Hopp til innhold

Solange fekk hjelp til å kaste hanskane. No spreier «Bergens­metoden» seg til heile verda

Norsk behandling for angst og tvangslidingar blir tilbode i stadig fleire land. – Det er eit eventyr, seier klinikksjefen.

Solange Villalba

BLEI FRI: Solange Villalba i Houston kunne endeleg kvitte seg med hanskane ho brukte for å halde smitten vekke. – Det var ein overveldande kjensle av fridom, seier ho.

Foto: Bjarne Hansen / UiB

Ei bøn om hjelp for ein son, ein ektefelle eller for seg sjølv.

Innboksen til Bjarne Hansen er full av dei.

Kvar gong eit medium har vore på besøk i hjørnekontoret i Møllendalsbakken i Bergen, kjem brev og e-post frå folk som seg 4-dagarsmetoden som ein mogeleg veg ut av ein fortvilande situasjon.

– Det gjer vondt å lese. Ofte er det vanskeleg å gje desse eit tilbod. Samstundes viser det at arbeidet vi gjer er viktig, seier psykologen, som leier senteret «the Bergen 4-day treatment» i Helse Bergen.

Psykologiprofessor Bjarne Hansen vert ofte kontakta med bøn om hjelp.

Bjarne Hansen får mange brev frå folk som vil fly til Bergen for å bli behandla her.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Hovudfokus no er å kunne spreie behandlingsmetoden til stadig nye land.

Ei tildeling frå Kavli-fondet gjer at han i løpet av året skal drive opplæring i Kenya og Ecuador. Frå før er behandlinga tilgjengeleg i USA, Tyskland, Island og Singapore og mange fleire land rundt om på globusen.

Dermed vil Bergensmetoden bli tilbode i alle verdsdelar.

Samarbeider med Harvard

Det har gått over ti år sidan NRK først fortalde om behandlingsmetoden, som gjer folk friske frå psykiske lidingar på kort tid.

Interessa for metoden eksploderte. Forskarane bak vart mellom anna kåra til å vere mellom dei viktigaste personane innan helse i verda.

Les også Martin blei kvitt angsten på fire dagar – nå skal suksessen ut til heile landet

Martin Mikkelsen spiller gitar etter å ha gjort ferdig firedagersbehandling

Bjarne Hansen har brukt mykje av dei siste åra til å reise rundt til ulike land for å lære opp nytt personell frå ulike helsevesen.

– Vi har eit strengt system for kvalitetssikring. Heldigvis ser det ut til at å ha gode og stabile resultat sjølv om landa og kulturane kan vere annleis, seier psykologiprofessoren.

Denne veka har han vore ved Harvard-universitetet i USA, som dei har eit samarbeid med.

– Helsevesen i ulike land er likare enn vi ofte trur. Det hender at vi får utfordra våre fordommar mot ulike land når vi reiser rundt, innrømmer psykologiprofessoren.

Gunnar Rolland

NRK har tidlegare fortald om Gunnar Rolland som vart frisk frå sine tvangslidingar etter over seksti år.

Foto: Ole-André Lagmandokk

Har kasta hanskane

På kontorveggen i Bergen heng ein fotomontasje Hansen sjølv har teke.

Den er frå ein tidleg behandlingsrunde i Houston, Texas, med Solange Villalba, ein kvinneleg pasient som grunna tvangstankar blant anna gjekk med hanskar for å beskytte seg mot smitte.

No er ho fri frå lidinga.

– Det var ein overveldande kjensle av fridom. Eg blir framleis gripen når eg tenkjer på det. Behandlingsprogrammet var heilt fantastisk for meg, seier ho til NRK.

Solange Villalba

Solange Villalba hadde prøvd det meste. Men tvangstankane hadde teke over livet. Mellom anna måtte ho gå med hanskar for å beskytte seg mot smitte.

Solange Villalba

I 2019 fekk ho prøve "the Bergen Method" heime i Houston, Texas. Ho fekk hjelp til å kaste hanskane.

Solange Villalba

Ho klarte å løsne håret som ho var så redd for skulle kome bort i noko smittsamt.

Solange Villalba

– Det var ei kjensle av enorm fridom. Forferdeleg skummelt, men og heilt fantastisk. Eg er for alltid takksam for behandlinga eg fekk.

Solange Villalba

Igjen våga ho å berøre sine nære. Villalba seier ho klarer å halde seg frisk i dag ved hjelp av det ho lærte under dei fore dagane med behandling.

For Hansen betyr og bileta mykje.

Historia til Solange er ein av mange.

For Hansen og dei andre behandlarane gjev dei motivasjon til å halde fram arbeidet.

– Det er jo eit eventyr, på ein måte. Det veldig mange behandlarar som er interesserte i ta å ta dette i bruk.

Og veldig mange menneske som har eit håp om å bli friske gjennom ein metode utvikla i Bergen.

Les også Anorektikere romantiserer sykdommen

Ida Myrsve på jobb