Hopp til innhold

Planteentreprenør: – Uerfaren, norsk ungdom er ikkje raske nok

Norsk ungdom har ikkje nok tid og er heller ikkje effektive nok for å kunne vere med på den store skogplantinga som må skje no i vår. Det meiner ein av dei største skogplanteverksemdene i Noreg.

Sten Ivar Tønsberg, Skog- og utmarksforvalter Stangeskovene.

VONAR PÅ LØYSING: Sten Ivar Tønsberg i Stangeskovene AS meiner at regjeringa bør sleppe til utanlandsk arbeidskraft til skogplanting.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi har behov for å få inn profesjonell arbeidskraft. Ein som kan jobben, gjer det mykje raskare enn ein som ikkje kan det. Slik er det med det meste.

Det seier skog- og utmarksforvaltar Stein Ivar Tønsberg i Stangeskovene AS. Dei plantar ikkje berre i sine eigne skogar, men også for om lag 110 andre skogeigarar.

Vanlegvis får dei hjelp av utanlandsk arbeidskraft, men regjeringa vil ikkje sleppe inn folk i landet til desse arbeidsoppgåvene.

I staden vil både Stortinget og regjeringa at norsk ungdom skal ut i skogen og gjere jobben. Skogeigarane vil no få eit tilskot på 1,50 kroner for kvar plante.

Kapasitetsproblem

Men dette er ikkje nok for å få ut dei om lag 30 millionar skogplantene som skulle ha vore sett i jorda frå mai til slutten av juni i år. Uerfaren ungdom jobbar rett og slett ikkje raskt nok.

– Kapasiteten til ein heilt fersk skogplantør er jo 400–700 planter om dagen. Ein erfaren plantør plantar mellom 1000 og 2000 planter om dagen, litt etter korleis plantefeltet ser ut, seier Tønsberg.

Han peikar på at dei gjerne brukar norsk ungdom, men at det blir nærast umogleg for dei når skulane ikkje er ferdige før plantesesongen.

– Når talet arbeidstimar gjennom døgnet blir sterkt redusert, så seier det seg sjølv at vi får eit stort problem med å dekke opp det plantebehovet som faktisk er om vi berre skal bruke norsk ungdom.

Skogplanting

VIKTIG SPIRE: Kvart år skal millionar slike planter setjast ut i skogsfelt over heile landet. Det er lovpålagt.

Foto: Sten Ivar Tønsberg

– Viktig for klimaet

Han meiner at det må gå an å få til eit kompromiss der skognæringa får ta inn framand arbeidskraft til dei største oppgåvene og at dei kan bruke norsk ungdom i dei lettare tilgjengelege områda.

Tønsberg i Stangeskovene meiner at det ligg tungtvegande grunnar bak dette. Ikkje minst fordi skogeigarane etter lova er pliktige til å plante ny skog.

Eit anna argument er klima. Han peikar på at auka skogplanting er ein villa politikk for å sikre meir Co₂-binding.

– Planting er eit viktig tiltak i klimadebatten. Det er definert som eit så viktig tiltak at vi får tilskot for å plante tettare. Plantar vi ikkje til rett tidspunkt, så blir det færre planter per dekar.

– Betre enn ingenting

Geir Pollestad (Sp) er leiar i næringskomiteen på Stortinget.

Han peikar på at det er regjeringa som avgjer kva bransjar som får lov å ta inn framandarbeidarar under pandemien.

– Eg forstår eg at dei gjerne skulle hatt dei arbeidarane som dei alltid har hatt. Men det er regjeringa som styrer kven som skal få kome inn i landet, då gjer vi det beste ut av det. Vi håpar i alle fall at dette er betre enn ingenting, seier Pollestad.

Sten Ivar Tønsberg meiner derimot at politikarane er naive om dei trur at norsk ungdom skal vandre med freidig mot ut i skogen i vår.

– Det er ein flott tanke og mange vaksne har jo vore med på å jobbe med skogplanting i ungdomen. Men dette er nok i overkant optimistisk, meiner Tønsberg.