Hopp til innhold

Folkemøte om vindkraft vart til atomkraft-ja

Onsdag opnar Energikommisjonen for norsk kjernekraft på sikt. Stemningsskiftet har alt skapt bølgjer ute i kommunane.

GIRA PÅ DETTE: Folket i Høyanger skulle sist veke diskutere vindkraftplanar. Fire timar seinare var forsamlinga meir gira på kjernekraft. Illustrasjon: Slik ser britiske Rolls-Royce for seg at deira små, modulære kjernekraftverk (SMR) kan bli om få år.

GIRA PÅ DETTE: Folket i Høyanger skulle sist veke diskutere vindkraftplanar. Fire timar seinare var forsamlinga meir gira på kjernekraft. Illustrasjon: Slik ser britiske Rolls-Royce for seg at deira små, modulære kjernekraftverk (SMR) kan bli om få år.

Foto: Rolls-Royce

Det er måndag 23. januar og samfunnshuset i Høyanger er stappfullt. Så mange har møtt opp at arrangøren har tatt i bruk ekstra rom for å få plass til alle.

Tema for møtet er vindkraftplanane for Snøheia, fjellområdet mellom Høyanger og Viksdalen i Sunnfjord.

Men før møtet er over skal rammene for møtet bli tøygde.

Når dei tilreisande reiser seg for å gå heim att – fire timar etter møtestart – har dei vedteke to fråsegn om at den vesle kommunen må utforske eit alternativt energispor: kjernekraft.

Uttalen vart vedteke av ei einstemmig forsamling (du kan sjå møtet her).

Folkemøte i Høyanger

Folket i Høyanger skulle sist veke diskutere vindkraftplanar. Fire timar seinare var forsamlinga meir gira på kjernekraft.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kjernekraft er eit langt betre alternativ

Eviny-direktør Olav Osvoll, som var invitert for å orientere om vindkraft-planane, prøvde å protestere mot kjernekraft-uttalen, før han vart orientert om at han ikkje har stemmerett.

Eg tok ikkje denne avstemminga seriøst, seier Osvoll til NRK.

Men det gjer medlem i Alternativ Energikommisjon, Hogne Hongset, som fremja forslaget.

Eg hadde håpa på fleirtal, helst med god margin, og så vart det einstemmig! Det fortel at kjernekraft har fått større oppslutning, og at motstandarar av vindkraft ser at moderne kjernekraft er eit langt betre alternativ enn å byggje ned meir av det vi har igjen av urørt natur, seier han.

Blant norske kjernekrafttilhengarar vert «Høyanger-uttalen» motteke som eit symboltungt tidsskilje (sjå under).

Jonas Gahr Støre og Terje Aasland om forsyningssikkerhet for kraft

NVE-direktør Kjetil Lund (til venstre), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) presenterte sist veke ein rekke grep for å sikre at straumtryggleiken skal bli betre framover.

Energikommisjonen opnar for atomkraft

Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) har vore open om at vindkraftplanane har sett han i ein «ein helvetes spagat» og at han ikkje veit kva han skal meine.

No har han fått endå eit dilemma å handtere: Kor bunden er han av det som fann stad under folkemøtet?

Det var eit eksotisk innslag, og heilt utan forvarsel, seier han.

Han tek likevel «stuntet» (som han kallar det) så alvorleg at han vidareformidla det til energiminister Terje Aasland (Ap), som var på besøk i Høyanger dagen etter.

Onsdag 1. februar leverer Energikommisjonen rapporten sin til same statsråd, to månader på overtid.

Blant oppgåvene til kommisjonen er å foreslå tiltak for å auke energiproduksjonen.

Ifylgje Dagbladet, om har fått tak i delar av rapporten, opnar kommisjonen for at Noreg skal ha kjernekraft i framtida.

Kjernekraftverk i Florø eller Gulen

Så seint som i 2021 vart kjernekraft ikkje nemnt med eitt ord i stortingsmeldinga «Energi til arbeid».

I mellomtida har energikrisa ført til fornya debatt om norske energikjelder, og kasta om på etablerte frontar og vedtak.

Les også Europa vil heller ha atomkraftverk enn russisk gass

Olkiluoto 3

Symbolisert ved Energi21-rapporten og Fornybarplanen til Vestland fylke, som inneheld formuleringar om at «små modulære reaktorar» er «trygge», «konkurransedyktige» og ikkje langt unna («kan vere i drift på 2030-talet»).

Kunnskapsminister Ola Borten Moe (Sp), som tidlegare i vinter samanlikna Statkrafts hydrogenplanar med å hive dyrebar kraft «rett i dass», sørgde i fjor for at forskinga på kjernekraft vart tilgodesett med 25 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett.

2003 foreslo medlem i fylkestinget, Frank Willy Djuvik (Frp), at Noreg burde byggje kjernekraftverk, og at Florø eller Gulen ytst i Sognefjorden kunne eigne seg for produksjon og lagring av atomavfall.

Utspelet vart møtt med hovudristing og latterleggjering. No konstaterer han at det som var radikalt «har vorte mainstream».

– Møtet i Høyanger synleggjer at befolkninga har forståing for det store kraftbehovet, og at dei ønskjer andre alternativ enn nedbygging av norsk natur for å få det til, seier han.

Les også Ny klimaplan peikar på kjernekraft

Kjernekraft på havet

Kjernekraft vil ikkje løyse energimangelen

Historisk har atomdebatten vore kopla til spørsmål om identitet, og har hatt sterke motkrefter blant naturvernarar og på venstresida.

I eit intervju med Aftenposten seier administrerande direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, at debatten om kjernekraft er «bortkasta».

Det norske samfunnet vil aldri akseptere det, seier han.

Les også Straumprisane gjev nytt liv til ideen om bølgjekraft: – Kan vere ein joker i energikrisa

Bølgekraft

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) har på meir pragmatisk grunnlag vist til at teknologien ikkje er moden.

– Nye modulære anlegg er framleis berre på pilotstadiet, og ikkje aktuelle for den norske kraftforsyninga, sa han til Nettavisen på laurdag.

Hroar Holm Carlsen i Høyanger Høgre avviser kjernekraft-forslaget på same grunnlag: Spørsmålet om kraftforsyning er akutt, og kjernekraft er ikkje eit raskt nok svar.

Kjernekraft vil ikkje løyse energimangelen som vil hende innan 5–7 år. Det tek mykje lengre tid å få dette på plass. Vindmøller er derimot ein ganske rask veg til meir straumproduksjon, iallfall om dei blir lagde i eit område med nærleik til høgspentlinjer med overskotskapasitet, slik som i Høyanger-fjella.

«Vil du at Norge skal bygge moderne kjernekraft hvis det medfører at strømprisen blir redusert?»

Fagfolk er uenige om atomkraft er en del av løsningen på klimaproblemet.

Fagfolk er ikkje samde om atomkraft er ein del av løysinga på klimaproblemet.