Hopp til innhold

Ny klimaplan peikar på kjernekraft

Fornybarplanen til Vestland inneheld for første gong ein eigen bolk om kjernekraft. Det vekkjer både glede og uro.

Kjernekraft på havet

VIKTIG ROLLE: «Kjernekraft kan ha ei viktig rolle som stabiliserande grunnlast i eit system der delen ikkje-regulerbar fornybar kraft aukar». Det er ordlyden i den nye fornybarplanen i Vestland fylkeskommune

Illustrasjon: Egil Ursin / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den nye fornybarplanen i Vestland fylkeskommune peikar på ulike teknologiar «som kan vere aktuelle for planperioden».

Planen, som er den fyrste i sitt slag, presiserer at «det er ingen konkrete planar om kjernekraft i fylket», men legg til at små modulære reaktorar (SMR) er «svært trygge», «konkurransedyktig på pris» og at «dei første kan vere i drift på 2030-talet».

Eg tolkar det som at fleire og fleire får opp auga for kor viktig kjernekraft er i energimiksen, seier medlem i fylkestinget, Frank Willy Djuvik (Frp).

I 2003 foreslo han at Noreg burde byggje kjernekraftverk, og at Florø eller Gulen ytst i Sognefjorden kunne eigne seg som stadar for produksjon og lagring av atomavfall.

Utspelet vart møtt med hovudristing og latterleggjering. No konstaterer han at det som var eit radikalt forslag «har vorte mainstream».

Det er synd at det tok så lang tid, og at det måtte ei energikrise til før folk fekk opp auga for potensialet til kjernekraft, seier han.

Frank Willy Djuvik

Frank Willy Djuvik (Frp) vil ha kjernekraftverk i nærleiken av Sognefjorden.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Andre kjelder NRK har vore i kontakt med uttrykker uro og redsle over kor «husvarm» kjernekrafta har vorte.

Det er ganske oppsiktsvekkjande at fylkeskommunen vel å omtale kjernekraft på ein så ukritisk måte. Eg får gratulere kjernekrafttilhengjarane med vellykka lobbyarbeid, seier Truls Gulowsen, som er leiar i Naturvernforbundet.

Kampen mot kjernekraft har også vore ein del av DNA-et i SV:

Kampen mot atomkraft og atomvåpen heng tett saman. Eg er difor svært skeptisk til at kjernekraft er kommen inn i planen, seier Marianne Sæhle, som er fylkestingsrepresentant i Vestland SV.

Er du bekymret for avfallet fra kjernekraftverk?

Ein symboltung del av miljørørsla

I stortingsmeldinga «Energi til arbeid», som stakar ut ein kurs for energinasjonen Noreg, er kjernekraft ikkje nemnt med eitt ord.

Men det siste året har energikrisa ført til fornya debatt om energikjelder, og kasta om på etablerte frontar og vedtak.

Finland starta tidlegare i år opp sin første nye atomreaktor på 40 år, og for kort tid sidan bestemde Tyskland seg for å forlengje drifta til to kjernekraftverk.

Ei «innrømming» som sat langt inne sidan kampen mot atomkraft har vore ein symboltung del av den tyske miljørørsla og «ikonografien til forbundsrepublikken» heilt sidan 70-talet.

NRK forklarer

Hva er kjernekraft?

Hva er kjernekraft?

Kjedereaksjon

Et kjernekraftverk baserer seg på en kjedereaksjon av fisjon. Fisjon betyr å dele. I dette tilfellet er det atomkjerner som skal deles. Hvorfor skal de deles? 

Hva er kjernekraft?

Deling gir energi

Når en atomkjerne deles (spaltes) frigjøres det energi. Denne energien brukes til å varme vann. Hvorfor varme vann? 

Hva er kjernekraft?

Dampturbin

Når vannet varmes vil det til slutt koke. Dette frigjører vanndamp. En turbin er koblet på. Den vil begynne å snurre. Turbinen er igjen koblet på en generator som produserer strøm. 

Hva er kjernekraft?

Avfall?

Et kjernekraftverk spyler hele tiden ut masse hvit røyk. Dette er vanndamp. Men det produseres også radioaktivt avfall som må lagres. Noen mener dette er et problem, andre ikke. 

Den norske atomdebatten har ikkje vore like tett kopla til spørsmål om identitet, men har historisk hatt sterke motkrefter blant naturvernarar og på venstresida.

Øyvind Strømmen, som representerer MDG i fylkestinget, seier fornybarplanen «synleggjer at debatten om kjernekraft er i endring, også i Noreg».

I overgangen frå eit fossilavhengig samfunn til eit fossilfritt samfunn trengst ny kraftproduksjon, og etter mitt syn er det på sin plass å nemna ny kjernekraftteknologi i den samanheng, seier han.

Ikkje opplagt at kjernekraft er ein god idé i Noreg

Leiar for hovudutval for næring at Vestland fylke, Tor Andre Ljosland (KrF) viser til at «kjernekraft er ein vanleg del av energimiksen i nabolanda våre», men presiserer:

Eg trur verken KrF eller eit politisk fleirtal i fylkeskommunen er i nærleiken av å gi nokre klarsignal for kjernekraft, og det legg heller ikkje høyringsutkastet opp til.

I ein spørjeundersøking gjort av Norstat svarar nær halvparten av nordmenn under 40 år at dei ønskjer kjernekraft velkommen.

NVE-direktør Kjetil Lund vil «ikkje vil blande seg inn i klimaplanen til Vestland fylkeskommune», men seier det «er bra at eksisterande kjernekraft no likevel ikkje blir lagd ned i fleire europeisk land».

Om kjernekraft er ein god idé i Noreg, er likevel ikkje opplagt. Vi har verken institusjonane, erfaringane eller kompetansen. Og vi har allereie tilgang til mykje utsleppsfri og stabil kraft frå andre kjelder.

Fleire næringsparkar «skrik etter kraft»

Norsk Kjernekraft AS, som vart stifta i juli, orienterte tidlegare i haust Stråleverndirektoratet om at dei ynskjer å byggje små modulære reaktorar i løpet av «åtte til ti år». Tidlegare i november vart det kjent at selskapet etablerer seg i Kristiansand.

NRK har tidlegare skrive om næringsparkar som «skrik etter kraft» og korleis «industribedrifter over heile landet vert heldt tilbake av mangel på kraft».

I det lyset verkar det svært fornuftig ikkje å lukke døra til kjernekraft, seier Jonny Hesthammer, som er styreleiar i Norsk Kjernekraft.

Han legg til:

Ein annan fordel med kjernekraft er at det krev minimalt med areal. Vestland har vakker og sårbar natur, og modulære reaktorar tek ikkje meir plass enn eit fotballstadion.