Hopp til innhold

Fjerner sitkagran: – Gir færre leveområde for det som skal leve

Lindesnes kommune vil ha vekk sitkagran, som veks fort og skygger for andre naturlege tre og vekstar.

Sitkagran Furulunden

Plan har vore å hogge ned 370 kubikk med sitkagran i Furulunden i Mandal.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

– Viss du går inn i ein sitkagranskog, så ser du at der er det veldig lite anna som lever, seier naturforvaltar i Lindesnes kommune Lars Berg Holtan.

Han er i det populære turområdet Furulunden i Mandal.

Der har mange sitkagraner nå fått kjent på motorsaga.

For grana, som kan bli over 50 meter høg, er ikkje ønska.

– Sitkagrana er veldig god til å vekse fort, og viss ho får lov til å stå fritt og etablere seg, skygger ho for ein del annan naturleg vegetasjon. Da blir det færre leveområde for det som skal leve, seier Holtan.

  • Her kan du lese om korleis Sitkagrana tok over Øya Silda i Nordfjord:

Les også Trea som tok over øya

Sitkagran på Silda

Ein framand art

Sitkagran er ein framand art i Noreg.

Ifølge Wikipedia kjem ho frå vestkysten av USA og Canada. Ho blei innført til Europa på slutten av 1800-talet. Hovudgrunnen var at ho skulle gi hogsttømmer.

Sitkagrana hamna på Furulunden i Mandal då kommunen planta ho der på 60-talet.

Sitkagran Furulunden

Furulunden er eit populært turområde.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Turgåar Geir Sjølingstad har fått med seg utfordringane med sitkagran og er glad for at kommunen tar grep.

– Eg synest det er veldig bra at dei ordnar opp i gamle synder, seier han.

Geir Sjølingstad

Geir Sjølingstad synest det er bra at sitkagran blir fjerna frå Furulunden i Mandal.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Kjemper mot sitkagran stader i landet

Det har blitt kjempa ein kamp mot sitkagran fleire stader i Noreg.

I 2020 blei det for eksempel fjerna tusenvis på Lista. Trea som i si tid blei planta der for å gi vern mot vêr og vind, blei ein stor trussel mot naturen.

Les også Aukande interesse for lauvskog i Agder

Økende interesse for lauvskog

Ifølge Fremmedartslista 2023 er sitkagran vurdert til å «medføre svært høg økologisk risiko som følge av stort invasjonspotensial og stor økologisk effekt».

Der står det også at ho har negative økologiske effektar på ulike naturtypar, og dessutan negativ påverknad på fleire sjeldne og/eller trua artar knytt til det opne kystlandskapet.

Les også Agderskog vernes: – Jeg er glad

Storvokst eikeskog i Heptedalen naturreservat i Kristiansand kommune.

– Godt dei ordnar opp i gamle synder

Planen har vore å hogge ned 370 kubikk med sitkagran i Furulunden i Mandal, og dessutan på eit felt på Risøbank.

– Vi høgg ut det vi kan vi og så satsar vi på å få reetablert naturskogane så godt som mogleg, seier Holtan.

Sitkagran Furulunden

Naturforvalter i Lindesnes kommune Lars Berg Holtan synest det blir finare å gå tur på Furulunden i Mandal nå.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %