steinprøver.

Dei vil finne ut om det er mogleg å starte gruvedrift på Fen.

Collage av Fensfeltet

ALLE DRONEFOTO: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Alt tyder no på at Fensfeltet er Europas største førekomst av sjeldne jordartsmetall.

Nokon trur også det kan vere verdas største.

Regiongeologen i Vestfold og Telemark er den fremste eksperten på Fensfeltet og har leia fleire av prøveboringane.

Regiongeolog i Vestfold og Telemark, Sven Dahlgren, på Fensfeltet.

Regiongeolog Sven Dahlgren hjelper i dag dei private gruveselskapa i jakta på sjeldne jordarter på Fen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Denne guggete, brune og rustne bergarten her kan vere framtidas metall i Europa, seier regiongeolog Sven Dahlgren, medan han ser ned på eit fjell som stikk opp av landskapet.

Dahlgren lever og andar for Fensfeltet. Han håpar planane om gruvedrift blir noko av, men veit at det er mange hinder i vegen.

Dei 17 sjeldne jordartene, som går under namnet REE, er avgjerande for å produsere framtidas digitale teknologi. Stoffa finst i bergarter overalt, men dei finst sjeldan i store nok konsentrasjonar til at dei er moglege å vinne ut.

Steinprøver som er henta opp på Fensfeltet i Nome.

Steinprøver som blir henta opp av bakken på Fensfeltet. Analysar viser at det er stor konsentrasjon av sjeldne jordartsmetall i prøvene.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Interessa for metalla på Fensfeltet har eksplodert det siste året. No er det ikkje berre geologar og vitskapsfolk som har fått opp auga for potensialet i den vesle bygda.

EU, Nato, LO, NHO og ikkje minst norske styresmakter. Alle ønsker seg gruvedrift på Fen.

– Det er full fres no. Det er krevjande å vere vertskommune, seier ordførar Bjørg Tveito Lundefaret.

Ho har jobba med Fensfeltet heile si politiske karriere.

Ordførar i Nome (Ap) Bjørg Tveito Lundefaret på Fensfeltet.

Arbeidarpartiordføraren i Nome Bjørg Tveito Lundefaret er oppteken av å sikre god lokal verdiskaping om det blir gruvedrift på Fensfeltet.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Lundefaret kjenner på eit enormt ansvar for lokalbefolkninga.

– Det hadde jo vore mykje enklare om dette låg langt vekk frå folk, seier ho.

For korleis vil eigentleg gruvedrifta påverke dei 700 innbyggarane på Fen?

Strategiske metall

Mineralutvinning har tradisjonelt vore eit konfliktfylt tema i Noreg. Gruvedrift har i fleire tilfelle ført med seg negative konsekvensar for natur og miljø.

I enkelte vestlege land blir det henta ut sjeldne jordartar i dag.

Men det er Kina som sit i førarsetet. Dei har nesten monopol på produksjonen av sjeldne jordartsmetall.

Gruvene i Bayan-Obo er ein av stadene kinesarane har teke ut metall i mange år allereie.

Slik ser det ut der:

Dominansen til Kina og den spente politiske situasjonen i verda har gjort at interessa for metalla på Fensfeltet har eksplodert.

– Sjeldne jordartsmetall frå Kina er overalt. I telefonane våre, i bilane våre og i vårt militære forsvarsmateriell, sa Jens Stoltenberg med stor uro, da Natos medlemsland var samla i Madrid i november i fjor.

Han åtvara vesten mot å vere avhengige av metall frå Kina, på same måte som ein hadde vore avhengige av gassen til Russland.

EU anslår at Kina står for over 90 prosent av all produksjon av sjeldne jordartsmetall i dag.

– Litium og sjeldne jordartsmetall vil snart bli viktigare enn olje og gass, sa EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen frå talarstolen i haust.

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen besøker Troll A-plattformen i Nordsjøen.

Generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg og EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen har eit nært samarbeid.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I det store verdspolitiske bilete er det kritisk for Nato og EU å bli sjølvforsynte med sjeldne jordartsmetall så raskt som råd.

Ein liten tettstad i Telemark kan bli redninga for heile Europa.

Uroleg for naturen

Men kva er prisen for å sikre vesten tilgang til kritiske metall? Ute i skogen rundt bålet lurar familien Landsdal på korleis gruvedrift vil påverke liva deira.

– Det eg er mest usikker på er jo konsekvensane dette kan få for naturen, seier Eli Landsdal.

Familien Landsdal rundt bålet på Fen i Nome

Familien Landsdal tek gjerne middagen utandørs.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Ho er også uroleg for støy og bråk.

Viss det kjem ei gruve på Fen kan den bli ståande i over 100 år. Både barn og barnebarn vil vekse opp i eit gruvesamfunn.

EU har rekna seg fram til at behovet for sjeldne jordarter vil femdoble seg innan 2030.

Sjølv har familien to elbilar.

– Det var vel mangel på desse metalla som førte til at det var lang leveringstid på elbilar for ei tid tilbake, også veit me jo at det ligg ein haug av desse metalla her me står, seier Landsdal.

Familien Landsdal kjører elbil.

Familien Landsdal er sjølve storforbrukarar av sjeldne jordartsmetall som eigarar av to elektriske bilar.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Vestre vil redde vesten

Det er massive krefter i sving for å få metalla opp av bakken.

Nyleg var næringsminister Jan Christian Vestre på besøk i bygda. Frå scena sa han at Europa no ser til Fen.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) under Fensdagene i Nome i april 2020. Han snakker med en kvinne på sin høyre side. Ordfører i Nome, Bjørg Tveito Lundefaret sitter på hans venstre side.

Næringsminister Jan Christian Vestre følgjer spent med på Fensfeltet. Han jobbar også med ein ny mineralstrategi for Noreg. Her sit han ved sidan av ordførar Bjørg Tveito Lundefaret.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

– Det er eit stort potensial og det er difor viktig at me held framdrifta oppe, seier Vestre.

– Men gruvedrift kan opplevast skummelt for lokalbefolkninga. Kan du garantere at dette blir gjennomført på ein god måte?

– Det må vere ein heilt klår føresetnad. Gruveprosjekta har utvikla seg, og det kjem ny teknologi. Her snakkar me kanskje om ei heilt underjordisk gruve, seier Vestre, og viser til gruveplanane på Fen.

For viss det blir gruvedrift på Fensfeltet skal det gå føre seg på ein heilt spesiell måte.

Ny teknologi

Tegning som viser gruven under Fensfeltet, en tegnet målestokk indikerer at dette er langt under bakken.

Sveip til høgre for å sjå korleis gruveselskapa tenker å drive gruver på Fen. NRK har laga denne grafikken basert på skildringar frå gruveselskapa.

Tegning av malmen som transporteres på samlebånd ut av gruva. En tegnet målestokk indikerer at gruva er veldig lang.
Tegning av fabrikken som tar imot malmen fra gruva. Det er flere hauger med malm på bakken rundt fabrikken.

Planen er å grave ein tunnel inn til Fensfeltet. Gruveinngangen blir plassert om lag fem kilometer frå tettstaden. Massane blir så frakta ut av gruva på transportband. I ein fabrikk på utsida blir metalla skilt ut, og restane av massane blir lagra i eit deponi.

Det er fabrikken og deponiet som vil krevje mest areal.

– Land-deponi er ei utfordring med all mineralutvinning. Mineralutvinning er underlagt dei strengaste krav til konsekvensutgreiing, seier Alf Reistad, som er dagleg leiar i gruveselskapet Rare Earths Norway.

Alf Reistad er dagleg leiar i gruveselskapet Rare Earths Norway.

Alf Reistad seier folk som bur på Fen vil merke lite til ei eventuell gruvedrift.

Foto: Roar Strøm / NRK

Etter kvart skal også delar av massane tilbake i gruva.

Gruveselskapa jobbar no med å utvikle teknologien som krevst for å etablere slike underjordiske gruver. Det skal vere skånsamt for både lokalbefolkning, naturen og miljøet.

– Me er i tett dialog med styresmaktene og andre interessentar rundt Fensfeltet, så me kan garantere at alle vil bli høyrd, seier Reistad.

Denne nye gruveteknologien gjer at mange innbyggarar på Fen er positive til gruvedrift.

Anette Vibeto

Sveip til høgre for å sjå kva folk på Fen tenker om gruvedrift.

Tore Stennek
Kristian Karlsen

Håpar på vekst

Familien Landsdal har framleis mange spørsmål knytt til gruvedrifta. Likevel er dei positive til gruver på Fen, så lenge gruvedrifta skal gå føre seg under bakken.

– Me satsar på at det vil gje vekst til området her, seier Vegard Landsdal, medan han kastar ein kvist inn ei ein stor kvisthaug.

Eli Landsdal

Eli Landsdal ryddar kvist på den nye tomta.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Ekteparet Landsdal viser oss den nye tomta dei har kjøpt. Her vil dei bygge hus og gro enda djupare røter til Fen.

– Me har vekse opp her begge to, seier Eli Landsdal.

Dei opplever at informasjonen og prosessen rundt potensiell gruvedrift har vore god så langt. Dei ventar å framleis bli godt involvert i det som skjer på heimstaden deira framover.

Heile livet har dei har dei høyrd om at heimplassen er spesiell. Men no, på grunn av verdas behov, vil dei truleg måtte leve midt oppi det som kan bli eit nytt norsk industrieventyr.

– Alle har tenkt at dette er så langt fram i tid, men no ser det ut til at me faktisk kjem til å oppleve dette sjølve, seier Landsdal.

Vegard og Eli Landsdal på sin nye tomt på Fen

Vegard og Eli Landsdal gler seg til å få sin nye heim på plass på denne tomta.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK