Hopp til innhold

Her kan du få ein kanon-ferie i sommar

LAMMETUN (NRK): Annleis-sommaren gjer at djupe bunkersar, kanonstillingar, kommandotårn og andre krigsminne kan bli eit viktig reisemål.

KYSTFORT: Lammetun Kystfort i Fjaler blei bygd opp av tyskarane under krigen. I dag er det eit ynda mål for historieinteresserte.

– Vi har sendt byggjemelding for ei kanon, det er vel ikkje nett så vanleg, seier Frode Haugen, og ler.

Heilt vest i Sunnfjord, med Nordsjøen som næraste nabo, ligg kystfortet på Lammetun som blei bygd i 1941.

Kystfortet var aldri innblanda i større krigshendingar under krigen, men ved eit par høve vart det skote etter norske motortorpedobåtar som var på tokt inne i skipsleia.

I dag, kloss inntil fortet, driv Haugen ein campingplass.

Sjølv om mange verksemder i reiselivsbransjen no ligg nede med knekt rygg, er han optimistisk.

– Eg har tru på at mange vil velje å følgje Erna Solberg sitt råd om å feriere i Noreg, seier han.

– Stor leikeplass

Mange stader i Noreg kan du enno finne godt bevarte minne frå tyskarane sin okkupasjon av Noreg.

Gjennom «Organisasjon Todt» bygde tyskarar, nordmenn og krigsfangar store installasjonar i heile landet. Blant anna fleire hundre kystfort – i tilfelle dei allierte skulle slå tilbake.

– Det var besteforeldra mine som budde her ved fortet på Lammetun, men som liten unge kom eg ofte på besøk og eg såg på det som ein stor leikeplass, fortel Frode Haugen.

Mange av anlegga som tyskarane fekk bygd, er i dag lite tilgjengelege. Nokon er sperra av, andre er grave igjen eller fjerna.

Men på Lammetun, og fleire andre stadar kan både unge og gamle kome på besøk og sjå den dramatiske krigshistoria på nært hald.

Utsikt frå Torås fort på Tjøme

GOD UTSIKT: Frå kanontårnet på Torås fort på Tjøme kan du sjå langt.

Foto: Christian Haugan

Gode ferieråd

Ein av dei som kan mest om tyskarane sine installasjonar, er krigshistorikaren og forfattaren Kjell-Ragnar Berge frå Førde.

Han har skrive fleire bøker om krig og okkupasjon i Noreg, og har vitja mange av dei mest spanande plassane. Blant anna om Lyngenlinja i Troms.

No vil han gjerne dele nokon av hans eigne beste reisetips for dei som vil reise i sommar og oppleve desse krigsminna. Det er særleg langs kysten ein finn dei mest synlege spora frå krigsåra.

– Når det gjeld opne tilgjengelege område som kystfort, så blir det tilrådd å halde seg berre til dei områda som er rydda, sikra og tilrettelagt for besøkande, seier Berge.

Han minner om at ein bør sjekke om krigshistoriske museum held ope, og om det vert lagt opp til omvisingar.

Her er Berge sine tips til nokre av dei mange krigsminna ein kan oppleve under årets Norgesferie:

Ergan kystfort. Bud

HALDE VED LIKE: Ergan kystfort nordvest for Molde er eitt av krigsminna publikum kan kome nær.

Foto: Olav S Hustad
I år er det 80 år sidan den tyske invasjonen av Noreg, og 75 år sidan freden kom. Over heile landet kan du sjå minne frå krigsåra.

Nord-Noreg:

Sør-Noreg

  • Austrått fort på Ørlandet i Trøndelag er pansertårnet frå slagkryssaren «Gneisenau» tatt på land og sette opp som kystartilleri. Tårnet er tatt vare på og er tilgjengeleg for omvisingar.
  • Ergan kystfort i Bud nordvest for Molde er tilgjengeleg for publikum og eit populært reisemål i regionen.
  • Måløyraidsenteret formidlar historia om det allierte raidet 27. desember 1941, der kaptein Martin Linge blei drepen.
  • Rugsundøy ligg eit av dei få tyske kystforta som var i kamp i løpet av krigsåra.
  • I Frammarsvik i Naustdal ligg Luftkampmuseet som formidlar historia om luftkampen over Sunnfjord 9. februar 1945. Dei allierte leid store tap og hendinga fekk namnet «Black Friday»
  • Bjørn West Museet i Matre formidlar historia om Milorgbasen Bjørn West i Matrefjella frå oktober 1944 til mai 1945, og dei dramatiske kampane med tyske styrkar i dei siste dagane før freden 8. mai 1945.
  • Fjell festning på Sotra har eit stort fjellanlegg tilgjengeleg for omvising.
  • Arquebus Krigshistoriske Museum i Tysvær har utstillingar med tema frå okkupasjonen av Noreg, samlingar av køyretøy, våpen og gjenstandar.
  • Kristiansand kanonmuseum på Møvig er eit viktig krigsminne. Kanonane på Møvig skulle kontrollere Skipstrafikken i Skagerrak, saman med tilsvarande anlegg i Hanstholm i Danmark.
  • Regionalt Krigshistorisk Formidlingssenter i Moelv formidlar kunnskap om krigshandlingane langs Mjøsa i aprildagane 1940.
  • Torås fort på Tjøme er det største autentiske krigsminnet i Vestfold og Telemark. Fortet var også i bruk etter krigen, mellom anna som skule for hemmelege, norske styrkar i «Stay behind».