Hopp til innhold

Arne har fleire millionar treplantar – men nesten ingen til å plante dei

Innreiseforbodet gjer at det ikkje er nok folk til å plante skog. I drivhuset til Arne står meir enn tolv millionar treplanter og ventar på at nokon kan ta seg av dei.

Arne Smedstuen 
Dagleg leiar Skogplanter Østnorge

I DRIVHUSET: På Biri dyrkar dei millionar av granplantar i året.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kvart år på denne tida blir fleire millionar granplantar sett ut i hogstområde over heile landet. Til vanlig er det mange gjestearbeidarar frå utlandet som gjer jobben, men i år slepp dei ikkje inn.

– Mange av arbeidarane kjem frå visumpliktige land. Når UDI ikkje behandlar visumsøknadar, så hamnar me i ein låst situasjon, seier Arne Smedstuen, dagleg leiar i Skogplanter Østnorge.

I drivhuset har han meir enn 12 millionar plantar. Dei er ferskvare og kan ikkje stuast vekk til betre tider.

– Om dei ikkje vert brukt no til våren, så må dei kastast, seier Smedstuen.

Granplanter på Biri

FULLE LAGER: Enn så lenge er kjøleromma fulle av plantar som er klare til å sendast.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Innreiseforbod og restriksjonar

I fjor fekk dei koronastøtte frå staten, og innreisereglane vart endra akkurat tidsnok til å få inn ny arbeidskraft. Smedstuen håpar regjeringa vil hjelpe til i år også.

Tysdag melde næringsminister Iselin Nybø (V) at «dei som har eit strengt nødvendig behov for personar for å halde verksemda i gang, kan søke om å få inn arbeidskraft».

Blant gruppene som vart nemnt var bedriftsleiarar, forskarar, idrettsutøvarar og skodespelarar.

Ikkje treplantarar.

Risikerer å kassere planter

– Mangelen på arbeidskraft er fortvilande, seier seniorrådgjevar Torgrim Østgård i Statsforvaltaren i Vestland.

Han seier at konkurrerande vegetasjon kan slå rot og at det er vanskeleg å gjere noko med etterslepet.

Han legg til at det er «veldig synd å måtte risikere å kassere mange planter».

– Dette vil også ha ei økonomisk bakside for næringa som vil kunne gi negative ringverknadar i verdikjeda i skogbruket.

Stort behov for arbeidskraft

– Me slit med å få tak i folk slik restriksjonane er no, seier Tom Kristian Kårstad, skogbruksleiar i Fjordtømmer som driv med planting av skog i Sunnfjord på vestlandet.

Foreløpig har han berre fått 10 prosent av dei treplantane han skal ha. Resten står i drivhuset på Biri.

– Det handlar om åta vare på jorda, seier han, og viser til skogplanting bind mykje CO₂.

I 2019 melde NRK om ein rapport frå det sveitsiske universitetet ETH i Zürich som sa treplanting kan fjerne heile to tredjedelar av menneskeskapte utslepp.

No ber både skogsaktørane og Statsforvaltaren i Vestland om at folk tek kontakt om dei har moglegheit til å jobbe med å plante tre.

Innreiseforbodet gjer at det manglar arbeidsfolk til å plante skog. I drivhuset til Arne står meir enn tolv millionar treplanter og ventar på at nokon kan ta seg av dei.

MILLIONAR: I drivhuset til Arne står meir enn tolv millionar treplanter og ventar på at nokon kan ta seg av dei.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / Lars Erik Skrefsrud

– Fleksibel og kjekk jobb

Brørne Amund og Steffen Laukeland har planta skog fleire somrar på rad. Dei er begge skuleelvar og fortel at jobben er fleksibel og betalar godt.

– Det er kjekt og naturnært arbeid, og i tillegg får me bidra til at skogen veks opp att, seier Amund Laukeland.

På ein vanleg arbeidsdag kan dei plante mellom 500–700 plantar. Det kan vere ein fysisk tung jobb, men det er det verdt, seier dei.

– Du tek eit kurs og får opplæring. Då er dette ein jobb for dei fleste om du legg inn ein innsats, seier Steffen Laukeland.

F.v. Amund Laukeland, Daniel Ravndal og Richard Vassliås.

SOMMARJOBB: Audun Laukeland og to skogplantekollegaer i mai i fjor.

Foto: Helge Kårstad / Kystskogbruket