Hopp til innhold

Skeptiske til atomkraftverk

LO ynskjer ikkje ei satsing på atomkraft i Sogn og Fjordane. Dei deler skepsisen med mange.

Kjernekraftverk i Olkiluoto, Finland

LO ynskjer ikkje at Sogn og Fjordane skal få atomkraftverk slike som dette i Olkiluoto i Finland.

Foto: JACQUES DEMARTHON / AFP

For å møte etterspurnaden etter straum ynskjer Frp i Sogn og Fjordane å byggje atomkraftverk i fylket.

Distriktssekretær i LO Arvid Langeland er sterkt skeptisk til forslaget. I Sogn og Fjordane ser folk ut til å dele den oppfatninga.

Høyr radiosaka her (saka held fram under innslaget):

Fører ingen stad

Arvid Langeland

Distriktssjef i LO Arvid Langeland ristar på hovudet over forslaget om atomkraft i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Frank Willy Djuvik

Fylkesleiar i Frp Frank Willy Djuvik meiner ei satsing på atomkraftverk vil vera framtidsretta.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Langeland seier forslaget er useriøst. Han trur ikkje dette er vegen å gå:

– Atomkraft er ikkje noko folk i Sogn og Fjordane, eller Noreg for den del, vil ha som energikjelde. Det er eg heilt overtydd om, seier Langeland.

Heller ikkje mange innbyggjarar i fylket ser ut til å ynskje ei satsing på atomkraftverk:

– Det ser eg helst at dei ikkje gjer, seier ei dame på gata i Førde.

Atomkraft vel så trygt

Djuvik meiner førestillingane om atomkraft som ei utrygg energikjelde er gamaldagse. Han seier teknologien har kome langt:

– Eg vil hevde atomkraftverk i dag er vesentleg mykje tryggare enn oljeinstallasjonane våre i Nordsjøen, seier Djuvik.

Djuvik legg vekt på at eit atomkraftverk ligg langt fram i tid. Han seier Frp dessutan vil satse vidare på fornybar energi.

Feil fokus

Langeland i LO meiner Frp bør leggje denne diskusjonen daud. Han seier utspelet frå Frp er eit blindspor, og tykkjer partiet heller kan fokusere meir på fornybar energi.

– Dei kan konsentrere seg om samarbeidet kring utbygging av vindkraft. Det er riktig satsing, avsluttar Langeland.