Hopp til innhold

Helge vart kreftfrisk gjennom forskings­prosjekt: – Har betydd alt

Nytt senter i Bergen vil gje pasientar raskare, mildare og meir treffsikker behandling.

Helge Hansen har fått kontroll på blodkreften gjennom eit forskingsprosjekt.

KREFTFRISK: Helge Hansen har fått kontroll på blodkreften gjennom eit forskingsprosjekt.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Det har blitt mange turar inn dørene på Haukeland universitetssjukehus for Helge Hansen (70) det siste året.

I januar 2023 fekk han påvist blodkreftforma akutt myelogen leukemi. Prognosane var ikkje gode.

Som dei fleste som får denne diagnosen vart han sett på cellegift. Den tolte han dårleg.

– Eg fekk blodpropp, lungebetennelse og feber. Ein gong klarte eg ikkje å gjere greie for meg sjølv, seier Hansen. Han seier behandlinga tok alle kreftene han hadde.

Men det kan vere andre vegar ut av sjukdomen enn den Hansen og dei fleste andre med hans kreftform vert sett på i dag.

Vil spare pasientar for den tyngste behandlinga

I laboratoriebygget på sjukehuset jobbar dei med å kunne tilby ein meir treffsikker behandling.

NRK har tidlegare fortald om forskinga som kjapt kan gje svar på om mildare behandlingar kan fungere for einskildpasientar.

Forskar Benedicte Sjo Tislevoll, UiB

Forskar Benedicte Sjo Tislevoll jobba med personleg diagnostisering då forskinga vart presentert i fjor.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

No vert det oppretta eit senter som skal jobbe for at fleire skal få tilbod om tilpassa behandling.

I tillegg til finansiering frå Universitetet i Bergen har stiftinga KG Jebsen bidrege med 21 millionar kroner.

– Målet vårt er å dette senteret er å presse fram ein ny type diagnostikk for kreftpasientar. Ein diagnostikk med større presisjon, seier Bjørn Tore Gjertsen. Han er kreftforskar og professor ved UiB.

– Vi skal la enkeltcellene gje oss svar på kva behandling dei responderer på. Då kan me spare mange for den tyngste behandlinga.

Særleg eldre pasientar slit ofte med biverknadene frå til dømes cellegift.

Malariamedisin mot blodkreft

Men kva er alternativa til cellegift?

Det er fleire kjende medikament forskarane kan måle effekten av på pasientane sine kreftceller.

I tillegg jobbar dei med å teste ut nye, både nyutvikla medisinar og kjende preparat.

– Vi held mellom anna på å teste ut ein malariamedisin, og ein epilepsimedisin. Begge viser lovande resultat, seier Gjertsen.

Professor Bjørn Tore Gjertsen, UiB

Bjørn Tore Gjertsen, professor i blodkreft.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

I utgangspunktet jobbar forskarane på senteret mot myelogen leukemi. Dei trur arbeidet har direkte overføringsverdi til fleire kreftformer, som prostatakreft og lungekreft.

– Men vår type diagnostikk er overførbar til alle typar kreftformer. Neste steg for senteret blir å jobbe for at den blir vanleg, seier professoren.

Gjertsen trur det nye senteret vil kunne vere ein samlingsstad for verdas fremste forskarar på feltet.

Behandling utan biverknader

For Helge Hansen snudde det då han fekk personleg diagnostisering gjennom forskingsprosjektet i mai 2023.

Då fekk han tilbod om ulike medisinar, spesielt tilpassa han. Mellom anna fekk han ein tablett som først seinare har blitt godkjend som behandlingsmetode.

Han kunne så få transplantasjon med stamceller få beinmarg i november.

Kontrollen på Haukeland i dag er positiv. Behandlinga har teke kontroll over sjukdomen. Kreftcellene i blodet er i ferd med å forsvinne.

– Eg har ikkje hatt nokon biverknade. Det har betydd alt for meg å vere med på dette, seier bergensaren.

Legene meiner han er eit godt eksempel på kva dei prøver å få til på det nye KG Jebsen-senteret.

Framleis er mange medisinar som kan ha effekt særs dyre, eller manglar nødvendig utprøving.

Men kanskje vert eit senter i Bergen heilt sentralt for eit skifte i korleis mange kreftformer vert behandla.

Laboratoriebygget ved Haukeland Universitetssykehus.

Her i Laboratoriebygget på Haukeland skal det nye senteret ligge.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK