Hopp til innhold

Forskarar usikre på effekten av gratis skulemat

Politikarar vil bruke milliardar på gratis skulemat, men forskarar er langt frå sikre på om det gjev betre læring.

Elevar får gratis skulemat ved skulen i Hyllestad

GOD STEMNING: Ein gong i veka får elevane ved Hyllestad skule gratis lunsj. Kamilla Nydal Espeland (til venstre), Mari Ness, Eirik Dale Salbu, Dana Mirzaei og Vanessa Yasuri Tribnio Fernandes (til høgre) synest det er heilt supert.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Ivrig forsyner tiandeklassingane seg med rykande varm spagetti og kjøttsaus og smør på bagettar.

– Det ser veldig godt ut, seier Sigve Dale nøgd og finn plassen sin i klasserommet.

Rundt han sit medelevane og munter prat spreier seg ilag med dufta av varm mat.

Ein gong i veka får elevane på Hyllestad skule i Vestland gratis lunsj.

elevar på hyllestad skule får gratis mat ein gong i veka

Dana Marzaei (nummer to frå høgre) får ikkje alltid i seg frukost og synest det difor er ekstra fint å få mat på skulen. Her med Eirik Dale Salbu (til venstre) Gabriel Ølmheim Ulvik og Kamilla Nydal Espeland.

Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

– Det er veldig bra. Vi blir mette og får mykje god mat servert, seier Dale.

Kvar sjette ungdomsskule gir elevar ei form for skulemat. Det syner Folkehelseinstituttet (FHI) sine tal frå 2020.

I Hyllestad har dei hatt gratis skulemat i tre år. På den tida har miljøet på skulen betra seg, fortel lærar Morten Askvik.

– Den verkar også motiverande og bidreg til auka læring. Det trur vi i alle fall, seier Askvik.

elevar på hyllestad skule får gratis mat ein gong i veka . lærar morten askvik og elev Dana Mirzaei

Lærar Morten Askvik og elev Dana Mirzaei lagar lunsj til ungdomsskulen. Ifølge Askvik merkar han godt på elevane som ikkje får i seg mat. – Vi merkar også at dei gler seg veldig over måltidet, seier han.

Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

Han får støtte av rektor Kristin Eimind, som også peikar på at elevundersøkinga deira viser dette.

– Veit for lite om kva gratis skulemat har å bety

Regjeringa har lova gratis skulemat, men det er enno ikkje sett av pengar til dette.

I 2019 skisserte Ap ein prislapp på 3 milliardar kroner. Kva gratis mat vil koste i dag, kan ikkje Ap svare på.

Les også Regjeringen lovet gratis skolemat – lite har skjedd

IDo98C5XBGs

Og sjølv om gratis skulemat er noko mange vil ha, så veit forskarane for lite om effekten av det.

– Mange har meiningar om gratis skulemat; at det skal betre kosthaldet, læringa og jamne ut sosiale ulikskapar. Men vi veit ikkje om det stemmer.

Det seier Arnfinn Helleve, forskar i FHI og leiar for senter for evaluering av folkehelsetiltak.

I Noreg er det gjort nokre få og små studiar. FHI vil difor ha meir forsking på temaet. Det store spørsmålet er om gratis skulemat vil få fleire elevar til å gjere det betre på skulen.

– Vi har ikkje dei store studiane som eintydig slår fast at det å gi gratis mat dagleg har den effekten mange ønskjer, seier Helleve.

hyllestad sentrum

Hyllestad skal bruke 550.000 på gratis skulemat i år. Ordførar i Kjell Eide (Ap) seier dei har nok av ting å bruke pengar på, som til dømes ny asfalt. Men at dei synest pengane er vel så viktige å bruke på dei unge.

Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

Mange land har gratis skulemat. Forsking der viser at elevar får eit betre kosthald, læring og deltaking.

Men denne forskinga kan vi ikkje ta inn i norske klasserom, seier Helleve. Det er fordi dei fleste i Noreg har eit ganske bra kosthald frå før.

– Betra elevane sine vanar

Noko av den norske forskinga står professor Frøydis Nordgård Vik ved Universitetet i Agder for.

Der deltok 164 elevar i Skolematprosjektet i Agder. At det var forholdsvis få elevar med er noko ein må ta omsyn til når ein tolkar resultatet, fortel ho.

Forskarane konkluderte i 2019 med at eit gratis brødmåltid betra elevane sine matvanar på skulen.

Les også Forsker om gratis skolemat: Utjevner sosiale forskjeller

Matboks med brødskive med salami, leverpostei, tomater, paprika og gulerot på skole.

Elevar som hadde foreldre med lågare utdanning åt sunnare enn før. Denne endringa fann ikkje forskarane hos elevar der foreldra hadde høg utdanning.

– Derfor kan vi seie at skulematprosjektet indikerer at gratis skulemat kan verke sosialt utjamnande, seier Nordgård Vik.

Ho meiner også at meir forsking over tid vil vere nyttig.

Det er det også andre som ser behov for.

Helsedirektoratet seier dei måtte bruke utanlandske studiar då dei nyleg la fram ein rapport om skulemåltid.

Forsvarar pengebruken

Ap har lenge lova gratis skulemat, men enno er løftet i det blå. Dette fordi partiet vil ha meir kunnskap om korleis det skal organiserast.

Det seier Elise Waagen, utdanningspolitisk talsperson i Ap.

Hyllestad skule serverer gratis mat ein gong i veka

Mange skular serverer gratis skulemat. Meir rolege og konsentrerte elvar, samt betre sosialt miljø, er tilbakemeldingane som kjem, ifølge Arbeidarpartiet. Dei vil ha gratis skulemat på alle skular.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

– Forskar Arnfinn Helleve seier vi ikkje har nok studiar til å slå fast alle dei positive effektane ein trur gratis skulemat har. Er det då rett å bruke så mykje pengar på dette?

Helsedirektoratet anbefaler oss å få dette på plass fordi gode matvanar startar tidleg. Men også vi ønskjer meir forsking, seier Waagen.

Ap vil ta pengar frå helsebudsjettet, og ikkje skulebudsjettet, for å få dette til.

Så sjokkerte blir svenske barn når de ser norsk lunsj

– Treng ikkje meir forsking

Mina Gerhardsen, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsa, meiner vi veit nok om at gratis mat på skulen er bra for elevane.

Her kan du høyre radiosaka om gratis skulemat og effekten av det.

– Vi treng neppe meir forsking for å vere sikre på at det er bra for barn å få et sunt måltid i løpet av skuledagen.

For Utdanningsforbundet er ikkje skulemat på prioriteringslista over kva som er viktigast.

Det seier leiar Steffen Handal.

– Vi ser sjølvsagt at mette barn lærer betre og er ikkje mot skulemat. Men ei skulematordning må ikkje takast frå skulebudsjetta, seier Handal.

Dei meiner nok lærarar er den viktigaste faktoren for elevar si læring.

Les også Skolemat-undersøkelse: Matpakke med grovbrød ruler

Kristoffer Bakken, Erik Larsen, Sofie Overland