Hopp til innhold

Grensene er stengt – så no skal June og Marie plante tre

Norsk ungdom skal redde treplantene som hopar seg opp – om dei får det til. Over heile landet vert det no halde kurs i treplanting.

Skogplanting i Gloppen

LÆRER Å PLANTE SKOG: June Elvebakk Engeset har vore med på skogplanting før, medan det for Marie Ravnestad Mykland (t.h.) er heilt nytt.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Eg trur me er berga med arbeidskraft. Me finn flinke folk, seier Ruben Bøtun, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap.

Han står i eit plantefelt på Søreide i Gloppen kommune i Vestland, ein av fleire stader der det blir halde kurs i treplanting no i mai.

På eit hogstfelt ved Mjøsa dukka Ap-leiar Jonas Gahr Støre opp.

– No blir skognæringas behov for arbeidskraft og unges behov for arbeid kopla. Da kuttast utslepp, jobbar skapast og vi sikrar skogen, skriv han på Facebook.

Ein rapport frå det sveitsiske universitetet ETH i Zürich seier at treplanting kan fjerne heile to tredjedelar av menneskeskapte utslepp.

Innreiseforbodet gjer at det ikkje er nok folk til å plante skog. I drivhuset til Arne står meir enn tolv millionar treplanter og ventar på at nokon kan ta seg av dei.

TOLV MILLIONAR: Innreiseforbodet gjer at det ikkje er nok folk til å plante skog. I drivhuset til Arne står meir enn tolv millionar treplanter og ventar på at nokon kan ta seg av dei.

Foto: LARS ERIK SKREFSRUD

– Uerfaren, norsk ungdom er ikkje raske nok

I april vedtok Stortinget eit tilskot på 1,50 kroner per plante – for å stimulere til at fleire ungdommar tar seg sommarjobb med å plante skog.

NRK har tidlegare i vår fortalt om millionar av treplanter som stod i fare for å rotne på rot som følgje av strengare innreisereglar.

Arnt Laukeland er instruktør på kurset i Gloppen. Han trur det er mogleg å få ut plantane innan slutten av juni.

– Det er litt meir jobb å lære opp så mange ungdommar, men dei er lærevillige, seier han.

Bøtun i Sogn og Fjordane Skogselskap sluttar seg til:

– Nordmenn kan absolutt vera gode til å plante, seier han.

Skog- og utmarksforvaltar Stein Ivar Tønsberg i Stangeskovene åtvara tidlegare i år om at norsk ungdom ikkje ville vere i stand til å fylle skoa til dei utanlandske arbeidstakarane som vanlegvis gjer jobben.

– Uerfaren, norsk ungdom er ikkje raske nok, sa han.

– No blir skognæringas behov for arbeidskraft og unges behov for arbeid kopla. Da kuttast utslepp, jobbar skapast og vi sikrar skogen, seier Støre.

UNGES BEHOV: – No blir skognæringas behov for arbeidskraft og unges behov for arbeid kopla. Da kuttast utslepp, jobbar skapast og vi sikrar skogen, seier Jonas Gahr Støre.

Foto: Arbeiderpartiet

– Vi venner oss til importert arbeidskraft

På Verieide i Nordfjord sette Bærbonde John Elling Vereide sin lit til at regjeringa vil opne grensene for sesongarbeidarar i år også.

– Eg håper at vi har gjengen på plass når det nærmar seg jonsok, seier han.

I fjor opna regjeringa grensene for «for sesongarbeidarar frå EØS-land som skal jobbe i landbruk, gartneri, skogbruk og matindustri.»

I år har det ikkje kome slike signal.

Nils Kristen Sandtrøen er landbrukspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.

Han kallar det eit tankekors at «vi venner oss til å bruke lågt betalt og importert arbeidskraft».

Han legg til at norsk ungdom er meir enn flinke nok til å gjere jobben. Berre dei får sjansen.

– Vi må gje dei moglegheit til å tileigne seg praktisk og fagleg forståing, har han sagt til NRK.

– Me er motiverte!

13-åringane June Elvebakk Engeset og Marie Ravnestad Mykland i Gloppen er mellom dei har meldt seg på kurs og vil bruka ettermiddagar og kveldar på å planta skog.

– Det er fint å vera ute i naturen og samstundes tena litt pengar, seier dei.

Eva Linn Fossheim har også meldt seg på kurset.

Ho seier at det å jobbe utandørs var ein viktig del av motivasjonen.

– Dette klarar me. Det gjeld å stå på litt og ha litt arbeidsmoral, smiler ho.

Skogplanting i Gloppen

LÆRER Å PLANTE: – Dette klarar me, smiler Eva Linn Fossheim. Ho deltok på skogplantekurset i Gloppen.

Foto: Benedikte Grov / NRK