Hopp til innhold

Fredar akuttkirurgien og fødetilbodet i Lofoten og Narvik

Sjukehusa skal få meir pengar, lova helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) i sjukehustalen 2024. Akuttkirurgien og fødetilbodet i Lofoten og Narvik blir freda.

Helse- og omsorgsministeren holder sykehustalen 2024

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

– Akuttilbodet i Narvik og Lofoten blir ikkje svekka. Så må Helse Nord fortsetja å visa leiarskap, som dei har gjort, sa Kjerkol.

Hovudbodskapa hennar i talen var at ventetidene skal ned, innsatsen på psykisk helse og rus skal forsterkast, og det skal takast store grep i sjukehusøkonomien framover.

– Me må løfta blikket og sjå det store biletet, sa Kjerkol i starten av talen sin.

Nyheitene frå Kjerkol har ført til jubel i nord.

Les også Jubel i Narvik og Lofoten

Sigve Solberg

– Målet mitt er at me skal ha ei sterk fagleg utvikling i helsetenestene våre. Dessverre møter me framover store utfordringar med tilgang på fagfolk, fleire eldre, eit samansett sjukdomsbilete og trussel om nye pandemiar, sa Kjerkol i talen.

Ho peika på at desse tinga ikkje kan løysast med dagens organisering.

– Samfunnet vårt endrar seg. Me veit at fleire går ut av arbeidslivet enn dei som er på veg inn. Mangelen på fagfolk blir større og andelen eldre aukar. Det her er ikkje ei fjern framtid, sa Kjerkol.

Ho peika på at ein allereie merkar endringane i helsevesenet.

Kjerkol lova meir pengar til sjukehusa under sjukehustalen i Bergen.

Sjukehusa har vore pålagde effektiviseringskutt i 15 år, men frå og med 2025 meiner Kjerkol at det ikkje lenger er naudsynt.

Dette vil frigjera om lag 500 millionar kroner til sjukehusa frå og med neste år.

– No har me kome til eit punkt kor gevinsten må seiast å vera teke ut og ikkje verkar like logisk lenger, sa Kjerkol i talen.

Sentrale avklaringar for sjukehusa i nord

I Helse Nord har det vore foreslått å sentralisera og samla meir av sjukehustilbodet.

Mellom anna har ei arbeidsgruppe føreslått å legga ned akuttilbodet ved sjukehusa i Narvik og Lofoten. I staden skulle sjukehusa gjera fleire planlagde behandlingar, som er ein stor del av aktiviteten ved eit sjukehus.

Skilnaden er at ein då ikkje har vaktberedskap døgnet rundt og dermed ikkje kan ta imot akutte tilfelle.

I tillegg har det vore framme forslag om at fødetilbodet skal nedskalerast fleire stadar.

Både akuttilbodet og fødetilbodet blei freda i Kjerkol sin tale.

– Det har vore stor motstand både i befolkninga og i eiga regjering. Derfor driv Kjerkol ei form for brannsløkking her ved å freda akuttkirurgien i Lofoten og Narvik, seier NRK-kommentator Tone Sofie Aglen.

– Tar ned alvoret

Kommentator Tone Sofie Aglen.

Aglen minner om at regjeringa er ei mindretalsregjering.

– Det har nok vore ganske openbert då desse forslaga vart lagde fram at dei no har hatt liten sjanse til å overleva politisk behandling. Det handlar for det første om at ein nærast samstemt opposisjon på Stortinget sa at dei ikkje kunne vera med på desse kutta.

I tillegg har representantar frå både Sp og Ap uttrykt at kuttforslaga er krevjande for dei.

– Det me gjer no er at me tek den betente konflikten om akuttilbodet i Narvik og Lofoten ut av likninga. Men oppdraget til Helse Nord fortset, seier Kjerkol til NRK. Ho viser til at det framleis er naudsynt med stor omstilling i Helse Nord.

Er det Senterpartiet som har kravd dette?

– Det er regjeringa sin politikk. Me har hatt tøffe diskusjonar og me har ulike meiningar, men me har kome fram til ei felles god løysing som vil avklara mykje for Helse Nord, seier Kjerkol.

Det er framleis knytt spenning til framtida i Helse Nord. Her står Helgeland, Bodø og Tromsø sentralt.

– Det er jo desse områda som har fått veldig mykje merksemd. Akuttberedskapen får alltid mykje merksemd, det er der fakkeltoga kjem, seier Aglen.

Ho peikar på fleire punkt helseministeren ikkje nemnde i talen sin.

– Det står fast i bestillinga til Helse Nord at det skal vera eitt sjukehus på Helgeland, her er det mange parti som har lova mykje før. Det kjem til å bli ei større konflikt.

– I tillegg seier ein rett ut at ein må gjera noko med oppgåvene mellom Nordlandssykehuset i Bodø og Universitetssjukehuset i Tromsø. Der har ein mange doble funksjonar som kostar pengar og tek mange fagfolk. Det kjem til å bli ein ganske bitter strid mellom dei to byane.

Vil ta store grep i sjukehusfinansieringa

I talen varsla Kjerkol om tre viktige endringar som regjeringa vil koma nærare tilbake til i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

– Nasjonal helse- og samhandlingsplan er dessverre litt forseinka, men her kjem me til å foreslå store endringar i finansieringa av sjukehusa våre.

Slutt på årlege effektiviseringskutt og auka rammefinansiering

– Frå 2025 vil me foreslå å setja ein stoppar for eit effektiviseringskutt som har lege over sjukehusa i 15 år, sa Kjerkol.

Kvart år bereknar dei kor mykje sjukehusa sine kostnader aukar for å dekka behovet i befolkninga. Sjukehusa får i dag tildelt 80 prosent av kostnadane. No går regjeringa inn for å gi 100 prosent dekning. I tillegg vil dei auka andelen av rammefinansieringa.

– Slik at dei funksjonane som må vera på eit sjukehus blir vektlagde tydlegare i finansieringa.

Tilbake til gunstigare rentemodell

I 2018 blei modellen for tilbakebetaling av lån til store og naudsynte investeringar endra. Den noverande modellen gir sjukehusa store utgifter framover. Desse må dei dekka ved å kutta i drifta.

– Regjeringa vil gå inn for rentemodellen som gjaldt fram til 2018 skal gjerast gjeldande for alle sjukehusprosjekt, sa Kjerkol.

Det vil bety fleire milliardar kroner spart for sjukehusa så lenge dei har låna. Dette skal også vera positivt for framtidige sjukehusutbyggingar, ifølgje ministeren.

Lågare krav til eigenkapital

Kravet til eigenkapital dersom ein vil gå i gang med investeringar er på 30 prosent. Dette har sjukehusutvalet meint er for høgt. No vil regjeringa følgja opp.

– Me legg til grunn at låneandelen i nye prosjekt kan utgjera inntil 90 prosent av styringsramma, sa Kjerkol.

Dette inneber mellom anna at Mjøssykehuset kan auka låneramma med rundt 800 millionar kroner. Då treng dei mindre eigenkapital.

– Mindre må kuttast før ein kan investera, sa Kjerkol.

Store kuttforslag i forkant

Trongare helsebudsjett har ført til kuttforslag over heile landet. Det har storma rundt helseminister Ingvild Kjerkol og folk har gått i fakkeltog for å kjempa for sine sjukehus.

I Helse Nord har det vore foreslått å sentralisera og samla meir av sjukehustilbodet.

Både akuttilbod og fødetilbod har vore foreslått nedskalert.

Ein av grunnane til problema i helseføretaka er mangel på helsepersonell. Både bemanning og økonomi står sentralt for dei norske sjukehusa.

Mange har kjempa for sine tilbod.

Les også Det går alltid et fakkeltog

Fakkeltog i Lofoten mot sykehusnedleggelse

I tillegg til endringa i Nord-Noreg er det mellom anna føreslått å leggja ned fødetilbodet på sjukehuset i Elverum og å kutta i rusbehandlinga i Bergen.

Direktørane i mellom anna Helse Bergen og Oslo universitetssjukehus har etterlyst eit fakkeltog for heilskapen.

Men til sjuande og sist er det politikarane som bestemmer.

Les også Helsetoppar meiner at fakkeltog får styre for mykje av helsepolitikken

Fakkeltog for norske sykehus utenfor Stortinget

Årleg tale

Tysdag føremiddag heldt helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) sjukehustalen ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Kvart år held helse- og omsorgsministeren ein tale for sjukehusa. Her presenterer ministeren forventingane til fagfolk og leiarar og krav til styra for sjukehusa.

Sjukehustalen 2024 er Kjerkol sin tredje tale som helse- og omsorgsminister.

Les også Har spart for lite til nye sykehus i Oslo: – Det som skjer i Helse Nord er et varsel

Oslo universitetssykehus, Ullevål

I forkant av talen var det venta at Kjerkol skulle ta opp finansiering av nye sjukehus og at det skulle koma avklaringar om situasjonen i Helse Nord.

NRK forklarer

Hva er helse-foretaksmodellen?

Hva er helse-foretaksmodellen?

Eies av «selskap»

Norge har en helseforetaksmodell. Det betyr at sykehusene eies av foretak, selskaper, eid av staten.

De drives i stor grad som private selskap, men kan ikke gå konkurs fordi de er statseid.

Modellen styres av lov for helseforetak.

Hva er helse-foretaksmodellen?

Sånn fungerer det

Norge er delt opp i fire helseregioner: Nord, Vest, Midt-Norge og Sør-Øst.

Hver region har sitt eget regionale helseforetak.

Hver av de regionale helseforetakene eier flere helseforetak.

Hvert helseforetak driver flere sykehus eller behandlingssteder.

Hva er helse-foretaksmodellen?

Noen eksempler

Forvirrende? Her er eksempler:

  • Helse Nord eier både Nordlandssykehuset, Finnmarkssykehuset og Universitetssykehuset Nord-Norge
  • Helse Sør-Øst eier blant annet Oslo universitetssykehus, Sørlandet sykehus og Sykehuset Innlandet
Hva er helse-foretaksmodellen?

Sykehus og foretak

Helseforetakene har ofte sykehus i navnet, men mange av dem driver mange sykehus:

  • For eksempel er både Ullevål sykehus og Rikshospitalet en del av Oslo universitetssykehus.
  • Og både sykehuset på Stokmarknes og sykehuset i Bodø tilhører Nordlandssykehuset.
Hva er helse-foretaksmodellen?

Sånn er organiseringa

Staten

Regionale helseforetak (som Helse Nord, Helse Vest)

Helseforetak (Oslo universitetssykehus, Nordlandssykehuset)

Enkeltsykehus (som Drammen sykehus, Ullevål)

Hva er helse-foretaksmodellen?

Krav om sparing

I loven for helseforetak stilles det krav om at helseforetakene skal ha egenkapital som står «i forsvarlig forhold til foretakets virksomhet.»

Enkelt forklart betyr det at helseforetakene er forplikta til å ha penger på konto. Har de for lite penger, må de finne tiltak som gjør at de får mer penger - spare mer. De må også ha penger til egenkapital hvis de trenger lån til store investeringer.