Hopp til innhold

Helsetoppar meiner at fakkeltog får styre for mykje av helsepolitikken

Sjukehusdirektørane i Oslo og Bergen fryktar det store biletet går tapt om politikarane let seg påverke av aksjonsgrupper.

Fakkeltog for norske sykehus utenfor Stortinget

Det har vore mange fakkeltog mot nedlegging eller omstrukturering i helsesektoren. Dette er frå utanfor Stortinget.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Han har mange vanskelege prioriteringar framfor seg, Eivind Hansen. Direktøren i Helse Bergen veit mange av avgjerdene kjem til å bli upopulære.

Slik er det i mange helseføretak landet rundt. Og folk kjemper for at deira tilbod ikkje skal bli råka, med aksjonar og fakkeltog.

Budsjetta vert trongare. Mogelegheitene for ny og dyr behandling, og dyr medisin, vert fleire. Det kan bli mangel på fagfolk, og nye krav til kva sjukehusa skal levere.

Hansen ser debattar om sentralisering, desentralisering, prioritering av somme pasientgrupper, nedprioritering av andre.

Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen

Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen, er budd på harde prioriteringar.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Han er budd på at innstillingar vert møtt med protestar, aksjonar og fakkeltog. Og fryktar at dei får styre for mykje når politikarar skal gje sine føringar.

– Tidvis kan det bli slik at avgjerder baserer seg for mykje på ein opinion, og ikkje på faktagrunnlag. Fakkeltog og aksjonar kan vere viktige korrektiv. Men det er ikkje alltid slik at summen av fakkeltog gjev ein god heilskap.

Fakta og heilskap

Hansen får støtte frå Oslo.

På direktørkontoret på Ullevål deler sjefen for Oslo universitetssjukehus utfordringane dei opplever på Haukeland i Bergen. Han har og den same uroa for at heilskapen skal gå tapt.

Direktørane for dei to største sjukehusa i landet seier dei fleire gonger har diskutert problemstillinga seg imellom.

Bjørn Atle Lein Bjørnbeth, direktør i Oslo universitetssjukehus, meiner det er heilt naudsynt å gjere omprioriteringar i helsevesenet sjølv om dei kan vere upopulære.

– Eit fakkeltog fører til at ei sak vert belyst frå ein kant. Men ei sak har fleire sider. Eit fakkeltog får mykje merksemd. Det som er viktig er at dei som tek avgjerder gjer det uavhengig av fakkeltoga.

Både Bjørnbeth og Hansen er redd for at politikarar i for stor grad overstyrer avgjerder og prioriteringar gjort ute på sjukehus og helseføretak.

Fakkeltog for sjukehus i Hamar

I fjor haust kjempa folk i Hamar for å bevare sjukehuset i byen.

Foto: NRK

Helseministeren svarer

Berre dei siste vekene har det vore fakkeltog mot kutt i rusbehandling i Bergen, i akuttfunksjonar på sjukehuset i Flekkefjord og mot eit dårlegare tilbod i Egersund.

Helseministeren er i Lofoten i dag. Dei kjempar dei mot nedbygging av sjukehuset på Gravdal.

Ingvild Kjerkol (Ap) seier ho forstår at folk reagerer og finn fram faklane. Ho opplever at mange no bur seg på kamp.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) ble møtt av sykehusaksjonister i Lofoten

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) har møtt mange demonstrantar.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Blir politikarar for mykje påverka av fakkeltog og aksjonistar?

– Det er mange som ønskjer å påverke politikarane og det er ein del av demokratiet vårt. Stortinget har heldigvis ramma inn ansvaret til ein helseminister ganske greitt. Det er eg som har ansvar for sjukehusa i heile Noreg, og derfor må vi prøve å ta vare på heilskapen.

– Kva påverknadskraft har aksjonistar på politikarar i dag?

– Dei seier veldig tydeleg at helsetilbodet er viktig for dei. Helsetilbodet er viktig for meg også og det er derfor eg er helseminister, for å vareta helsetenestene i dag og i morgon, og om 5, 10 og 15 år.

Forstår at folk tenner faklane

Sjukehusdirektørane i Bergen og Oslo er tydelege på at fakkeltog kan ha ei viktig rolle. Dei kan få fram konsekvensar av avgjerder som elles ikkje ville ha blitt synlege.

Dei meiner det er forståeleg at folk kjemper for tilbod som er relevante for seg.

Samstundes er dei uroa for at det vert slik at dei gruppene som har dei sterkaste stemmene vinn fram, medan andre vert gløymde.

Hansen og Bjørnbeth ser at det er ulike utfordringar på ulike stader i landet. Dei er opptekne av at dei uttaler seg på generell basis, og ikkje om konkrete aksjonar.

Likevel meiner dei at dei kan sjå ei uheldig utvikling der politikarar for fort tek side med aksjonistar.

– Vi kan etterlyse eit fakkeltog for heilskapen, seier Bjørnbeth i OUS. – Heilskapen er det viktig å vareta, og det er den vi er sett til å passe på.

Bjørn Atle Lein Bjørnbeth, administrerende direktør Oslo Universitetssykehus

Bjørn Atle Lein Bjørnbeth, adm. direktør ved Oslo universitetssjukehus.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK